Ekstra heldig?

Ein gong tilbake i tidleg ungdom så leste eg ei bok om det å lesa i hendene. Eller kanskje fleire bøker, eg lånte fleire bøker om mykje rart i den tida, men det er nokre få ting som heng att frå det om å lesa i hender, blant anna linjene som fortel kor heldig du er som person.

3 linjer ved handleddet

Ved handleddet kan det vera opp til tre linjer tvers over, og det er altså desse som fortel kor heldig du er: Jo fleire, jo betre, og dei går frå null til tre stykke.

Eg for min del har 2,5-3 stykke – den i midten er tydeleg fram til midten, og så er ho svært svak vidare. Men, eg skal i følgje teorien vera ein heldig person då.

Grunnen til at eg kom til å tenkja på det, er at opphavet kom nedover på besøk, for å hjelpa meg med ei skikkeleg reingjering. Han skulle ta med seg ein dampvaskar som skikkeleg gjer veg i vellinga. Det gjorde han òg, men det som overraska meg, var definisjonen han og mammo må ha hatt på “reingjering.” Dei spanderte nemleg nye, større bokhyller med vitrinedører på meg. Og for å få møbleringa til å gå opp, så fekk eg nokre nye CD/DVD-hyller i same slengen. No står det berre att å rydda inn i hyllene og gruppere slik at eg lett finn det eg skal ha tak i. Det vert deilig! 🙂

Så – for min del så stemmer kanskje desse linjene? Rettnok har det skjedd ting eg ikkje ser på som særleg heldige tidlegare, men pyttsann. Eg er heldig, eg. Kva med deg?