Ulogisk?

Ein tanke slo meg brått her eg sat og filte neglene mine: Det seiest at kvinner frys lettare enn menn – i alle fall er det det eg har høyrt fleire gongar. Er det ikkje då litt ulogisk at i selskap, fine tilstellingar og slikt, så kler kvinnene seg lett og tynt, gjerne viser ein god del hud, mens menn kler godt på seg, gjerne i fleire lag (skjorte, vest, jakke – gjerne i tungt stoff) slik at minimalt med hud visest?

Utfordring

Av og til får eg — og fleire med meg — spørsmål som går på det å vera transe. Meir spesifikt om kvifor eg likar å gå i dameklede, og visa meg som dame, for eg er jo mann? Det er ikkje det heilt enklaste spørsmålet å svara på. Mange har prøvd på ulikt vis, men uansett forklaring så skaper det berre fleire spørsmål.

Difor har eg ei lita utfordring til alle som les her. Rett nok er det ikkje så mange som kommenterer, men eg kan jo håpa på det er ein del som får noko å tenkja på, i det minste. Så kan eg kryssa fingrane for litt fleire kommentarar enn vanleg, om det så berre er for å seia “anar ikkje.” Dersom de greier å svara, så er de kanskje på god veg til å forstå kvifor transar kler seg som det motsette kjønn?

Først til mannfolka: Kvifor kler de dykk i herreklede, og ikkje kvinneklede? Kvifor føretrekk de herreklede framfor kvinneklede, og kvifor likar de å gå i det? Skulle de likevel ha og bruka plagg som er funne i kvinneavdelinga, kva er grunnen til det? For å gjera det litt vanskeleg, så må eg gjera merksam på at det ikkje på nokon måte går an å bruka argumentet “fordi eg er mann” i denne samanhengen — eg er jo òg mann, men har absolutt ingenting i mot kvinneklede. Stemmer ikkje det?

Til damene: Som de sikkert har forstått allereie, er det tilsvarande problemstilling til dykk. Med ei ørlita endring: Det er jo ikkje så uvanleg at kvinner brukar ein del herreklede til seg sjølve, men kvifor gjer de det?

Til slutt transane, og eventuelt andre. Problemstillinga her vil jo vera ei anna enn den for hankjønna som er menn, og hokjønna som er kvinner. Vil de likevel prøva å svara på det store spørsmålet, “kvifor?” så forklar gjerne de òg.

Eg for min del trur eg vil prøva å svara i eit nytt innlegg ein gong seinare, eg. Minn meg gjerne på det, om de blir utålmodige.

Viktige ord

Day by Day-cartoon

Gutar leikar ikkje med dokker, sånn er det berre. Actionfigurar og denslags derimot, det er heilt greit. Me vil kanskje flira av ei sånn ordveksling som i teikneserien over, men etter ei stund så hadde visst det der kverna litt i bakhovudet, for eg kom til å tenkja på at det var i grunnen ei veldig kjent ordveksling det der, om enn på eit anna område: Klesplagg.

Eg går ut i frå at flesteparten er klar over at det finst eit herreplagg som går under namnet “kilt.” Det er òg fleire sterke meiningar om og rundt kilten, at han skal vera skotskrutete og brukast av skottar til dømes, men òg: Er kilten eit skjørt? I følgje definisjonen av eit skjørt er kilten ein bestemt type skjørt, men det er likevel mange som slett ikkje vil ha noko sånt snakk; ein kilt er ikkje eit skjørt!

Eg veit det er fleire døme på at det finst herre- og dameversjonar av same tingen, der herreversjonen slett ikkje må kallast det same som dameversjonen. Eg har vore ute for slikt – men ikkje kul om eg greier å koma på døme nett no… Hjelp?

Uansett, det eg undrar på er dette: Kvifor denne sterke motviljen mot å bruka same ord for same ting, enten det er for menn eller kvinner? Kvifor er det så viktig å bruka eigne namn – gjerne kun eigne namn – for herreversjonane?

Akseptabelt!

Dette er ei oppfølgjing til posten “Akseptabelt?” Muleg det kan ha noko for forståinga av denne posten om du ser han i samanheng med den førre, og muleg du vil gjera deg ulike tankar alt etter om du les denne først eller sist.


