Hamskifte

Av og til er det godt å skifta ham

Archive for the 'Humor' Category

Nokre likar tagging…

andre er ikkje fullt sÃ¥ glade i det. Men, kvifor taggar folk? Har dei ikkje høyrt om…

Politi fører vekk taggar: Har du ikkje høyrt om blogging?

Comments are off for this post

Den store konspirasjonen

Kinesarane er pÃ¥ frammarsj, økonomisk og elles. Dei vil verkeleg ta over herredømet over alt, og dei gjer det pÃ¥ ein subtil mÃ¥te – eller ville det, om ikkje russarane hadde vore sÃ¥ Ã¥rvakne som dei er.

Planen var nemleg å verkeleg forvirre den oppveksande generasjonen, gjera dei usikre på om dei var normale eller ikkje, ved å utstyre dokkene for den russiske marknaden med kjønnsorgan. Feil type kjønnsorgan. Tenk på den panikken borna ville få ved å oppdaga at dei sjølve ikkje var skapt slik dokkene viser dei skulle vera. Ein generasjon forknytte menneske som skamfullt ikkje tør visa seg nakne for andre.

Dette er skræmande utsikter. Til alt hell vart dette oppdaga, og ei regional russisk avis trykte ei åtvaring om dei ondskapsfulle planane, og eit bilete som prov for planane. Til alt hell plukka englishrussia.com opp dette og informerte vidare. Sjølv fekk eg greia på det gjennom boingboing og Børge (Takk), og eg hadde jo ikkje noko anna valg enn å bringa åtvaringa vidare, slik at de godtfolk, kan passa godt på.

Til alt hell er det fotografiske materiellet òg tilgjengeleg for oss, så no skal me sjå her.

Først eit innscanna bilete av den årvakne regionale avisa :

1.jpg

Og enno tydlegare i neste bilete:

2.jpg

Pfft! Tullete russarar Рdei dokkene ser d̴ ut akkurat som dei skal?

Comments are off for this post

Verneskjørt…

Jepp, det stemmer. Ikkje vernesko, men verneskjørt.

Korleis eit skjørt kan verna? Vel, det finn du nok ut, om du følgjer med her.

OK. Kanskje enkelte har lettare for å forstå det enn andre?

2 comments

Badesesongen…

Badesesongen har kanskje ikkje vore så framtredande her i sør i det siste, men det er inga årsaking for ikkje å vera forberedt. Dessutan, med alt dette snakket om global oppvarming og aukande havnivå er det grunn god nok til å sikra seg fornuftig fottøy uansett.

High Tide Heels

SÃ¥ spørst det dÃ¥, om dei finst i min storleik, eller om eg fÃ¥r det vanlege problemet… 😕

3 comments

Golv er farlege

Det er en del farlege golv rundt om kring. I dag var eg ute for eitt av dei: Det gode gamle stovegolvet heime. Det hadde slått seg saman med ein nedslått barnestol av god gammal type, og på eitt eller anna vis greidde dei to å få meg til å gli, snubla over stolen, og falla med eit brak ned. Barnestolen slo seg opp og i saman og prøvde å angripa, men det angrepet greidde eg å unnvika. Likevel, dei fekk inn nokre gode treff i starten då dei overraska meg.

Au.

SkrubbsÃ¥r fekk eg, og litt vondt har eg. Og verst av alt: Ingen spurte om eg ville dei skulle blÃ¥sa pÃ¥… 😥

Uansett dette er berre ei vennleg Ã¥tvaring. BÃ¥de golv og barnestolar kan sjÃ¥ svært sÃ¥ uskuldige ut, men brÃ¥tt kan dei venda seg mot deg. SÃ¥ – vêr pÃ¥ vakt!

2 comments

Fordelar med å ha ein transvestitt som ektemann

I lang tid har det versert ulike lister på nettet over dei mange fordelane som følgjer med det å ha ein transvestitt som ektemann. Sjølv om det nok heilt sikkert ligg litt alvor og sterke ynskje bak fleire av punkta i desse listene, så er det for det meste meint som eit humoristisk innslag i kvardagen. Og det trengst jo, til tider.

