Hamskifte

Av og til er det godt å skifta ham

Det er brunt og svart – igjen

PÃ¥ fleire felt har kvinner det betre enn menn. Mykje betre enn menn. Kanskje ikkje sÃ¥ mange som tenkjer noko over det, men det hender eg gjer det. SÃ¥, rett blikket nedover – litt til – der. Fottøy som gÃ¥r under namna sko, støvlar, støvlettar – der er det ikkje sÃ¥ mykje Ã¥ skryta over pÃ¥ herresida. Ikkje er det dei heilt store variasjonane i utforminga av ulike skor, og nÃ¥r det gjeld fargar, sÃ¥ skal det godt gjerast Ã¥ finna noko anna enn svart og nokre nyansar av brunt.

Herreskor i ulike fargar

Unntaket frå desse triste fargane er crocs og crocsimitasjonar, og til dels joggesko. No er det jo dei som meinar at crocs ikkje er sko men dei burde jo visa oss ein ting: Menn er ikkje redde for fargar. Så kvifor ikkje tore vera meir eventyrlystne og laga til litt fleire variasjonar av herreskor? Du finn jo all slags fargar i same materiale for dameskor, så det burde ikkje vera noko problem.

Tilsvarande er det for støvlar, der grønt, blått og svart er det normale. Einsfarga, evt. med eit par kvite striper. Slik har det jo vore i alle år, så kvifor endre på det? At skohandlarar fortel om at det har blitt mange menn etter kvart som etterlyser støvlar som både er mønstrete og har sprekare fargar, har ikkje hatt noko å seia for tilbodet.

Når det er slik at det er minimalt å velja mellom, så er det jo ikkje særleg freistande å kjøpa meir enn akkurat det ein må. Økonomisk sett sparar ein jo litt på det, men kvifor ikkje gje same valfridom til menn som til kvinner her? Kvifor skal ikkje menn få matche sko, klede og anna tilhøyr? Er det nokre som trur at menn ikkje bryr seg så mykje om korleis dei ser ut?

5 comments

5 Comments so far

  1. wander August 26th, 2007 22:17

    Dere slipper stort sett Ã¥ trykke føtter nedi smale, trange sko med høye hæler for Ã¥ liksom se pyntet og fine ut i hvert fall dere da…

  2. betty42 August 26th, 2007 23:25

    De lilla var rååååååå

  3. Monica August 27th, 2007 0:10

    wander: Det gjeld berre å kjøpa skor i rett storleik, i følgje menna på High Heel Lovers. Ivrige som dei er etter å gå med høge hælar har dei no litt erfaring, dei òg.

    Betty: Er det noko rart eg kunne ønska meg noko meir enn brunt og svart Ã¥ velja mellom? 😉

  4. Odin/Velmont August 27th, 2007 11:18

    Hmmm. Eg hev berre eit par sko um gangen. Dvs. eit til kvart høve.

    1) Normale sko (brukar eg umtrent alltid)
    2) Festsko
    3) Fjellsko
    4) Dårleg vêrsko

    Wow! 4 stk! So eg hev vel ein god del skor då.

  5. Monica August 27th, 2007 18:20

    Ingen sandalar? Det bere må eg ha, elles kan eg bli så alt for varm på beina i finveret. Sjølv denne sommaren.

    Eg for min del har vel 7 par, kun i sandalar… (Andre skor kjem i tillegg.)