Arbeidsoppgåve: Å lakkere neglene mine

Lakkerte negler

Det er i vitseteikningar og komediar me helst ser dei: Sekretærane som er meir opptekne av å fila og lakkere neglene sine enn av å ta i mot kundar og elles gjera arbeidet sitt.

No skal ikkje eg påstå at det er slik i det verkelege livet, trass i overskrifta eg brukar her. Eg er nemleg ikkje sekretær.

Eg skal heller ikkje ha det på meg at eg ikkje tek vare på kundane våre, heller tvert om. Kunden eg no har i tankane har nemleg negledesign som sitt arbeidsområde, og som grafisk designar var det opp til meg å utforma ei brosjyre for dei. Bilete skulle takast, tekst skulle inn, og det vart i grunnen fint. Men… av dei neglelakkane eg hadde inne var det fire nye fargar – og korleis skulle desse framhevast?

No hadde allereie kunden kommentert at eg har fine negler, så å lakkere desse i dei nye fargane, det var ein god idé. Det var rett nok min idé, men eg kunne altså så absolutt gjera det, syntest kunden – det skulle bli bra.

Så då var det berre til å setja meg ned og lakkere neglene mine då. Som de kan sjå på biletet her, så tok eg den femte nagla på handa òg. Eg syntest tommelen fortente litt farge òg, sidan eg først var i gong, så då vart det fem ulike fargar på neglene. Alt for kunden, veit de. 😉

Lamont: Golden Daze

Piratebay elskar LamontIkkje før har eg skrive om Saul Williams og albumet hans som kan lastast ned gratis, før eg ser at svenske Lamont gjer det same. I samarbeid med Pirate Bay, som sponsar dei. I kjent stil har Pirate Bay endra litt på logoen sin for å visa til denne hendinga, og om du klikka på han, kjem du til ei side der du kan lasta ned albumet, i mp3, ogg vorbis eller flac, samt musikkvideen til ein av melodiane. Og lenker til heimesidene til bandet så klart, og kor du kan kjøpa den fysiske CD-en og meir til.

Lamont på si side er svært begeistra over all reklamen dei får på denne måten: Over 100.000 lasta ned albumet dei første 24 timane, og over 60.000 såg videoen. Du kan lesa om det på sidene deira, men dei er litt trege for meg nett no…

Vel – treng eg seia meir, eller er de allereie av stad for å sjekka ut dette?

Niggy Tardust

OmslagsgrafikkEller full tittel: “The Inevitable Rise and Liberation of NiggyTardust!” Det er snakk om Saul Williams som no er ute med nytt album. Splitternytt – det kom i går, og eg var raskt ute og fekk tak i det så fort eg stod opp. Nedlasting, så klart, for Saul Williams ser ut til å følgja med i tida. 😉

Akkurat det gjer han på ein måte som er betre enn slik Radiohead gjorde det, synest eg: Du kan lasta ned albumet gratis, om du vil, utan nokre dikkedarar. Du gir opp emailadressa, og lastar ned ei zip-fil med mp3-filene, i 192 kbps. Grei nok kvalitet det, men om du i tillegg er villig til å betala nokre dollar, så har du valget mellom mp3 i 192 og 320 kbps, og flac om du vil ha tapsfri komprimering.

Korleis høyrest det så ut? Vel, det kostar jo ikkje noko å finna ut, men ein liten smakebit kanskje? Akkurat det var det einaste eg sakna på nettsidene hans.

Tvetydig kjønn

Eg kom over ein liten episode i det vanlege lesestoffet mitt i dag, der det vart sagt om ein nyfødd baby: There don’t seem to be any sex organs. Male or female. Så kva gjer ein i slike tilfelle? Eg kan berre støtta meg til det eg har lese tidlegare her, og i følgje det var det tidlegare vanleg å operere desse borna ganske tidleg. Dei fekk då helst kjønnskorrigerande operasjon kvinneleg kjønnsorgan, sidan dette var enklast.

Grunnen til å gjennomføra tidlege operasjonar var jo med tanka på borna sitt beste. Dei skulle få oppleva ein normal barndom, og ikkje vera ulike dei andre borna, med dei eventuelle negative følgjer dette kunne ha. Dessutan, teorien var at det var oppsedinga av borna som avgjorde om dei ville kjenna seg som gutar eller jenter i oppveksten. Dr. John Money hadde jo òg gjennomført eit inngrep på ein av to tvillinggutar som hadde fått øydelagt penis ved rutinemessig omskjering, og denne guten vart oppseda som jente. Det var faktisk ein suksesshistorie, som viste at det biologiske kjønnet ikkje spelte ei rolle. Borna sin kjønnsidentitet kunne formast.

Vel, det var slik i følgje dr. Money, i alle fall. Guttungen sjølv fann seg aldri til rette som jente – han kjende seg alltid annaleis. At han eigentleg var gut. Den historien fortalde ikkje dr. Money, sjølv lenge etter at det vart kjent. Diverre, for det har nok ført til at mange med uklåre kjønnsorgan feilaktig har fått kjønnskorrigerande operasjon til jenter, sidan det var dr. Money sin historie som var kjent innan legestanden.

