{4. July, 2007}   Ekstra heldig?

Ein gong tilbake i tidleg ungdom så leste eg ei bok om det å lesa i hendene. Eller kanskje fleire bøker, eg lånte fleire bøker om mykje rart i den tida, men det er nokre få ting som heng att frå det om å lesa i hender, blant anna linjene som fortel kor heldig du er som person.

3 linjer ved handleddet

Ved handleddet kan det vera opp til tre linjer tvers over, og det er altså desse som fortel kor heldig du er: Jo fleire, jo betre, og dei går frå null til tre stykke.

Eg for min del har 2,5-3 stykke – den i midten er tydeleg fram til midten, og sÃ¥ er ho svært svak vidare. Men, eg skal i følgje teorien vera ein heldig person dÃ¥.

Grunnen til at eg kom til Ã¥ tenkja pÃ¥ det, er at opphavet kom nedover pÃ¥ besøk, for Ã¥ hjelpa meg med ei skikkeleg reingjering. Han skulle ta med seg ein dampvaskar som skikkeleg gjer veg i vellinga. Det gjorde han òg, men det som overraska meg, var definisjonen han og mammo mÃ¥ ha hatt pÃ¥ «reingjering.» Dei spanderte nemleg nye, større bokhyller med vitrinedører pÃ¥ meg. Og for Ã¥ fÃ¥ møbleringa til Ã¥ gÃ¥ opp, sÃ¥ fekk eg nokre nye CD/DVD-hyller i same slengen. No stÃ¥r det berre att Ã¥ rydda inn i hyllene og gruppere slik at eg lett finn det eg skal ha tak i. Det vert deilig! :)

SÃ¥ – for min del sÃ¥ stemmer kanskje desse linjene? Rettnok har det skjedd ting eg ikkje ser pÃ¥ som særleg heldige tidlegare, men pyttsann. Eg er heldig, eg. Kva med deg?

Liknande innlegg:
Ordre frÃ¥ legen: Sol deg topplaus! ⇐ ⇒ Kva farge har ein svart BH?


RSS feed for kommentarar til dette innlegget. - TrackBack URI

Skriv ein kommentar

XHTML: Du kan bruka desse taggane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

(Antispam - krav)


Av og til er det godt å skifta ham

  • Kalender

    July 2007
    M T W T F S S
    « Jun   Aug »
     1
    2345678
    9101112131415
    16171819202122
    23242526272829
    3031  
  • Arkiv

  • Avstemmingar

    Kjenner du ein transe?

    Sjå resultat

    Loading ... Loading ...
  • Sider

  • Hamskifte Mixteip

  • Kategoriar

  • Tilfeldig plukka

  • Siste innlegg

  • Siste kommentarar

  • Stikkordsky

  • RSS Glugg

  • RSS Siste frÃ¥ Bloggrevyen

  • Opera 9.6 - Making you faster