Hamskifte

Av og til er det godt å skifta ham

Barnlege glede

Det skal ikkje alltid sÃ¥ mykje til for Ã¥ ha det gøy i lag med smÃ¥ born, og fÃ¥ dei til Ã¥ le godt. Innpakking, til dømes. Dei fleste av oss veit jo kor mykje ei pappøskje kan vera: Bil, bÃ¥t, dokkehus, tidsmaskin, … Men sÃ¥ klart, enklare og mindre ting kan gjera det enklare Ã¥ dela gleda. Ein del smÃ¥ leiker (og sikkert meir til) kjem innpakka i halvkuler som er sett saman til ei kule. Det gjer same nytten som ein ball ofte, og ballar er alltid populære.

For ikkje så lenge sidan hadde eg i tillegg til ei slik kule in liten nevø på fanget, og kunne dela gleda over denne og det me kunne gjera i lag. Kasta kula att og fram mellom oss, til dømes, eller noko så enkelt som å gøyma ho under genseren og plystra litt heilt uskuldeg og sjå opp i lufta, som om ingenting skulle ha skjedd. Klassikar. Veldig moro for minstemann som slett ikkje vart lurt og visste godt kvar kula var, men han måtte jo få prøva sjølv òg. Ikkje fullt så moro kanskje, men gøy likevel.

Ein av fordelane med ei slik kule, framfor ein ball, er at kula kan gÃ¥ i sundt. Det vil seie, ho kan dela seg opp i to halvdelar. Oftast ganske enkelt, og av og til nÃ¥r det ikkje var meininga. Men kva gjer vel det? I staden for ein trillund kul pÃ¥ magen vart det i staden to halvrunde kuler, og dei kunne eg flytta litt lengre opp…

Det var suksess det! Og denne gongen var guttungen rask med å riva opp genseren sin for å få halvkulene under, for deretter hoppa av fanget mitt og gå og visa seg til andre. I dette tilfellet var det mormor, som ikkje syntest det var like gøy, utan at guttungen vart noko særleg deppa av det.

Kvelden etter sÃ¥ sat han pÃ¥ fanget til pappaen sin, og leikte med same kula. Han delte ho ikkje i to, men første del utførte han perfekt: Under genseren med kula, sjÃ¥ opp i lufta og plystra uskuldeg. Vel, kanskje ikkje akkurat plystra, men mimikken var der sÃ¥ absolutt. Absolutt herleg Ã¥ sjÃ¥. 🙂

Comments are off for this post

Comments are closed.