Ikkje alle likar rosa…

…men det kan få dei i godt humør.

Det var tysdag kveld det, eg bestemte meg for at neste dag, då skulle eg vera rosa. Så eg måtte jo forbereda meg litt, med å lakka neglene i ein passande farge eller to. Det gjorde eg. Og så gjekk eg og la meg.

Onsdagen kom, og eg slengde på meg ein lys, rosa genser. Augeskuggen, den var sjølvsagt rosa, og litt lett rosa leppestift høyrde med, òg. Neglene, dei var sjølvsagt knall rosa, med ei tynn stripe i mørkare rosa som gjekk diagonalt over dei. Ikkje så mykje arbeid, men det vert så mykje betre og litt ekstra med neglene på den måten. Og så var det på jobb, då.

Me er i eit lite kontorfellesskap, og då ein kvinneleg kollega kom på jobb og såg meg, så bobla det over med ein trillande latter. Kven var det som gjekk i rosa slik, lurte ho. Vel, eg foreslo jo meg, og damer eg. Min mannlege kollega i starten av 40-åra foreslo faktisk òg 42 år gamle menn. Ingen protestar kom på det. Trur ikkje ein gong ho prøvde å protestere, men ho var i alle fall i godt humør resten av dagen.

Akkurat det var noko ho faktisk trengte òg, den dagen, fortalde ho meg seinare. Ho hadde fått litt dårleg nytt, og noko kjedeleg som måtte gjerast. Kjedeleg, i tydinga “mindre hyggeleg”. Då var det godt at det finst slike som meg, som kan spreia litt glede i kvardagen, på ein god måte. 🙂

Vel, kva kan eg seia? Mission accomplished!

Arbeidsoppgåve: Å lakkere neglene mine

Lakkerte negler

Det er i vitseteikningar og komediar me helst ser dei: Sekretærane som er meir opptekne av å fila og lakkere neglene sine enn av å ta i mot kundar og elles gjera arbeidet sitt.

No skal ikkje eg påstå at det er slik i det verkelege livet, trass i overskrifta eg brukar her. Eg er nemleg ikkje sekretær.

Eg skal heller ikkje ha det på meg at eg ikkje tek vare på kundane våre, heller tvert om. Kunden eg no har i tankane har nemleg negledesign som sitt arbeidsområde, og som grafisk designar var det opp til meg å utforma ei brosjyre for dei. Bilete skulle takast, tekst skulle inn, og det vart i grunnen fint. Men… av dei neglelakkane eg hadde inne var det fire nye fargar – og korleis skulle desse framhevast?

No hadde allereie kunden kommentert at eg har fine negler, så å lakkere desse i dei nye fargane, det var ein god idé. Det var rett nok min idé, men eg kunne altså så absolutt gjera det, syntest kunden – det skulle bli bra.

Så då var det berre til å setja meg ned og lakkere neglene mine då. Som de kan sjå på biletet her, så tok eg den femte nagla på handa òg. Eg syntest tommelen fortente litt farge òg, sidan eg først var i gong, så då vart det fem ulike fargar på neglene. Alt for kunden, veit de. 😉