Hamskifte

Av og til er det godt å skifta ham

WordPressplugin: Eit ønske

Det var i samband med førre innlegg — det om Ã¥ leika med dokker — at eg kom til Ã¥ tenkja pÃ¥ at det kunne vera praktisk av og til om besøkande pÃ¥ sidene mine kunne lasta opp bilete for Ã¥ bruka i kommentarane. Det er jo ikkje rÃ¥d Ã¥ gjera som standard, sÃ¥ eg fór ut og leita etter ein plugin som kunne hjelpa meg med dette. Diverre – det næraste eg kom var litt hjelp med Ã¥ endra i ei WordPress-fil slik at img-taggen kunne brukast.

Det hjelper jo godt pÃ¥ veg den endringa dÃ¥ — eg mÃ¥ berre hugsa pÃ¥ denne fiksen kvar gong eg oppgraderer til ein nyare versjon av WP. Men av og til kunne det vore mykje meir praktisk Ã¥ kunna lasta opp direkte i kommentaren. Eg er med andre ord stadig pÃ¥ jakt. At eg ikkje fann ein slik plugin treng ikkje bety at det ikkje finst, sÃ¥ eg spør eg: Er det nokre som les dette som veit kor noko slikt kan finnast? Eventuelt om det er nokre som kjenner seg kalla til Ã¥ laga noko slikt etter Ã¥ ha lese dette. 😉

2 comments

2 Comments so far

  1. Odin / Velmont May 24th, 2007 0:31

    Hmm, du kann jo laga ein sjølv? Eg trur ikkje eg vil prioriera det sjølv sidan eg ikkje treng det. Det er mange andre instikk eg heller lyt gjera fyrst. Likevel hev eg framleis ikkje gjort anna enn ein p-inni-blockquote-fiks :p

    Men det virkar veldig greitt å skriva innstikk til WordPress.

  2. Monica May 24th, 2007 23:14

    Det kunne vore gøy å laga eit innstikk sjølv, men enn så lenge veit eg ikkje korleis. Eg treng i alle fall å lesa og læra korleis innstikk skal lagast, korleis eg skal få til å laga ei opplastingsrutine, og kombinere desse to.

    Mulig det er relativt lett Ã¥ gjera, men nett no er eg ikkje opplagt til Ã¥ læra noko særleg i det heile… 😕

    Uansett, det vil ikkje bli prioritert over alt det andre eg bør gjera, sidan dette kun hamnar i kategorien “kunne vore kjekt Ã¥ ha” 😉