Den store konspirasjonen

Kinesarane er på frammarsj, økonomisk og elles. Dei vil verkeleg ta over herredømet over alt, og dei gjer det på ein subtil måte – eller ville det, om ikkje russarane hadde vore så årvakne som dei er.

Planen var nemleg å verkeleg forvirre den oppveksande generasjonen, gjera dei usikre på om dei var normale eller ikkje, ved å utstyre dokkene for den russiske marknaden med kjønnsorgan. Feil type kjønnsorgan. Tenk på den panikken borna ville få ved å oppdaga at dei sjølve ikkje var skapt slik dokkene viser dei skulle vera. Ein generasjon forknytte menneske som skamfullt ikkje tør visa seg nakne for andre.

Dette er skræmande utsikter. Til alt hell vart dette oppdaga, og ei regional russisk avis trykte ei åtvaring om dei ondskapsfulle planane, og eit bilete som prov for planane. Til alt hell plukka englishrussia.com opp dette og informerte vidare. Sjølv fekk eg greia på det gjennom boingboing og Børge (Takk), og eg hadde jo ikkje noko anna valg enn å bringa åtvaringa vidare, slik at de godtfolk, kan passa godt på.

Til alt hell er det fotografiske materiellet òg tilgjengeleg for oss, så no skal me sjå her.

Først eit innscanna bilete av den årvakne regionale avisa :

1.jpg

Og enno tydlegare i neste bilete:

2.jpg

Pfft! Tullete russarar – dei dokkene ser då ut akkurat som dei skal?

Barnlege glede

Det skal ikkje alltid så mykje til for å ha det gøy i lag med små born, og få dei til å le godt. Innpakking, til dømes. Dei fleste av oss veit jo kor mykje ei pappøskje kan vera: Bil, båt, dokkehus, tidsmaskin, … Men så klart, enklare og mindre ting kan gjera det enklare å dela gleda. Ein del små leiker (og sikkert meir til) kjem innpakka i halvkuler som er sett saman til ei kule. Det gjer same nytten som ein ball ofte, og ballar er alltid populære.

For ikkje så lenge sidan hadde eg i tillegg til ei slik kule ein liten nevø på fanget, og kunne dela gleda over denne og det me kunne gjera i lag. Kasta kula att og fram mellom oss, til dømes, eller noko så enkelt som å gøyma ho under genseren og plystra litt heilt uskuldeg og sjå opp i lufta, som om ingenting skulle ha skjedd. Klassikar. Veldig moro for minstemann som slett ikkje vart lurt og visste godt kvar kula var, men han måtte jo få prøva sjølv òg. Ikkje fullt så moro kanskje, men gøy likevel.

Ein av fordelane med ei slik kule, framfor ein ball, er at kula kan gå i sundt. Det vil seie, ho kan dela seg opp i to halvdelar. Oftast ganske enkelt, og av og til når det ikkje var meininga. Men kva gjer vel det? I staden for ein trillund kul på magen vart det i staden to halvrunde kuler, og dei kunne eg flytta litt lengre opp…

Det var suksess det! Og denne gongen var guttungen rask med å riva opp genseren sin for å få halvkulene under, for deretter hoppa av fanget mitt og gå og visa seg til andre. I dette tilfellet var det mormor, som ikkje syntest det var like gøy, utan at guttungen vart noko særleg deppa av det.

Kvelden etter så sat han på fanget til pappaen sin, og leikte med same kula. Han delte ho ikkje i to, men første del utførte han perfekt: Under genseren med kula, sjå opp i lufta og plystra uskuldeg. Vel, kanskje ikkje akkurat plystra, men mimikken var der så absolutt. Absolutt herleg å sjå. 🙂

Leika med dokker

I dag hadde eg tenkt å ta meg i saman, og få skrive eit veldig seriøst innlegg her, om kjønn og sånt. Eit innlegg eg har utsett og utsett, men kva trur de det er som skjer? Joda, eg set meg ned og leikar med dokker i staden…

Greit nok, der er ikkje akkurat Barbie det er snakk om her, men digitale Candybar-dokker – du lagar dine eigne gute- og/eller jentedokker, med ulik frisyre, ansikt, auge, munn, klede … du kan stilla inn på det meste, og få det til å likna deg sjølv nokolunde. Eg skulle berre sjekka litt raskt kva det var for noko eg, men tida gjekk den…

