{18. April, 2008}   Ikkje alle likar rosa…

…men det kan få dei i godt humør.

Det var tysdag kveld det, eg bestemte meg for at neste dag, då skulle eg vera rosa. Så eg måtte jo forbereda meg litt, med å lakka neglene i ein passande farge eller to. Det gjorde eg. Og så gjekk eg og la meg.

Onsdagen kom, og eg slengde på meg ein lys, rosa genser. Augeskuggen, den var sjølvsagt rosa, og litt lett rosa leppestift høyrde med, òg. Neglene, dei var sjølvsagt knall rosa, med ei tynn stripe i mørkare rosa som gjekk diagonalt over dei. Ikkje så mykje arbeid, men det vert så mykje betre og litt ekstra med neglene på den måten. Og så var det på jobb, då.

Me er i eit lite kontorfellesskap, og då ein kvinneleg kollega kom på jobb og såg meg, så bobla det over med ein trillande latter. Kven var det som gjekk i rosa slik, lurte ho. Vel, eg foreslo jo meg, og damer eg. Min mannlege kollega i starten av 40-åra foreslo faktisk òg 42 år gamle menn. Ingen protestar kom på det. Trur ikkje ein gong ho prøvde å protestere, men ho var i alle fall i godt humør resten av dagen.

Akkurat det var noko ho faktisk trengte òg, den dagen, fortalde ho meg seinare. Hå hadde fått litt dårleg nytt, og noko kjedeleg som måtte gjerast. Kjedeleg, i tydinga «mindre hyggeleg». Då var det godt at det finst slike som meg, som kan spreia litt glede i kvardagen, på ein god måte. :)

Vel, kva kan eg seia? Mission accomplished!

Liknande innlegg:
Milliways: The Restaurant at the End of the Universe ⇐ ⇒ Adresse Beograd – høyrde eg rett?


Odin / Velmont skriv:
Gravatar

Ååå :D Hadde likt å sjå deg.



Monica skriv:
Gravatar

Hadde forresten på meg eit rosa sjal òg. Litt mørkare rosa, og med fleire små pompongar på endane. Det burde eg ha hugsa å nemna, for det var visst ekstra gøyalt. Det med pompongane, altså.

Men om eg kjem til å visa meg med det første, sånn at du får sjå…

Hmmm…



RSS feed for kommentarar til dette innlegget. - TrackBack URI

Skriv ein kommentar

XHTML: Du kan bruka desse taggane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

(Antispam - krav)


Av og til er det godt å skifta ham

  • Kalender

    April 2008
    M T O T F L S
    « Mar   Mai »
     123456
    78910111213
    14151617181920
    21222324252627
    282930  
  • Arkiv

  • Avstemmingar

    Sminke for menn?

    Sjå resultat

    Loading ... Loading ...
  • Sider

  • Hamskifte Mixteip

  • Kategoriar

  • Tilfeldig plukka

  • Siste innlegg

  • Siste kommentarar

  • Stikkordsky

  • RSS Siste frå Bloggrevyen

  • Opera 9.6 - Making you faster