Hamskifte

Av og til er det godt å skifta ham

Archive for March, 2008

Mixtape

Det er ein del dagar sidan eg sÃ¥g det nemnd først, rundt om pÃ¥ fleire ulike bloggar. Den nye tenesta kalla Muxtape. Namnet og tenesta er inspirert av dei gode gamle kassettane, der ein tok opp melodiar av ulike artistar, laga ein miks ein hadde sans for, som ein sÃ¥ kunne ha som favoritkassett – eller dela med andre.

Muxtape er ein moderne versjon, der internett spelar rolla som kassett. Og på same måte som med ein fysisk kassett, så er det ei grense på kor mange melodiar du får plass til. I muxtape, så er det 12 melodiar som kan streamast.

Sjølvsagt måtte eg prøva sjølv òg, så om du vil, kunne du høyra på min mixtape. Kunne, fordi tenesta er lagt ned.

Comments are off for this post

James — Laid

Det er ei god stund sidan eg har hatt ein musikkvideo her no, er det ikkje? Så, for å bøta på det, her er James: Laid.

Comments are off for this post

Når møkki på marki eg spreier

Olkabilamo - omslaget til singelen av SalhuskvintettenEi soge om ein målstrid. Men, sjølv om målstrid kan vera aldri så spanande, så vil eg innleiia med noko heilt anna, nemleg ei vitjing på Clas Ohlson. Dei har nemleg hatt eit tilbod gåande ei stund no, på ein litt moderne platespelar. Ein som kan spela gode, gamle LP-plater i vinyl. Kan spela CD òg, og har radio, men det som var interessant med dette anlegget er at det kan ta opp til minnekort eller USB minnepinne – konvertere til MP3 frå CD eller vinyl.

Det er det siste som var av interesse for meg, det Ã¥ kunne ta opp frÃ¥ vinyl utan Ã¥ fikla med leidningar og styr frÃ¥ anlegg til PC, slik som eg mÃ¥tte gjera med det gamle anlegget mitt. At drivreima til den platespelaren mÃ¥ skiftast for Ã¥ greia Ã¥ snurra platetallerkenen rundt har nok òg hatt litt Ã¥ seia… Denne moderne platespelaren har dei hatt pÃ¥ Clas Ohlson ei stund no, men det som har halde meg tilbake frÃ¥ Ã¥ kjøpa er at eg ante jo ingenting om kvaliteten. Inkludert kvaliteten pÃ¥ mp3-filene som ville vera resultatet av opptak – ville dei vera sampla med 128 kbps, eller? No fredag tok eg sjansen, sidan ein minnepinne pÃ¥ 1GB følgjer med pÃ¥ kjøpet ved det noverande tilbodet.

Erfaringar? Lyden frå dei medfølgjande høgttalarane er ikkje noko særleg å skryta over, men eg kopla spelaren til anlegget mitt eg, og lyden vart fin. Opptakskvaliteten? Den kan eg variere, frå 32 til 256 kbps. Alt i alt skal eg ikkje klaga.

SÃ¥ nærmar me oss mÃ¥lstriden her. For Ã¥ testa nemnde opptakskvalitet sÃ¥ mÃ¥tte eg jo ta opp noko. Eg fann fram nokre gamle vinyl 45-singlar, som har tilhøyrd opphavet. (Er vel for sÃ¥ vidt deira enno, men dei bryr seg ikkje.) Noko av det eg tok opp dÃ¥, var eit par singlar av Salhuskvintetten. Songen om Pop Ola (NÃ¥r møkki pÃ¥ marki eg spreier) er ei levande skildring av korleis populærmusikken er fordervande pÃ¥ sprÃ¥ket – men nynorskfolket gir seg jo ikkje sÃ¥ lett… 😉

Singelen har hatt eit opphald litt for nær ein omn ein gong i tida, noko som ikkje akkurat har forbetra lyden i starten, men om de greier å oversjå det: Nyt musikken.

Om de har problem med å spela av musikken, eller vil høyra meir, gi frå dykk lyd i kommentarane.

Comments are off for this post

Talentlaust?

Fredagskveldane sÃ¥ har eg kost meg litt med “Norske talenter” pÃ¥ TV2 eg. Inkludert no sist fredag. Eitt av innslaga som gjekk vidare, var den samiske rapgruppa Duolva Duottar – men ikkje heilt utan krangel og kontrovers. Thomas Giertsen likte nemleg ikkje det han høyrde. Det kunne jo for sÃ¥ vidt vore heilt greitt det, alle har jo ikkje sansen for rap, og alle er heller ikkje talentfulle – men grunnen til det negative her var altsÃ¥ at dei rappa pÃ¥ samisk, og det forstod ikkje herr Giertsen. Slikt blir det jo brÃ¥k av, men Giertsen synest dei to andre var hyklarar – dei hadde jo trykt pÃ¥ knappen sin dei òg, og avbrote framsyninga.

Han har jo eit poeng der. Kvifor avbryta rapparane, om dei hadde lyst å senda dei vidare?

Personleg sÃ¥ har eg ikkje sÃ¥ særleg mykje til overs for rap, vanlegvis, men denne gongen vart eg skuffa dÃ¥ alle tre kryssa lyste raudt pÃ¥ tavla. Eg hadde lyst Ã¥ høyra dei rappa ferdig, eg. At dei rappa pÃ¥ samisk hadde slett ingenting Ã¥ seia. Eller – ingenting negativt, i alle fall. Dei som har sett og høyrd gjennom musikkvideoane eg har her i bloggen, har nok høyrd japansk, koreansk, thailandsk og hebraisk, om eg ikkje hugsar feil. Sjølv fattar eg ikkje bæret av desse sprÃ¥ka, men eg har no sansen for musikken og songen likevel. Personleg har eg enno fleire uforstÃ¥elege tungemÃ¥l i musikksamlinga mi – arabisk, urdu, ungarsk, tjekkisk, fransk og masse meir. Eg er kanskje litt sær sÃ¥nn, men song pÃ¥ sprÃ¥k eg ikkje forstÃ¥r er berre spanande det. Og éin ting er i alle fall sikkert: Talentet til alle dei artistane forsvinn ikkje sjølv om innhaldet i det dei syng om er noko eg ikkje fÃ¥r med meg. SÃ¥ òg med dei samiske rapparane. Eg er glad dei vart sendt vidare.

Berre håpar eg får høyra dei ferdig neste gong.

Comments are off for this post

Djengis khan

Dersom nokre mÃ¥tte tru at eg har pikante opplysningar om Temudjin her, sÃ¥ mÃ¥ eg nok skuffa litt. Eg kom berre til Ã¥ tenkja pÃ¥ han fordi eg har sansen for ein del av det japanske. Ingen direkte samanheng med denne mongolske fyrsten – khanen – men det var songen “Koi no dance site” med Morning Musume som fekk meg til Ã¥ assosiere:

Rettnok oppfattar eg korkje “Temudjin” eller “djenghis khan” iteksten der (sjølv om det godt kan gÃ¥ forbi meg) – innhaldet i songen er vel heller stikk motsett av kva han praktiserte – men om det ikkje ringer nokre bjeller, sÃ¥ kan me ta turen til Tyskland og Dschinghis khan:

NÃ¥r det er sagt: Er det nokre som veit om noko mongolsk musikk pÃ¥ nettet? No byrja eg lura pÃ¥ korleis det høyrest ut…

Comments are off for this post