Hamskifte

Av og til er det godt å skifta ham

Ordre frå legen: Sol deg topplaus!

Topplaus dukkeEg var såvidt innom legen i går, for å få sjekka eit utslett eg hr fått. Eller, for å kontrollere korleis det stod til med eksemen eg hadde behandla ei stund no. Det stod dårleg til med den. Ikkje bere dårleg til, forresten: Eg hadde heilt greidd å kverka han. Ikkje noko meir eksem i sikte.

Godt nytt for meg, men til gjengjeld hadde eg fått eit anna utslett og infeksjonar som biverknadar av denne behandlinga. Det kunne behandlast medisinsk, men legen ville heller at eg skulle sola meg topplaus! Det var god medisin det òg.

Vel, OK. Greit. Han tok vel ikkje akkurat ordet topplaus i munnen, men sidan det er litt i det området som treng den sola, så ligg det jo reint logisk det i det, at eg skal sola meg topplaus, ikkje sant?

Dessutan var det gøy Ã¥ skriva. Kanskje helst det… 😉

2 comments

2 Comments so far

  1. Odin/Velmont July 3rd, 2007 18:31

    Haha. Sensasjonell yverskrift. Hadde ikkje eg lese alle innleggi, so hadde eg nok uansett lest denne :p

    Godt du ikkje fær soleksem då. Kjenner folk som ikkje kann visa seg for mykje til soli, av di då fær dei kviseliknande hud. :-/

    Eg var hjå legen i dag. Det hev eg tenkt å skriva um, sidan eg umtrent aldri er hjå legen. Må berre fiksa datamaskini mi (oops).

  2. Monica July 4th, 2007 12:33

    DÃ¥ er eg spent pÃ¥ kva overskrift du vil nytta til ditt innlegg – mÃ¥ du sola deg topplaus du òg?