I dag er det visst helst slik at ein ventar med operasjon, til det blir klart kva kjønn barnet identifiserer seg som. Og det gir nok det beste resultatet for alle til slutt.

Det minnar meg om eit sitat frå Monty Pythons Meningen med livet: “- Vart det gut eller jente? spør den nybakte mora. – Er det ikkje litt tidleg å pressa barnet inn i samfunnet sine forventningar til kjønnsroller enno? svarar legen.” (Fritt etter minnet.)

Ikkje

Når ein ser ordet “ikkje” så tenkjer ein kanskje på at det er noko ein ikkje bør gjera – men eg gjer det likevel eg.

Det har seg nemleg slik at dette ordet har dukka opp ganske mange gongar i statistikken min, over ord som er brukte i søkemotorar for å finna mine sider. Kun ordet “ikkje”, heilt for seg sjølv. Godt inne på topp 10-lista over populære søkeord. Akkurat kva dei er ute etter dei som søker etter dette veit eg ikkje, men eg vil no likevel gjera mitt til at dei finn noko om akkurat ordet “ikkje”:

ikkje, kan verta avstytt til kje. Nektingsadverb.

Ordet kan nyttast til å laga samansette ord med bindestrek, der meininga blir den motsette, som t.d. diskriminering, ikkje-diskriminering.

Til vanleg står nektingsadverbet ikkje mellom infinitivsmerket og infinitiven: Eg skal prøva å ikkje vera så sein. Men det kan òg stå føre infinitivsmerket: Eg skal prøva ikkje å vera så sein. I slike tilfelle gjeld det å ikkje vera tvitydig, som desse døma er: Det gjeld ikkje å gå raskaste vegen … Eg lovar ikkje å søkja stillinga som leiar …

I at-setningar kan ikkje stå anten føre eller etter det tidsbøyde verbet: Eg lovar at eg ikkje skal vera for sein … Eg lovar at eg skal ikkje vera for sein.

Når det gjeld uttale, så skal ordet “ikkje” uttalast med ein kj-lyd. Det virkar logisk, men enkelte har problem med det, og blandar med sj-lyden. I min dialekt er ikkje dette eit problem, då kj-lyden her er meir som ch-lyden i det engelske ordet cheap. Han minnar òg mykje om tj-lyden i ordet tjukk. Eg veit enkelte vil rynka på nasa over dette, men me unngår i alle fall problemet med at folk trur dei sel kjelen sin til djevelen for å oppnå gode resultat …

Auga for auga

Alt eg vil med denne posten, er å dela. Det er så hyggeleg når andre deler gode lenker og opplevingar med meg, så eg må gjera ei teneste igjen, synest eg. Eg vil dela ei lenke.

Som eg har nemnd tidlegare så likar eg SF og Fantasy, og éin nettstad eg har glede av med tanke på dette, er 365 tomorrows. Som namnet hintar om er det ein ny, kort historie kvar dag, innan Science Fiction-sjangeren. Veldig greitt å abonnere på feed-en der.

Eg kom nett på det, då eg gjekk tilbake og leste ein litt eldre historie, Eye For An Eye, og tenkte at slikt skulle eg kunna hatt her òg …

Meme: 7 ting om meg

Eg fekk først utfordringa frå bza om å skriva 7 ting om meg sjølv – gjerne med den vrien at eitt av punkta ikkje stemmer. Seinare kom wander med den same utfordringa, dog utan den ekstra vrien. Diverre har eg vore for sjuk fram til no til at eg har greidd å setja meg ned og skriva mine eigne 7 punkt, men no kjem dei altså.

1. Eg er ei potet. Eller, eg kan i alle fall brukast som ei. Eg har arbeidd som lærar, kontorassistent, programmerar, databaseutviklar, grafikar … Ganske allsidig.

2. Eg studerer ikkje lengre, men eg har stadig eit studentkort frå universitetet i Stavanger som seier at namnet mitt er Monica Lie.

3. Eit par produkt eg har laga har ved eit par tilfelle blitt brukt i svindel. Vellukka svindel, det eg har sett…

4. Eg føretrekk å lesa Fantasy og Science Fiction.

5. Det var ein gong snakk om at eg kunne få ein historie publisert i ein antologi i USA. Det vart dog aldri noko av.

6. Eg teiknar sjølv julekorta eg sender, og det har eg gjort i… ganske mange år etter kvart.

7. Eg reiste ein gong på ferie til Portugal på grunn av ein spøk.

Sånn, det skulle vera mine sju punkt. Og, som i oppfordringa eg først fekk, er det eitt av dei som ikkje er heilt sannferdig – men kva for eitt…?

Så var det å senda vidare oppfordringa, då … Tenker eg satsar på Odin og Rebecca og Helge.

Ulogisk?

Ein tanke slo meg brått her eg sat og filte neglene mine: Det seiest at kvinner frys lettare enn menn – i alle fall er det det eg har høyrt fleire gongar. Er det ikkje då litt ulogisk at i selskap, fine tilstellingar og slikt, så kler kvinnene seg lett og tynt, gjerne viser ein god del hud, mens menn kler godt på seg, gjerne i fleire lag (skjorte, vest, jakke – gjerne i tungt stoff) slik at minimalt med hud visest?