Hamskifte

Av og til er det godt å skifta ham
Archive for May 1st, 2007

Hedwig and the Angry Inch — Wig in a Box

Eg har hatt ein del musikkvideoar her i helgene no — men ingen karaoke. Dersom de saknar det siste, sÃ¥ er det ein ørliten sjanse til Ã¥ fÃ¥ med seg det her. Berre pass pÃ¥ at du ikkje blunkar pÃ¥ feil tidspunkt… 😉

Her er videoen frÃ¥ musicalen — kanskje den finaste melodien?

Comments are off for this post

Viktige ord

Day by Day-cartoon

Gutar leikar ikkje med dokker, sånn er det berre. Actionfigurar og denslags derimot, det er heilt greit. Me vil kanskje flira av ei sånn ordveksling som i teikneserien over, men etter ei stund så hadde visst det der kverna litt i bakhovudet, for eg kom til å tenkja på at det var i grunnen ei veldig kjent ordveksling det der, om enn på eit anna område: Klesplagg.

Eg gÃ¥r ut i frÃ¥ at flesteparten er klar over at det finst eit herreplagg som gÃ¥r under namnet “kilt.” Det er òg fleire sterke meiningar om og rundt kilten, at han skal vera skotskrutete og brukast av skottar til dømes, men òg: Er kilten eit skjørt? I følgje definisjonen av eit skjørt er kilten ein bestemt type skjørt, men det er likevel mange som slett ikkje vil ha noko sÃ¥nt snakk; ein kilt er ikkje eit skjørt!

Eg veit det er fleire døme pÃ¥ at det finst herre- og dameversjonar av same tingen, der herreversjonen slett ikkje mÃ¥ kallast det same som dameversjonen. Eg har vore ute for slikt — men ikkje kul om eg greier Ã¥ koma pÃ¥ døme nett no… Hjelp?

Uansett, det eg undrar pÃ¥ er dette: Kvifor denne sterke motviljen mot Ã¥ bruka same ord for same ting, enten det er for menn eller kvinner? Kvifor er det sÃ¥ viktig Ã¥ bruka eigne namn — gjerne kun eigne namn — for herreversjonane?

Comments are off for this post

Sommartid – katastrofalt for klimaet?

Mange ser nok på innføringa av sommartid som noko positivt. Lange lyse kveldar og alt det der, men er det så udelt positivt? Har nokre tenkt i gjennom konsekvensane dette har for miljøet, og klimaet? Jada, de les heilt rett. Dette påverkar faktisk negativt til den globale oppvarminga. 16. april stod det ein interessant tekst i Arkansas Democrat Gazette, vel verd å få med seg.

Comments are off for this post