Barnlege glede

Det skal ikkje alltid så mykje til for å ha det gøy i lag med små born, og få dei til å le godt. Innpakking, til dømes. Dei fleste av oss veit jo kor mykje ei pappøskje kan vera: Bil, båt, dokkehus, tidsmaskin, … Men så klart, enklare og mindre ting kan gjera det enklare å dela gleda. Ein del små leiker (og sikkert meir til) kjem innpakka i halvkuler som er sett saman til ei kule. Det gjer same nytten som ein ball ofte, og ballar er alltid populære.

For ikkje så lenge sidan hadde eg i tillegg til ei slik kule ein liten nevø på fanget, og kunne dela gleda over denne og det me kunne gjera i lag. Kasta kula att og fram mellom oss, til dømes, eller noko så enkelt som å gøyma ho under genseren og plystra litt heilt uskuldeg og sjå opp i lufta, som om ingenting skulle ha skjedd. Klassikar. Veldig moro for minstemann som slett ikkje vart lurt og visste godt kvar kula var, men han måtte jo få prøva sjølv òg. Ikkje fullt så moro kanskje, men gøy likevel.

Ein av fordelane med ei slik kule, framfor ein ball, er at kula kan gå i sundt. Det vil seie, ho kan dela seg opp i to halvdelar. Oftast ganske enkelt, og av og til når det ikkje var meininga. Men kva gjer vel det? I staden for ein trillund kul på magen vart det i staden to halvrunde kuler, og dei kunne eg flytta litt lengre opp…

Det var suksess det! Og denne gongen var guttungen rask med å riva opp genseren sin for å få halvkulene under, for deretter hoppa av fanget mitt og gå og visa seg til andre. I dette tilfellet var det mormor, som ikkje syntest det var like gøy, utan at guttungen vart noko særleg deppa av det.

Kvelden etter så sat han på fanget til pappaen sin, og leikte med same kula. Han delte ho ikkje i to, men første del utførte han perfekt: Under genseren med kula, sjå opp i lufta og plystra uskuldeg. Vel, kanskje ikkje akkurat plystra, men mimikken var der så absolutt. Absolutt herleg å sjå. 🙂