Hamskifte

Av og til er det godt å skifta ham
Archive for November 9th, 2006

Guteleiker?

porsche 356Eg var i leikebutikkar i gÃ¥r for Ã¥ kjøpa ein presang til eine nevøen min — det er jo slikt eg gjerne gjer nÃ¥r dei har fødselsdagar. Ikkje uventa var eg ikkje Ã¥leine i butikkane — det var òg ein del ungar der, med og utan foreldre. Ungane ville sjølvsagt ha masse av det dei sÃ¥g, og bønene om Ã¥ fÃ¥ det eine eller andre var meir eller mindre vellukka. Helst mindre.

Dei som fekk meg til Ã¥ tenkja litt var foreldrene som var ute med dotter si. Ho var vel rundt 3-4 Ã¥r, og skulle tydlegvis fÃ¥ eitt eller anna, sÃ¥ dei vandra rundt mellom reolane for Ã¥ finna noko passande som ho ville ha. Dei vanlege innvendingane var der jo — det var for dyrt, eller det passa meir for dei som var eldre. Men sÃ¥ var det noko jentungen likte, men som mora ikkje syntest noko om. “Det er guteleiker. Det er sÃ¥nt som gutane leikar med,” sa ho, og for bestemt vidare. “Og jenter,” prøvde faren seg med, men mora var like bestemt pÃ¥ at det der var guteleiker, og slikt noko skulle ikkje jenta ha.

Det var visst ikkje sÃ¥ farleg for jenta, ho traska glad vidare etter mora og sÃ¥g pÃ¥ nye ting. Eg for min del var nyfiken pÃ¥ kva det var som hadde skapt sÃ¥ store reaksjonar, sÃ¥ eg kikka rundt hjørna pÃ¥ reolen og fann — bilar. Det var dyre, radiostyrte bilar for litt eldre ungar, sÃ¥ bÃ¥de pris og alder kunne vera grunn til Ã¥ seia nei, men i staden var det det at det er guteleiker som var det viktige.

Eg kunne i første omgang ikkje forstÃ¥ kvifor det skulle vera sÃ¥ farleg om jenta likte bilar/guteleiker — særleg ikkje i vÃ¥re dagar nÃ¥r det er lagt sÃ¥ mykje vekt pÃ¥ likestilling, like rettar og like mulegheitar. Rettnok har opphavet mitt fortalt meg at dÃ¥ eg var liten, sÃ¥ var den populære pedagogiske haldninga at gutar og jenter skulle fÃ¥ leika med dei same leikene — det skulle ikkje gjerast forskjell. Det var ikkje ein særleg vellukka pedagogikk… Eg hugsar at eg fekk plukka ut ei dokke til meg sjølv, men eg kan ikkje hugsa at eg nokon gong leika med ho. Men det er ein forskjell pÃ¥ Ã¥ gi tradisjonelle jenteleiker til gutar og vice versa fordi det skal vera pedagogisk fornuftig, og Ã¥ gjera det fordi ungane har lyst pÃ¥ det. I sistnemnde tilfelle er det interesse til stades.

Når det så er slik at t.d. ei jente har interesse for såkalla guteleiker, er det då rett å nekte ho det? I så fall, kvifor? Eg er nyfiken på kva haldningar ein legg til grunn, og kva haldningar ein i slike tilfelle lærer vidare til ungane. For å ha det sagt: La no ungane leika med det dei vil, meinar eg.

5 comments