Velbrukt er… gjerne slite

Boots

Ein eller annan stad har eg ei bok eg har lest, der hovudpersonen hamnar i ei verd der ting vert betre jo meir dei vert brukt. Diverre kjem eg ikkje på kva for ei bok det er, men eg trur forfattaren er L. Sprague de Camp. Uansett, av og til kunne det vore greitt å hatt det på same måten her.

Eg har hatt eit par svarte, høge støvlettar i lang tid. Høgt skaft, og greie hælar. Dei har vore gode på og halde bra, noko som berre har vore positivt, då det ikkje alltid er så lett å finna fine støvlettar i min storleik. Diverre er det jo slik i denne verda at ting vert meir slitne dess meir dei vert brukt. Ein ting er at støvlettar kan sålast om etter kvart som sålen vert slite ned, men her om dagen oppdaga eg at eg kunne sjå kva farge neglelakken på stortåneglene mine hadde, utan å ta av meg på beina. var det på tide å få meg nytt fottøy, fann eg ut.

Det var ikkje det beste tidspunktet å bli utan støvlettar på dette, sidan det har gått ut ein del tusen meir enn venta, og ein del tusen til skal snart gå same vegen (dvs vekk frå meg) så bankkontoen er ikkje særleg velfylt. Men – eg må ha godt fottøy i det vêret me har no, så det var berre å gi seg ut på ein liten runde i butikkane.

Eg var faktisk litt heldig: Den første butikken eg stakk innom var den eg hadde minst tiltru til, då dei svært sjeldan har noko i min storleik, men jammen santen hadde dei ikkje eitt par boots der. I min storleik. Dei var på salg òg, så eg kom svært rimeleg ut av dette. Kun ein hundrelapp fattigare, men til gjengjeld eit par boots rikare. Eg tok dei på meg i butikken og let personalet der kasta dei gamle støvlettane mine.

Greit nok, det var ikkje akkurat denne typen eg hadde sett for meg då eg gjekk ut, men til den prisen skal eg ikkje klaga. Då kan eg faktisk ha råd til eit par til ein gong seinare då, om eg skulle komma over noko fint. 🙂

Det gjekk fort!

Raude støvlettar med høge stiletthælarEg har for ikkje så alt for lenge sidan skrive om skofrustrasjonar. Dagens tema er ikkje så mykje om frustrasjonar – vanlegvis. Det handlar nemleg om sålar, og dei vert som kjent slitte etter kvart som skorna og støvlettane vert brukte. Heilt normalt, og skomakaren får besøk no og då for å halda fottøyet ved like. Når hælane på fottøyet vert mindre blir tyngda konsentrert på eit mindre punkt (elementær fysikk) og slitasjen vert større. Når det er snakk om stiletthælar, så må nesten den vesle sålen bli sett på som forbruksvare.

Dog.

Forbruket kan kanskje bli i største laget, av og til? Når det varer i to veker før skomakaren får besøk igjen, då er det litt frustrerande, og for min del på tide å sjå etter måtar å skjera ned. Kanskje ein ståltipp kunne vera tingen, i staden for vanleg gummisåle? (Eller kva dei no er laga av.) Metallet skulle i alle fall vera meir slitesterkt.

Joda, skomakaren kunne gjerne gjera det han, og det vart ikkje noko dyrare, men – ei lita åtvaring ville han no gje meg: Støvlettane ville bli glattare å gå på, særleg på fliser, og det ville vera lettare å gli og detta. Fleire hadde erfart det. Hmmm. Eg brukte litt tid på å tenka meg om, men bestemte meg for uansett å ta sjansen. Eg leverte dei inn torsdagen, og henta dei att etter arbeid på fredag. Skomakaren rådde meg til å bruka sånne ekstra hetter på hælane (normalt for å verna golva mot merke) slik at dei ikkje skulle vera så glatte, og så ville dei jo òg dempa lyden. slik at det ikkje vart så høge smell når eg gjekk. Dessutan var det jo litt ekstra slitestyrke i dei, òg. Joda, det var greitt for meg, eg tok gjerne eit par slike òg.

Eg gjekk heim og sette frå meg alt eg bar på, skreiv ferdig eit brev og la ved i ein pakke eg skulle posta, og fór ut att. Denne gong med nysåla støvlettar på beina, og musikk på øyrene.

Eg hadde ikkje gått meir enn 2-3 minutt før eg la merke ein godt høyrbar, klakkande lyd i takt med venstrefoten min. Det var slik at eg måtte kikka ned for å sjå at hetta satt på plass på hælen – og det gjorde ho. Vel, eg berre trakk mentalt på skuldrane og fortsette å gå, og muren eg gjekk attmed gav bra med gjenlyd. Spaserturen gjekk roleg vidare til posten, og eg la merke til at begge hælane var like høglydte, og begge hettene var på. Og likevel var dei ikkje meir stille? Jaja.

