{14. January, 2007}   Kan eg kalla ho «venninne»?

No har eg ikkje tenkt Ã¥ fundere sÃ¥ veldig mykje pÃ¥ dette, i alle fall ikkje i denne omgang, men tanken slo brÃ¥tt ned i meg dÃ¥ eg sat og chatta litt med ei venninne. Om eg dÃ¥ kan kalla ho «venninne.»

Det er ikkje dei vennskaplege banda mellom oss eg tenker pÃ¥, men det reint grammatiske. SprÃ¥ket vÃ¥rt har jo blitt ganske sÃ¥ kjønnsnøytralt etter kvart – me har lært at me ikkje skal bruka ord som fortel noko om kjønnet til den me snakkar om. Lærarinne, til dømes – det heiter det ikkje. Det heiter lærar, om bÃ¥de menn og kvinner. Det er heilt i orden Ã¥ seia «kvinneleg lærar», men ikkje «lærarinne.» Flyvertinnene har lidd same skjebne, men her er ordet erstatta av eit heilt anna: Kabinpersonale. Kanskje fordi det ikkje fantest flyvertar? Kvinner i leiande stillingar fekk ikkje vera forkvinner – formenn forsvann i staden og vart erstatta av leiarar. Og sÃ¥ vidare.

Dei kjønnsbestemte titlane har altsÃ¥ generelt sett forsvunne frÃ¥ sprÃ¥ket vÃ¥rt. Det er to unntak eg kjem pÃ¥ no: I selskap blir dei som har invitert og stelt i stand maten og slikt kalla for «vert» og «vertinne». Og sÃ¥ har me altsÃ¥ «venn» og «venninne». Men – kor lenge har eg lov Ã¥ kalla venninnene mine for «venninner»? Kva tid mÃ¥ eg byrja Ã¥ kalla dei «kvinnelege venner»?

Litt for vanskelege tankar i ei sein kveldsstund…

Liknande innlegg:


{14. January, 2007}   Harisu - Temptation

På tide å plukka opp igjen dei tematiske musikkvideoane, kanskje?

No skal det seiast at teksten til «Temptation» ikkje har sÃ¥ mykje Ã¥ gjera med transar. Faktisk ikkje noko i det heile, sÃ¥ vidt eg veit. Derimot er den koreanske artisten Harisu godt innanfor tema: Ho er transseksuell, og svært populær i heimalandet, etter det eg forstÃ¥r.

Liknande innlegg:



Av og til er det godt å skifta ham

  • Kalender

    January 2007
    M T W T F S S
    « Dec   Feb »
    1234567
    891011121314
    15161718192021
    22232425262728
    293031  
  • Arkiv

  • Avstemmingar

    Menn i skjørt?

    Sjå resultat

    Loading ... Loading ...
  • Sider

  • Hamskifte Mixteip

  • Kategoriar

  • Tilfeldig plukka

  • Siste innlegg

  • Siste kommentarar

  • Stikkordsky

  • RSS Glugg

  • RSS Siste frÃ¥ Bloggrevyen

  • Opera 9.6 - Making you faster