Hamskifte

Av og til er det godt å skifta ham

Fornying

Sony Ericsson K530iEg har i lengre tid no hatt lyst på ein ny mobiltelefon, ein litt meir moderne enn den gamle eg har. Sistnemnde har vore grei nok og gjort det han skulle, men i det siste har eg no og då fått beskjed om å slå av og på mobilen sidan SIM-kortet har forskyve seg, eller til og med slått seg av. Sjølv med godt batteri. Det vart jo litt irriterande etter kvart, og no i dag vart det for mykje.

SÃ¥ eg gjekk ut i regnet, vart vÃ¥t der eg gjekk rundt, og sÃ¥g pÃ¥ dei ulike mobiltelefonane og kva tilbod det var. Hamna til slutt pÃ¥ Lefdal og fekk ei grei orientering om aktuelle modellar i prisklassn eg kunne tenkja meg, og med greie funksjonar. Det var jo med og utan 3G, batterikapasitet, mp3 og minne, kamera… Kunne jo vera kjekt med litt minne òg, til bilete og mp3-melodiar. Konsentrerte meg etter kvart om 3 ulike modellar, men kun ein av dei hadde behagelege tastar. Kor mykje minne var det som følgde med den? Nei, den kom ikkje med ekstra minne, men han kunne leggja ved eitt pÃ¥ 1 GB, utan tillegg i prisen. Eit godt tilbod, syntest seljaren, og eg var einig. SÃ¥ det vart den, ein Sony Ericsson K530i. Og ein nøgd kunde, igjen. (Eg likar Ã¥ handla her, alltid hyggelege og hjelpsame folk.)

Sidan eg skal ha med meg det gamle nummeret og overføra abonnementet, så kan eg ikkje ta telefonen i bruk med éin gong, men det overlever eg. Men når eg er oppe og går med han, så er det to store fordelar samanlikna med min gamle T230 av same produsent:

Første fordel: Mykje meir avansert, sÃ¥ eg fÃ¥r tilgong til fleire gøye ting. Inkludert det Ã¥ bruka Opera Mini (den einaste nettlesaren som er brukande, i følgje seljaren. Sjølv om han sa Opera Mobile først – det er det han hadde pÃ¥ sin meir avanserte.) Kan vera greitt av og til Ã¥ ha tilgang til nettet nÃ¥r eg er ute.

Den andre fordelen har litt samanheng med den første: Med den nye mobilen kan eg nemleg vera med i fleire konkurransar – der premiane ofte har vore nye… mobiltelefonar… SÃ¥ spørst det dÃ¥, kor attraktivt det er Ã¥ vinna nye mobilar no. No er det jo ikkje noko eg treng, lengre. 😉

Uansett, eg gledar meg til å kunna ta han i bruk, og leika meg litt med han!

Comments are off for this post

Comments are closed.