Meg som dame
Meg som mann
Meg som mann igjen, fritidskledd

Det vart til at eg laga meg to dokker: Ei av meg som dame, og ei av meg som mann, med to ulike klesskift. Når eg ser på dei, så lengtar eg nok tydleg etter sol og varme no… Og eg har nok pynta litegranne på korleis eg ser ut. 😳

Det dumme med dette er at det ikkje var så heilt lett å lagra dokkene med Opera – eg sendte av garde ei lita melding til Opera-folka i håp om at dei finn ut av dette. Dei er jo flinke til det, både i samarbeid med dei som lagar websidene det er problem med og elles. Klart, om fleire finn ut at dei vil hinta frampå om problem så blir det kanskje prioritert høgare… 😉

Og – no byrja eg å lura på ein ting. Eg veit eg har ein del som er innom sidene mine og les no og då, nokre er sikkert dødsseriøse og veldig opptekne og sånt altså, men likevel: Kor mange vil prøva å laga dokker av seg sjølve, og kor mange vil visa i kommentarane her korleis resultatet blir? Eg kryssar fingrane og håpar det blir nokre eg. Så, ta turen innom eLouai’s Candybar Doll Maker 3 og ha det litt gøy då. 😀

Guteleiker?

porsche 356

Eg var i leikebutikkar i går for å kjøpa ein presang til eine nevøen min – det er jo slikt eg gjerne gjer når dei har fødselsdagar. Ikkje uventa var eg ikkje åleine i butikkane — det var òg ein del ungar der, med og utan foreldre. Ungane ville sjølvsagt ha masse av det dei såg, og bønene om å få det eine eller andre var meir eller mindre vellukka. Helst mindre.

Dei som fekk meg til å tenkja litt var foreldrene som var ute med dotter si. Ho var vel rundt 3-4 år, og skulle tydlegvis få eitt eller anna, så dei vandra rundt mellom reolane for å finna noko passande som ho ville ha. Dei vanlege innvendingane var der jo – det var for dyrt, eller det passa meir for dei som var eldre. Men så var det noko jentungen likte, men som mora ikkje syntest noko om. “Det er guteleiker. Det er sånt som gutane leikar med,” sa ho, og for bestemt vidare. “Og jenter,” prøvde faren seg med, men mora var like bestemt på at det der var guteleiker, og slikt noko skulle ikkje jenta ha.

Det var visst ikkje så farleg for jenta, ho traska glad vidare etter mora og såg på nye ting. Eg for min del var nyfiken på kva det var som hadde skapt store reaksjonar, så eg kikka rundt hjørna på reolen og fann – bilar. Det var dyre, radiostyrte bilar for litt eldre ungar, så både pris og alder kunne vera grunn til å seia nei, men i staden var det det at det er guteleiker som var det viktige.

Eg kunne i første omgang ikkje forstå kvifor det skulle vera så farleg om jenta likte bilar/guteleiker – særleg ikkje i våre dagar når det er lagt så mykje vekt på likestilling, like rettar og like mulegheitar. Rettnok har opphavet mitt fortalt meg at då eg var liten, så var den populære pedagogiske haldninga at gutar og jenter skulle få leika med dei same leikene – det skulle ikkje gjerast forskjell. Det var ikkje ein særleg vellukka pedagogikk … Eg hugsar at eg fekk plukka ut ei dokke til meg sjølv, men eg kan ikkje hugsa at eg nokon gong leika med ho. Men det er ein forskjell på å gi tradisjonelle jenteleiker til gutar og vice versa fordi det skal vera pedagogisk fornuftig, og å gjera det fordi ungane har lyst på det. I sistnemnde tilfelle er det interesse til stades.

Når det så er slik at t.d. ei jente har interesse for såkalla guteleiker, er det då rett å nekte ho det? I så fall, kvifor? Eg er nyfiken på kva haldningar ein legg til grunn, og kva haldningar ein i slike tilfelle lærer vidare til ungane. For å ha det sagt: La no ungane leika med det dei vil, meinar eg.