{24. April, 2008}   Adresse Beograd – høyrde eg rett?

Eg vart sitjande med PC-en medan NRK sendte «Adresse Beograd» på TV på tysdag. Har pleid å synast at dei programma har vore litt småkoselege å få med meg, uansett kvaliteten på dei ulike melodiane og videoane. Denne gongen syntest eg derimot opplegget var heilt tragisk, så ting gjekk nok sikkert litt forbi meg.

Og det er der problemet mitt kanskje ligg: Fekk eg med meg det ein av «dommarane» sa? David Eriksen representerte Noreg det året Dana International song for Israel, vart det sagt. Eg hugsa ikkje namnet hans, men derimot hugsar eg at han tydlegvis hadde litt problem med akkurat det. At ei transseksuell kvinne var med. Han var nemleg redd for at MGP ville bli eit freakshow på grunn av at ho deltok. Dei kommentarane hans hadde eg absolutt ikkje sansen for.

Og no sist tysdag så syntest eg høyrde meir av same slaget. Det er Dana International som har skrive melodien Israel kjem med i år, og når David snakka om ho, så brukte han pronomenet «ho» – men så kom det ei tilføying eg vonar eg misoppfatta. Eg syntest han sa «eller ‹han› er det vel» (eller noko liknande.) Kan det stemma? Høyrde eg rett? Det skulle jo vera langt i frå naudsynt å kome med ein slik kommentar.

Programmet går visst i reprise rundt midnatt, natt til laurdag, men eg veit ikkje om eg har så veldig lyst å irritera meg gjennom det programmet (ein gong til) for å sjekka kva han sa…

Stem på Bloggrevyen om du synest dette innlegget fortener det.
Liknande innlegg:
Ikkje alle likar rosa… ⇐ ⇒ Last ned avansert Canon-kamera


Esquil skriv:
Gravatar

Ja jeg også var kjempeskuffet over at de ikke beholdt det nordiske opplegget. Heldigvis har svenskene beholdt en amputert versjon så man kan se finske thomas legge ut om grand prix. selv om finske thomas har blitt feit.

trodde dana international vant i 1998, og at norge da deltok med gladkristne GP-lars’ All I ever wanted was you. Men eriksen kan jo ha vært med på å lage sangen.



Esquil skriv:
Gravatar

hm. «selv om» finske thomas har blitt feit var jo ikke veldig sympatisk sagt av meg. det er selvfølgelig det indre som teller :)



Monica skriv:
Gravatar

Du hugsar nok betre enn meg kven som song for Noreg det året, ja, så takk for den korrigeringa. Då får eg tru det var det å laga songen Eriksen stod for, i staden, og så må eg frita han for den kommentaren tilbake i 1998. Den var det nemleg songaren (som eg altså ikkje hugsa namnet på) som stod for. Lars, altså.

Men, når det gjeld det Eriksen sa i første «Adresse Beograd», så håpar eg jo sjølvsagt stadig at eg høyrde feil.

Og den svenske «Inför Eurovision Song Contest» greidde eg å gå glipp av. Igjen. :(



RSS feed for kommentarar til dette innlegget. - TrackBack URI

Skriv ein kommentar

XHTML: Du kan bruka desse taggane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

(Antispam - krav)


Av og til er det godt å skifta ham

  • Kalender

    April 2008
    M T W T F S S
    « Mar   May »
     123456
    78910111213
    14151617181920
    21222324252627
    282930  
  • Arkiv

  • Avstemmingar

    Finst det gute- og jenteleiker?

    Sjå resultat

    Loading ... Loading ...
  • Sider

  • Hamskifte Mixteip

  • Kategoriar

  • Tilfeldig plukka

  • Siste innlegg

  • Siste kommentarar

  • Stikkordsky

  • RSS Glugg

  • RSS Siste frå Bloggrevyen