Fornying

Sony Ericsson K530iEg har i lengre tid no hatt lyst på ein ny mobiltelefon, ein litt meir moderne enn den gamle eg har. Sistnemnde har vore grei nok og gjort det han skulle, men i det siste har eg no og då fått beskjed om å slå av og på mobilen sidan SIM-kortet har forskyve seg, eller til og med slått seg av. Sjølv med godt batteri. Det vart jo litt irriterande etter kvart, og no i dag vart det for mykje.

Så eg gjekk ut i regnet, vart våt der eg gjekk rundt, og såg på dei ulike mobiltelefonane og kva tilbod det var. Hamna til slutt på Lefdal og fekk ei grei orientering om aktuelle modellar i prisklassn eg kunne tenkja meg, og med greie funksjonar. Det var jo med og utan 3G, batterikapasitet, mp3 og minne, kamera … Kunne jo vera kjekt med litt minne òg, til bilete og mp3-melodiar. Konsentrerte meg etter kvart om 3 ulike modellar, men kun ein av dei hadde behagelege tastar. Kor mykje minne var det som følgde med den? Nei, den kom ikkje med ekstra minne, men han kunne leggja ved eitt på 1 GB, utan tillegg i prisen. Eit godt tilbod, syntest seljaren, og eg var einig. Så det vart den, ein Sony Ericsson K530i. Og ein nøgd kunde, igjen. (Eg likar å handla her, alltid hyggelege og hjelpsame folk.)

Sidan eg skal ha med meg det gamle nummeret og overføra abonnementet, så kan eg ikkje ta telefonen i bruk med éin gong, men det overlever eg. Men når eg er oppe og går med han, så er det to store fordelar samanlikna med min gamle T230 av same produsent:

Første fordel: Mykje meir avansert, så eg får tilgong til fleire gøye ting. Inkludert det å bruka Opera Mini (den einaste nettlesaren som er brukande, i følgje seljaren. Sjølv om han sa Opera Mobile først – det er det han hadde på sin meir avanserte.) Kan vera greitt av og til å ha tilgang til nettet når eg er ute.

Den andre fordelen har litt samanheng med den første: Med den nye mobilen kan eg nemleg vera med i fleire konkurransar – der premiane ofte har vore nye… mobiltelefonar… Så spørst det då, kor attraktivt det er å vinna nye mobilar no. No er det jo ikkje noko eg treng, lengre. 😉

Uansett, eg gledar meg til å kunna ta han i bruk, og leika meg litt med han!

Manglar menn shoppinggenet?

Kvinne ute og shopparNo stiller eg vel eit unødvendig spørsmål i overskrifta – det er jo opplest og vedteke at menn manglar shoppinggenet. Menn likar ikkje å gå rundt i butikkar for å berre sjå, og kanskje handla noko om dei kjem over noko dei berre ha. Sånn er det berre.

Eller?

Når eg tenker meg om, så tek vel desse påstandane utgangspunkt i premissa frå kvinner — at menn ikkje likar å gå rundt i same typar butikkar som kvinner. Klesbutikkar er eit ynda døme på denne forskjellen: Kvinner kan gå rundt og sjå på klede i fleire timar, mens tidsforbruket til menn kan målast i minutt. Men er det så rart då?

Eg hugsar ein reklame for ei tid tilbake, ein mann som skulle ha seg nye gensrar. Ein med rund hals, ein med V-hals, og ein med høg hals. Inn i butikken, finn dei raskt, og det var det. Korleis kunne kvinner bruka så lang tid på den slags? Litt på spissen, men det er jo slik utvalget er i herrebutikkar og herreavdelingane: Nokre få typar gensrar, bukser, skjorter, nokre få fargar, av og til litt mønster — kor lang tid brukar ein på å sjå gjennom alt? Skal ein mann kle seg opp, så har han i grunnen berre eitt valg. Dress, blazer, jakke/bukse/skjorte — det er små variasjonar over same tema.

Flyttar du blikket over frå herreavdelingen til kvinneavdelingen, så er mengda det første som slår ein. Ikkje fordi det er så mykje fleire like plagg av kvart enn for menn, men fordi det er mange fleire variasjonar. Ei bukse er ikkje berre ei bukse – det finst utallige snitt, mange variasjonar i stoff, fargar og mønster. Same for gensrar, toppar, skjørt, kjolar… Skal ei kvinne kle seg opp så finst det òg mange valg. Det er råd å sjå på ulike variasjonar i selskapsklede i fleire timar. Ei kvinne kan òg – om ho vil – kle seg etter temperatur og vêr…

Så at ein mann går lei av å sjå på klede etter kort tid er ikkje så rart – det er grenser for kor lenge han likar å sjå på dei same plagga heile tida. Men om me ser på verktøy, elektronikk og tekniske duppedittar — slikt som tradisjonelt menn skal lika — korleis er biletet då? Joda, då kan mannen gjerne gå rundt og kikke — lenge. I alle fall så lenge han ikkje har dama med, for ho synest gjerne at slikt ikkje er interessant å bruka tid på …

At mannen manglar shoppinggenet stemmer vel ikkje heilt då, så lenge det finst nok av ting å shoppa rundt etter. Av interesse for han.