Eg kunne sjølvsagt berre kopiert ei slik liste inn her, men eg brukte heller litt tid pÃ¥ Ã¥ oversetja ei av dei til norsk, eg. Vonar de kan ha litt glede av det. 🙂

  • De kan ha dykkar eige private “slumber parties”
  • Om han brukar skjørt, sÃ¥ er det enkel tilgang.
  • Du kan ha ei venninne sÃ¥ vel som ein kjæreste som ikkje har noko i mot Ã¥ venta nÃ¥r du brukar tid pÃ¥ shoppinga.
  • Han er alltid misunneleg pÃ¥ deg, fordi han ville heller ha pÃ¥ seg det du har pÃ¥ deg.
  • Du kan doble garderoben om han brukar same storleik som deg.
  • Du treng aldri bekymra deg for om han er utru med ei anna kvinne. Han er den andre kvinna!
  • Du har alltid ei venninne du kan shoppa og ha lunsj med.
  • Han vil aldri protestere pÃ¥ Ã¥ vera klesmodell og ha pÃ¥ seg kjole nÃ¥r du treng legga han opp.
  • NÃ¥r de shoppar, kan du testa ein ny nyanse av neglelakken og han klagar ikkje eller spør om Ã¥ fÃ¥ sjÃ¥ ein matchande leppestift.
  • Han vil sjeldan ha det stikkande ettermiddagsskjegget.
  • Han vil aldri spørja deg om Ã¥ ha ein trekant med ei anna kvinne sÃ¥ lenge han kan bruka dameundertøyet.
  • Han vil vera sympatisk og forstÃ¥ det med overflødig kroppshÃ¥r.
  • Han vil ikkje riva i stykker undertøyet nÃ¥r han tek det av deg.
  • Han har ikkje noko i mot Ã¥ venta pÃ¥ deg og venninnene dine, og han gløymer ikkje Ã¥ neia.
  • Om du treng ein underkjole til den nye kjolen din sÃ¥ har han nett den du treng, og let deg lÃ¥na han.
  • Du treng ikkje bruka høge hælar pÃ¥ ein lang handlerunde.
  • Ein mann i kjole er ein god kokk.
  • Han elskar Ã¥ lukta parfyme og vil gje deg si ærlege meining.
  • Du kan testa ein ny nyanse av leppestift pÃ¥ han.
  • Om du kjøper noko til heimen, sÃ¥ vil det aldri vera for feminint.
  • Endeleg vil toalettringen vera nede.
  • Han er mykje enklare Ã¥ kjøpa gÃ¥ver til.
  • Han kjenner den rette mÃ¥ten Ã¥ elska pÃ¥, tek seg god tid og veit kva som tenner deg!
  • Han vil forstÃ¥ mykje betre at det beste ei jente kan fÃ¥ nÃ¥r ho føler seg nedfor, er nye klede.
  • Om han kjøper klede til deg, sÃ¥ veit du han kjøper rett storleik.
  • Du kan ta han med deg til frisøren, og han vil sitja roleg attmed deg mens de begge fÃ¥r stelt hÃ¥ret, og han vil aldri klaga. Tvert om vil han takka deg.
  • Den einaste gongen han vil bry seg om du brukar hÃ¥rrullar til sengs er om han mÃ¥ bruka dei “oversize”
  • Han forstÃ¥r kvifor du ikkje har lyst Ã¥ tilbringa 8 timar for dagen i strømpebukse og høge hælar.
  • Han klagar aldri pÃ¥ at det delikate undertøyet ligg framme til tørk.
  • Du har ein jentekjæreste som ikkje fÃ¥r PMS.
  • Han vil ikkje berre shoppa med deg, men vil betala rekninga òg!
  • Han veit korleis han skal handsama det delikate undertøyet nÃ¥r han tek tøyvasken.
  • Sateng og fløyel er meir kosete enn denim og ull.
  • Han skjønar trongen for kvalitetskosmetikk.
  • Du har fleire unnskuldingar for Ã¥ shoppa, og han vil til og med bæra posane.
  • Du kan lÃ¥na smykkene, kleda og sminken hans.
  • Han forstÃ¥r kvifor forbruket ditt av strømper er høgt.
  • Han reknar ikkje med at du blir klar pÃ¥ 15 minutt eller mindre nÃ¥r de skal ut.
  • Du kan spørja han korleis antrekk ser ut og fÃ¥ eit intelligent svar.
  • Dei nye venene hans brukar ikkje heile dagen pÃ¥ Ã¥ sjÃ¥ fotball.
  • Han veit Ã¥ gÃ¥ sakte nÃ¥r du har pÃ¥ deg høge hælar.
  • NÃ¥r han seier “Kjære, du ser vakker ut” sÃ¥ veit du han verkeleg meinar det.
  • Han legg merke til om sminken treng fiksast pÃ¥ betre enn nokon annan mann.
  • Han er som Ã¥ ha ein privat kosmetolog.
  • Han elskar Ã¥ shoppa med deg og sjÃ¥ deg prøva pÃ¥ klede.
  • Han veit korleis han skal handsama ei dame forsiktig og med respekt.
  • Han elskar Ã¥ kle seg opp og ha lange skravlestunder.
  • De kan ha ein trekant utan ein ekstra partner.
  • Om du er litt bi-nyfiken sÃ¥ kan du eksperimentere litt.
  • Du veit ein av dykk vil ha med seg papirlommetørkle nÃ¥r de treng de.
  • Kle han opp i ei “French Maid”-uniform og du har ei hushjelp den dagen.