Posten fekk sitt, eg stakk innom Popin og bytta ut ein 100-lapp med eit par gensrar og ein topp før eg vende nasa heimover att. Hælane heldt lojalt ut og let meg ikkje gløyma at dei var der, så då eg kom inn heime, tok eg av meg støvlettane og såg etter korleis hettene tok seg ut. Og joda, sålen på hettene var fin den, og nesten ikkje sleten i det heile. Problemet var i baksida av hetta: Metallsålen på hælane hadde gnage seg hol der og teke turen ut i friluft. Klart då at det var lett å høyra når eg gjekk — eg gjekk jo rett på metalltuppane.

Men — det var jo det eg ville ha. Dei tuppane vil nok halda ei god stund til, i motsetnad til hettene, for dei gjekk an fort. Må vel nesten vera rekord? 😉

Sko-frustrasjonar

Alle har me eit forhold til sko, på eitt eller anna vis. Du kan vera likegyldig, kresen, sjå på det som eit naudsynt onde eller elska sko. Sko kan òg vera ei kjelde til frustrasjon.

Mitt forhold til sko er – variert. Eg likar slanke, elegante sko, gjerne litt eleverte i bakkant. Med litt hæl, altså. Ser eg på herresko så er det lett å finna sko som passar, men for min del synest eg flesteparten er breie og klumpete. At sko er breie for å gjera plass til breide føter er greit nok – men kvifor den dumme centimeteren med såle utanfor? Den er til stades på alt for mange sko.

Hælar på herresko finst det òg, men sjeldan høgare enn eit par centimeter. Eg fann eit par for ikkje så lenge sidan med rundt 5cm hæl, men det var eit par ting som drog ned inntrykket: Med sånn brei såle stikkande langt utanfor overlæret var han ikkje særleg elegant — og så såg han kjedeleg ut òg. Skal kanskje ikkje pirka for mykje på det siste punktet, for herresko er generelt kjedelege. Herresko kjøper ein fordi ein treng nokre sko, ikkje fordi ein vil variere litt.

Men er det så mykje betre på damesida då? For min del er det kanskje vel så mykje frustrasjonar der… Joda, det er masse fint, elegant og stilig, men damesko sluttar jo vanlegvis i storleiken 40-41, sjeldan over. Det er dumt, fordi eg brukar vanlegvis nr. 42, av og til må eg opp i 43. Ikkje uventa må eg difor sjå med lengsel på mange par sko eg skulle likt å hatt, men som ikkje finst i min storleik.

Slikt er frustrerande for meg, og fleire med meg. Snakkar eg med ekspeditørar i skobutikkane, så kan eg ana litt frustrasjon der òg – dei skulle gjerne hatt større storleikar inne, men er dei med i kjeder så må dei ta til takke med dei pakkane dei får tilsendt, og dei pakkane inneheld ikkje så mange store nok sko. Dette trass i at dei som arbeider i butikkane legg merke til at det er fleire og fleire kvinner med store føter, og som er ute etter elegante sko. Slike sko forsvinn gjerne fort, i nr. 42.

Dei skoa butikkane gjerne har igjen eller får i min storleik, er slikt som dei sjølve gjerne kallar “tantesko” eller “konesko” – låge, solide sko som skal tåla litt vekt, men kanskje litt gammaldagse i utsjånad? For eldre “koner” og “tanter”? Ikkje ein stil som først og fremst tiltalar meg.

Ã… bestilla via postordre er jo råd, frå butikkar som spesialiserer seg på store sko, eller som har større utvalg. Har kjøpt slik éin gong med godt hell, men eg er likevel litt skeptisk til å kjøpa slikt utan å prøva skoa først. Er ikkje alltid like lett å veta kva storleik eg faktisk må ha. Men alt er jo ikkje berre trist heller, då. Eg har fått meg litt sko etter kvart likevel, og flesteparten med litt høg hæl. Og apropos høge hælar:

Nemi: Høge hælar = Bambi on ice

Eg har alltid vore litt forundra over alle dei som seier dei aldri ville vore i stand til å gå i høge hælar – har aldri hatt problem med det eg. Ikkje ein gong aller første gongen eg prøvde. Kanskje det har noko å gjera med at eg greier å strekka ut foten ganske bra? Det skal jo vera viktig for ballettdansarar som vil halda balansen når dei står på tå.