Eg har ein venn som er som gutar flest: Han følgjer stort sett moten, går gjerne ut på by’n, har ingenting i mot ein fest, flørtar med jenter og så vidare. Alt er tilsynelatande heilt fint, men – han er likevel ikkje heilt fri til å gjera som han vil.

Det er ikkje slik at det er «forbode» å bryta lange tradisjonar og gå litt andre vegar enn det som blir venta, men dersom du faktisk gjer det …

Joda, alle i miljøet skal liksom vera så opne og aksepterande. Ikkje noko problem med dei som er sånn og sånn, det er heilt OK det – heilt til det er nokre av deira eigne. Det er presset kjennest: Det er heilt i orden at andre er slik og gjer det og det, men me er ikkje som dei. Ikkje alltid så særleg uttalt, men haldningar og måten det vert snakka på er talande nok, synest vennen min. Er du ikkje ein av oss, så blir du frosen ut. Uansett snakk om å vera både aksepterande og inkluderande.

Kva er det så vennen mi vil, som er så uaktuelt i miljøet hans? Han seier sjølv, at han kort og godt vil sleppa å måtta vera så «traust og kjedeleg» heile tida. Dvs, han er lei av at han alltid må vera røff når han går ut, uansett kva det er. Kremar for å ta vare på huda er bannlyst. Kleda må vera maskuline nok – og tru det eller ei, men trykk på gensrar er i grenseland! Skjørt? Det skal teoretisk sett vera «lov» – men det stillest store krav til person, situasjon og skjørtet for at slikt skal kunna gå: Skotte, bunadstid, og skjørtet må vera ein skotskrutete kilt. Greit nok, vennen min trivest med å gå i bukser og kleda det vert venta av han, han har ikkje noko i mot kleda. Det han ikkje likar er at han vera slik heile tida, på grunn av det andre meinar.

Og nei, det er ikkje ei lita, sær sekt det er snakk om her. Ingen religiøse «mørkemenn» som set agendaen. Her er det eit tverrsnitt av ein vanleg norsk by. Og likevel – det er altså slik at folk rynkar på nasa og kort og godt (for)dømmer gutar som vil kle seg, og kanskje te seg, litt annaleis enn det dei sjølve likar. «Er det muleg?» spør vennen mi. Han trudde folk var meir moderne no for tida. Trass alt, skjørt? «Kva er det med skjørt som gjer at gutar og menn ikkje skal kunna bruka det? Det er jo berre eit klesplagg. Men, diverre er det akseptabelt at slike haldningar rår.»

Akseptabelt?

Eg har ei venninne som er som jenter flest: Ho følgjer stort sett moten, går gjerne ut på by’n, har ingenting i mot ein fest, flørtar med gutar og så vidare. Alt er tilsynelatande heilt fint, men – ho er likevel ikkje heilt fri til å gjera som ho vil.

Det er ikkje slik at det er “forbode” å bryta lange tradisjonar og gå litt andre vegar enn det som blir venta, men dersom du faktisk gjer det…

Joda, alle i miljøet skal liksom vera så opne og aksepterande. Ikkje noko problem med dei som er sånn og sånn, det er heilt OK det – heilt til det er nokre av deira eigne. Det er då presset kjennest: Det er heilt i orden at andre er slik og gjer det og det, men me er ikkje som dei. Ikkje alltid så særleg uttalt, men haldningar og måten det vert snakka på er talande nok, synest venninna mi. Er du ikkje ein av oss, så blir du frosen ut. Uansett snakk om å vera både aksepterande og inkluderande.

Kva er det så venninna mi vil, som er så uaktuelt i miljøet hennar? Ho seier sjølv, at ho kort og godt vil sleppa å måtta vera så “hyperfeminin” heile tida. Dvs, ho er lei av at ho alltid må vera sminka når ho går ut, uansett kva det er. Kleda må vera feminine nok – og tru det eller ei, men bukser er visst ikkje det! Det skal teoretisk sett vera “lov” – men det stillest store krav til person, situasjon og buksene for at slikt skal kunna gå. Greit nok, venninna mi trivest med å vera “hyperfeminin” og kle seg slik vet vert venta av ho, ho har ikkje noko i mot kleda. Det ho ikkje likar er at ho vera slik heile tida, på grunn av det andre meinar.

