Det er brunt og svart – igjen

På fleire felt har kvinner det betre enn menn. Mykje betre enn menn. Kanskje ikkje så mange som tenkjer noko over det, men det hender eg gjer det. Så, rett blikket nedover – litt til – der. Fottøy som går under namna sko, støvlar, støvlettar – der er det ikkje så mykje å skryta over på herresida. Ikkje er det dei heilt store variasjonane i utforminga av ulike skor, og når det gjeld fargar, så skal det godt gjerast å finna noko anna enn svart og nokre nyansar av brunt.

Herreskor i ulike fargar

Unntaket frå desse triste fargane er crocs og crocsimitasjonar, og til dels joggesko. No er det jo dei som meinar at crocs ikkje er sko men dei burde jo visa oss ein ting: Menn er ikkje redde for fargar. Så kvifor ikkje tore vera meir eventyrlystne og laga til litt fleire variasjonar av herreskor? Du finn jo all slags fargar i same materiale for dameskor, så det burde ikkje vera noko problem.

Tilsvarande er det for støvlar, der grønt, blått og svart er det normale. Einsfarga, evt. med eit par kvite striper. Slik har det jo vore i alle år, så kvifor endre på det? At skohandlarar fortel om at det har blitt mange menn etter kvart som etterlyser støvlar som både er mønstrete og har sprekare fargar, har ikkje hatt noko å seia for tilbodet.

Når det er slik at det er minimalt å velja mellom, så er det jo ikkje særleg freistande å kjøpa meir enn akkurat det ein må. Økonomisk sett sparar ein jo litt på det, men kvifor ikkje gje same valfridom til menn som til kvinner her? Kvifor skal ikkje menn få matche sko, klede og anna tilhøyr? Er det nokre som trur at menn ikkje bryr seg så mykje om korleis dei ser ut?

Badesesongen…

Badesesongen har kanskje ikkje vore så framtredande her i sør i det siste, men det er inga årsaking for ikkje å vera forberedt. Dessutan, med alt dette snakket om global oppvarming og aukande havnivå er det grunn god nok til å sikra seg fornuftig fottøy uansett.

High Tide Heels

Så spørst det då, om dei finst i min storleik, eller om eg får det vanlege problemet… 😕

Sko-frustrasjonar

Alle har me eit forhold til sko, på eitt eller anna vis. Du kan vera likegyldig, kresen, sjå på det som eit naudsynt onde eller elska sko. Sko kan òg vera ei kjelde til frustrasjon.

Mitt forhold til sko er – variert. Eg likar slanke, elegante sko, gjerne litt eleverte i bakkant. Med litt hæl, altså. Ser eg på herresko så er det lett å finna sko som passar, men for min del synest eg flesteparten er breie og klumpete. At sko er breie for å gjera plass til breide føter er greit nok – men kvifor den dumme centimeteren med såle utanfor? Den er til stades på alt for mange sko.

Hælar på herresko finst det òg, men sjeldan høgare enn eit par centimeter. Eg fann eit par for ikkje så lenge sidan med rundt 5cm hæl, men det var eit par ting som drog ned inntrykket: Med sånn brei såle stikkande langt utanfor overlæret var han ikkje særleg elegant — og så såg han kjedeleg ut òg. Skal kanskje ikkje pirka for mykje på det siste punktet, for herresko er generelt kjedelege. Herresko kjøper ein fordi ein treng nokre sko, ikkje fordi ein vil variere litt.

Men er det så mykje betre på damesida då? For min del er det kanskje vel så mykje frustrasjonar der… Joda, det er masse fint, elegant og stilig, men damesko sluttar jo vanlegvis i storleiken 40-41, sjeldan over. Det er dumt, fordi eg brukar vanlegvis nr. 42, av og til må eg opp i 43. Ikkje uventa må eg difor sjå med lengsel på mange par sko eg skulle likt å hatt, men som ikkje finst i min storleik.

Slikt er frustrerande for meg, og fleire med meg. Snakkar eg med ekspeditørar i skobutikkane, så kan eg ana litt frustrasjon der òg – dei skulle gjerne hatt større storleikar inne, men er dei med i kjeder så må dei ta til takke med dei pakkane dei får tilsendt, og dei pakkane inneheld ikkje så mange store nok sko. Dette trass i at dei som arbeider i butikkane legg merke til at det er fleire og fleire kvinner med store føter, og som er ute etter elegante sko. Slike sko forsvinn gjerne fort, i nr. 42.

Dei skoa butikkane gjerne har igjen eller får i min storleik, er slikt som dei sjølve gjerne kallar “tantesko” eller “konesko” – låge, solide sko som skal tåla litt vekt, men kanskje litt gammaldagse i utsjånad? For eldre “koner” og “tanter”? Ikkje ein stil som først og fremst tiltalar meg.

Ã… bestilla via postordre er jo råd, frå butikkar som spesialiserer seg på store sko, eller som har større utvalg. Har kjøpt slik éin gong med godt hell, men eg er likevel litt skeptisk til å kjøpa slikt utan å prøva skoa først. Er ikkje alltid like lett å veta kva storleik eg faktisk må ha. Men alt er jo ikkje berre trist heller, då. Eg har fått meg litt sko etter kvart likevel, og flesteparten med litt høg hæl. Og apropos høge hælar:

Nemi: Høge hælar = Bambi on ice

Eg har alltid vore litt forundra over alle dei som seier dei aldri ville vore i stand til å gå i høge hælar – har aldri hatt problem med det eg. Ikkje ein gong aller første gongen eg prøvde. Kanskje det har noko å gjera med at eg greier å strekka ut foten ganske bra? Det skal jo vera viktig for ballettdansarar som vil halda balansen når dei står på tå.