Bært! Bært! *Vinke*

Eg anar ikkje kven han er, men eg har sett han ein del gongar. Det skal nok noko til å oversjå han òg, for kvar gong han køyrer forbi meg, så fløytar han på meg og vinkar ivrig. Det har han gjort sidan i vår. Han har til og med teke omvegen innom ein liten blindveg for å kunna køyra forbi meg og fløyta, vinka og smila.

Eg? Vel, eg greier jo ikkje la vera å smila, då. 🙂

Ei spesialisert ordbok

Livet og det me gjer og omgir oss med kan delast opp på fleire ulike måtar, kategoriserast og delast opp i ulike fagområde og så vidare. På dei ulike områda er det ikkje uvanleg at det vert brukt kvar sin terminologi og vokabular som andre, utanfor dette miljøet, kanskje ikkje så lett forstår eller har kunnskap om. Heldigvis finst det difor ordbøker av ulikt slag: Medisinsk ordbok, teknisk ordbok, synonymordbok for den del, og så vidare.

Kva så med mitt “felt”? Eller greit nok, eitt av dei – det som kan vera eit tema i denne bloggen. Ta til dømes ordet “transe” – eit ord som kan skapa fleire ulike assosiasjonar hjå ulike folk (ikkje alle like korrekte) men, kva andre ord og vokabular generelt sett blir brukt her, av og om transar?

Eg må innrømma at eg ikkje veit om noko norsk ordbok på feltet. Det kan kanskje gjerast noko med, men fram til så eventuelt skjer, her er den engelskspråklege Trannisaurus. Les og lær! Eller – var det le og lær?