Ekstra heldig?

Ein gong tilbake i tidleg ungdom så leste eg ei bok om det å lesa i hendene. Eller kanskje fleire bøker, eg lånte fleire bøker om mykje rart i den tida, men det er nokre få ting som heng att frå det om å lesa i hender, blant anna linjene som fortel kor heldig du er som person.

3 linjer ved handleddet

Ved handleddet kan det vera opp til tre linjer tvers over, og det er altså desse som fortel kor heldig du er: Jo fleire, jo betre, og dei går frå null til tre stykke.

Eg for min del har 2,5-3 stykke – den i midten er tydeleg fram til midten, og så er ho svært svak vidare. Men, eg skal i følgje teorien vera ein heldig person då.

Grunnen til at eg kom til å tenkja på det, er at opphavet kom nedover på besøk, for å hjelpa meg med ei skikkeleg reingjering. Han skulle ta med seg ein dampvaskar som skikkeleg gjer veg i vellinga. Det gjorde han òg, men det som overraska meg, var definisjonen han og mammo må ha hatt på “reingjering.” Dei spanderte nemleg nye, større bokhyller med vitrinedører på meg. Og for å få møbleringa til å gå opp, så fekk eg nokre nye CD/DVD-hyller i same slengen. No står det berre att å rydda inn i hyllene og gruppere slik at eg lett finn det eg skal ha tak i. Det vert deilig! 🙂

Så – for min del så stemmer kanskje desse linjene? Rettnok har det skjedd ting eg ikkje ser på som særleg heldige tidlegare, men pyttsann. Eg er heldig, eg. Kva med deg?

Velbrukt er… gjerne slite

Boots

Ein eller annan stad har eg ei bok eg har lest, der hovudpersonen hamnar i ei verd der ting vert betre jo meir dei vert brukt. Diverre kjem eg ikkje på kva for ei bok det er, men eg trur forfattaren er L. Sprague de Camp. Uansett, av og til kunne det vore greitt å hatt det på same måten her.

Eg har hatt eit par svarte, høge støvlettar i lang tid. Høgt skaft, og greie hælar. Dei har vore gode på og halde bra, noko som berre har vore positivt, då det ikkje alltid er så lett å finna fine støvlettar i min storleik. Diverre er det jo slik i denne verda at ting vert meir slitne dess meir dei vert brukt. Ein ting er at støvlettar kan sålast om etter kvart som sålen vert slite ned, men her om dagen oppdaga eg at eg kunne sjå kva farge neglelakken på stortåneglene mine hadde, utan å ta av meg på beina. var det på tide å få meg nytt fottøy, fann eg ut.

Det var ikkje det beste tidspunktet å bli utan støvlettar på dette, sidan det har gått ut ein del tusen meir enn venta, og ein del tusen til skal snart gå same vegen (dvs vekk frå meg) så bankkontoen er ikkje særleg velfylt. Men – eg må ha godt fottøy i det vêret me har no, så det var berre å gi seg ut på ein liten runde i butikkane.

Eg var faktisk litt heldig: Den første butikken eg stakk innom var den eg hadde minst tiltru til, då dei svært sjeldan har noko i min storleik, men jammen santen hadde dei ikkje eitt par boots der. I min storleik. Dei var på salg òg, så eg kom svært rimeleg ut av dette. Kun ein hundrelapp fattigare, men til gjengjeld eit par boots rikare. Eg tok dei på meg i butikken og let personalet der kasta dei gamle støvlettane mine.

Greit nok, det var ikkje akkurat denne typen eg hadde sett for meg då eg gjekk ut, men til den prisen skal eg ikkje klaga. Då kan eg faktisk ha råd til eit par til ein gong seinare då, om eg skulle komma over noko fint. 🙂

Tradisjon?

Eg har vore med og opna luker i dei ulike julekalendrane nokre år no – at det er premiar å vinna har sjølvsagt vore ein medverkande årsak til dette. Uansett grunn så har det blitt ein tradisjon dette, å vera med og opna luker i kalendrane. Ein hyggeleg tradisjon, synest no eg.