Tja   det er dÃ¥ ein del stereotypt der, er det ikkje? Eg er ikkje alltid heilt einig i desse pÃ¥ standane, sÃ¥ enkelte av dei har mine kommentarar knytta til seg som title-element. Dei vil vanlegvis synast nÃ¥r musa vert halden over dei enkelte pÃ¥standane. I alle fall i ein moderne nettlesar som t.d. Opera.

Comments are off for this post

Gymball

Eg har kjøpt meg gymball eg. Faktisk skeia eg skikkeleg ut, og kjøpte meg ein pakke med gymball, matte, gummislange (til å strekka armar/bein) og instruksjons-DVD. Ja, og eit lite handklede og pumpe til ballen var òg med.

Grunnen til dette utlegget er jo enkelt nok. Eg har prøvd å trimma litt med gymball før, og det er slett ikkje så dumt. Dessutan så vil kanskje enkelte ymta frampå om at eg har grunnar for å slanka meg litt.

Det e ei god stund sidan dette kjøpet no, sÃ¥ korleis gÃ¥r det med trimmen? Lat meg seia det med ei Nemi-stripe…

Nemi fin ei avslappande stilling med gymball

Comments are off for this post

Eh… Javel, ja.

Eg veit ikkje heilt kva det er med slike store, vide kjolar eg, men det er ein del som har sansen for dei. Dette gjeld damer av begge kjønn. Som ein representant for denne interessa ser me Jordan nedanfor her, iført ein strålande vakker brudekjole. Ektemannen Peter Andre (til venstre) held ein avstand på eit par armlengder, noko som tyder på at slike vide kjolar ikkje kan vera så særleg praktiske om intimitet og nærleik er å ønska.

Men, no er det ikkje berre kjolen som er av interesse her, dÃ¥ hadde det vore nok med eit enkelt bilete i staden for ei flash-fil. Vitjande som har auge for litt meir enn berre kjolen — eller Jordan — har kan hende lagt merke til ein trekant nede i venstre hjørna. Det er ein knapp som startar speling av bakgrunnsmusikk, sunge av ekteparet sjølv. Eg veit det ikkje er siste nytt dette her, men enkelte ting blir jo betre nÃ¥r dei vert lagra.

[flash /filer/Jordan_og_Peter_Andre.swf w=400 h=360 ]

Muleg enkelte vil seia at dette mÃ¥ lagrast enno litt lengre, men…

Lat meg gjera merksam på at dette ikkje er meint å ta rolla som musikkvideoen denne helga. Den kjem seinare.

1 comment

LOLCats

Eg har fått eit visst inntrykk av at det er LOLCats som er den store farsotten på nettet no for tida. Eller i alle fall ein liten farsott. Det går ikkje ein dag utan at eg ser minst ein LOLCat eller les om det, så då må eg vel nesten kasta meg på bølgja sjølv òg, eller?

Vel – kanskje ikkje, men nÃ¥r det finst ei teneste som gjer det veldig lett Ã¥ laga til slikt, sÃ¥ er det veldig vanskeleg Ã¥ ikkje prøva, i alle fall. LOL feeds er ei slik teneste, der du kan ta for deg diverse feedar (din eigen, BBC, CNN, kva du no vil) og litt til, og fÃ¥ automatisk generert LOLCats ut av dei. Overskriftene frÃ¥ feedane vert sett saman med tilfeldige kattebilete frÃ¥ flickr, og resultata kan bli… Vel, alt muleg. Enkelte blinkskot kan oppstÃ¥.

Uansett, det er mange nok som likar dette til at eg berre mÃ¥ nemna det her i bloggen min. 😉

Comments are off for this post

Sommartid – katastrofalt for klimaet?

Mange ser nok på innføringa av sommartid som noko positivt. Lange lyse kveldar og alt det der, men er det så udelt positivt? Har nokre tenkt i gjennom konsekvensane dette har for miljøet, og klimaet? Jada, de les heilt rett. Dette påverkar faktisk negativt til den globale oppvarminga. 16. april stod det ein interessant tekst i Arkansas Democrat Gazette, vel verd å få med seg.

Comments are off for this post

« Previous PageNext Page »