Og nei, det er ikkje ei lita, sær sekt det er snakk om her. Ingen religiøse “mørkemenn” som set agendaen. Her er det eit tverrsnitt av ein vanleg norsk by. Og likevel – det er altså slik at folk rynkar på nasa og kort og godt (for)dømmer jenter som vil kle seg, og kanskje te seg, litt annaleis enn det dei sjølve likar. “Er det muleg?” spør venninna mi. Ho trudde folk var meir moderne no for tida. Trass alt, bukser? “Kva er det med bukser som gjer at jenter og kvinner ikkje skal kunna bruka det? Er det i det heile teke akseptabelt at slike haldningar rår?”

Kjønnskvotering

Berre ein rask liten tanke etter ein litt gøyalt nytt: “Likestillingsombudet vil kvotere inn transseksuelle i offentlege stillingar.” Berre tull sjølvsagt, men tanken som slo meg er: Sett at det no skal kvoterast inn basert på kjønn – er det då mest rettferdig å kvotere med tanke på det som er mellom beina, eller det som er mellom øyrene?

Dei fleste vil kanskje ikkje ha problem med å plassere ei transseksuell mann-til-kvinne i kategorien “kvinne”, sjølv før operasjon, men kva med andre transepersonar? T.d. ein mann som lever livet som kvinne på fulltid utan å vera interessert Ã¥ endra på kroppen – skal vedkommande reknast som mann eller kvinne? Eller ein person som lever livet 50/50 som mann/kvinne? Kva bør vera avgjerande for korleis vedkommande skal kvoterast?

Mykje kan nok seiast, men kva tankar gjer de dykk sånn reint på sparket no?

Dame for ein dag

Rocky

Eller for kvinnene: Mann for ein dag. Det var Rocky som sette tankane i sving denne gongen: Kva ville du gjort om du var dame for ein dag — fullstendig biologisk dame — dersom du stod heilt fritt til å gjera kva du ville? Det er ikkje spesielt originale tankar, då dei har vore framme fleire gongar ulike stadar, og mange ville gjerne oppleve det dei fysisk sett ikkje ville vera i stand til som menn. Men — kva om me endrar litegrann på problemstillinga?

Du opplever at du i løpet av natta har blitt fullstendig, biologisk dame. Alt det andre er som før: Arbeid, ektemake, born, og kva det no skulle vera. Kva då? Ein ting er jo t.d. korleis kona ville oppleva å vakna opp med ei dame i senga i staden for ektemannen, for dei med den sivilstanden – men kva med resten av dagen? Ville du fått sjokk og murt deg inne, eller?

Så klart, det er slett ikkje usannsynleg at du ville trenga litt tid for å takla ei slik omvelting – særleg om du ikkje visste kor lenge dette kjønnsskiftet ville vara. Korleis ville det vera om du var dame for ei veke, ein månad, eit år…? Kva ville du då gjort?

Og så kan eg endra enno ein gong på problemstillinga: Ikkje berre ville du vera klar over at du ville vera dame for ein dag – du ville òg vera i stand til å skifta på å vera mann og kvinne nett når du ville, og så lenge du ville. Ville du i det heile teke prøvd å bytta kjønn? I så fall, kor ofte, kor lenge og kvifor?

Jaja. Sånne tankar er det eg gjer meg når eg burde ha lagt meg for mange timar sidan. Men det kunne vore gøy om enkelte hadde prøvd å svara 😉

Som hamskiftar ville eg nok sjølv bytta att og fram titt og ofte av same grunn som eg no skiftar ham på mindre fullstendig måte. Og nyta kroppen min, i alle fall i starten — kunne vore greit å fylla ut der eg skulle fylla ut, og ikkje omvendt. Hadde eg derimot vakna opp som dame utan å veta om det på førehand, så hadde eg nok fått sjokk i første omgang. Og deretter, om det varte, levd som vanleg som ei lesbisk? (For eg ville nok stadig vera glad i damer, reknar eg med.)