Ein medverkande årsak til at det er så hyggeleg kan kanskje vera at eg faktisk har hatt litt hell med meg? Kvart år dei siste åra så har eg vore så heldig at eg har vunne eitt eller anna: Ryggsekk, dataspel, mobiltelefon, bok … Nesten så det hadde vore freistande å spørja “Kva blir det i år?” og ikkje “Blir det noko i år?” – men det skal eg ikkje gjera. Det er enno ein del dagar og luker att, men tradisjonen min med å vinna litt er allereie i boks. I dag fekk eg nemleg ein pakke i posten, frå Tine BA. Ein stegteljar.

Hyggeleg – eg hadde nemleg litt lyst på ein sånn ein. Einaste eitt problem med denne: Han virkar ikkje. Eg håpar det er noko så enkelt som at batteriet er uttappa, trass i at det var ei sånn liten plastfolie på plass som skulle beskytta batteriet mot akkurat det. Den folien virka nemleg ikkje så særleg lang då eg drog han ut…

Vel — eg må berre få meg eit nytt batteri og sjå korleis det går, og så … Så får eg gå! 😉

Oppdatering: Det var ikkje noko gale med batteriet – så då er det stegteljaren då. 🙁

20 kroner

Det er ikkje så mykje du kan få i dag for 20 kroner, seiest det. Ikkje fornuftige ting. Skjønt – kanskje det kjem an på korleis du investerer pengane? Følgjande episode tok stad i den perioden då eg hadde litt vel store problem med PC-en min, så eg har ikkje vore i særleg humør til å rabla ned dette før no, hyggeleg som det elles er.

På enkelte arbeidsstadar har dei av og til vinlotteri – så òg der eg arbeider. No trur du kanskje at eg vann ei flaske vin for desse 20 kronene, sidan eg finn det verd å skriva om denne episoden. Men det stemmer nok ikkje heilt, så berre ta det med ro og les vidare.

Men eg kjøpte altså lodd. For 20 kroner – i dette lotteriet vil det seia to lodd, og eg funderte lenge på kva loddbøker eg skulle ta lodda frå. Med fire ulike fargar å velgja mellom var ikkje det ei lett oppgåve – veka før hadde eg kjøpt rosa lodd, men då var det berre blå som vann. Men grøn var òg ein fin farge. Det vart eitt blått og eit grønt lodd på meg denne gongen, for å spre kapitalen litt. Vår betrudde kollega fór ut før lunsj og kjøpte inn vin for pengane som kom inn.

Vel, lunsjtida kom, og me samla oss alle rundt lunsjbordet – samtidig. Litt uvanleg det, men så er det ikkje kvar dag det er loddtrekning, då. Lodda våre hadde me lagt på bordet framfor oss, slik at me lett kunne sjå om me hadde vunne, og det var tid for å trekka. Ein av oss vart plukka tilfeldig ut til å trekka første loddet, og så ville vinnaren trekka neste lodd.

Ei flaske vart vunne, så vann sidemannen mi ei, og han trekte neste. Og jammen santen, så vann han ikkje på loddet han sjølv plukka ut. 2 vinflasker på rappen! No hadde han rettnok kjøpt lodd for meir enn 20 kroner då, men det var no bra utteljing likevel. Så plukka han opp enno eit lodd frå skåla eg heldt opp – og denne gongen vart vinnaren meg. Jada, eg veit eg sa eg ikkje vann ei flaske for dei 20 kronene mine, men ber over med meg – eg måtte jo halda på spenninga litt … 😉 Så var det min tur å trekka. Eg rota rundt nedi skåla og såg etter kva nummer det var, sa det høgt, men måtte berre le litt. Nei, det var ikkje sidemannen som hadde vunne enno ei, som nokre lurte på, men eg måtte jo følgja opp eg og. Det var det andre loddet mitt som hadde slått til…

Resten av flaskene vart spreidd jamt rundt bordet, men eg hadde altså fått full pott på mine to lodd. Det er vel ikkje så aller verst? Synest det var ei bra investering eg, denne gongen.

PS. Flaskene er ikkje opna enno, så om det er ei søte jente som har lyst å dela dei med meg over ein romantisk middag… 😉