Faith No More – Easy

Enkelte lurar kanskje på korleis denne songen passar inn i tematikken eg har sagt eg vil ha med musikkvideoane. Ikkje er det noko transetema i teksten, ingen av bandmedlemene er (så vidt eg veit) transar — men det bør gå lett fram likevel av videoen sjølv kvifor han kjem med her. 😉

Mitt hemmelege sjølv

Eller som originaltittelen på engelsk heiter: My secret self (Lenker:1, 2, 3. Frå 27. april i år.)

Eg fann denne dokumentaren via Transkrift, og sette meg til å sjå med éin gong. Det er ein fin og sterk dokumentar om transkjønna born, der dei intervjuar tre familiar om korleis både foreldrene og borna opplever både situasjonen med at det borna har mellom beina ikkje stemmer med det dei har mellom øyrene, og korleis dagane elles er for dei. Det er ikkje alltid like lett!

No er eg jo ikkje i same situasjon sjølv, men eg kunne no dra kjensel på enkelte ting der, og forhalda meg til det reint personleg. Men uansett så er dette noko eg tilrår alle å få med seg, for å læra om korleis det er for transkjønna, og forstå dei betre. Kanskje du sjølv har eller får transkjønna venner – eller, korleis ville du reagert om ditt eige born ein dag kom og sa at Gud hadde gjort ein feil med kroppen…?

Glen or Glenda

Til å gå med den førre posten min, så vil eg her presentere eit meisterverk av den berømte filmskaparen Ed Wood. I filmen “Glen or Glenda” frå 1953 presenterer han oss for det kompliserte temaet “kjønn” – her ved hjelp av to historiar, om ein transvestitt som må fortelja forloveden sin om trongen til å kle seg i dameklede, og om ei transseksuell som vil skifte kjønn vha operasjon.

Ein gripande og god film du berre få med deg. Eller kanskje ikkje. Uansett, her er filmen:

Opplading til Melodi Grand Prix

Tidlegare skreiv eg ein liten notis om Danmark sitt bidrag til MGP, og at det er ein drag-artist som framfører den. No ser eg at Ukraina sitt bidrag òg er klart – og i følgje VGTV så er det nokre som ikkje set særleg stor pris på artisten som framfører det. Artisten Verka Serdyuchka er nemleg transvestitt. I alle fall er det det eg har lest før òg, men sjølv seier han det er snakk om eit scene show, så då må han kanskje plasserast i drag queen-kategorien, han òg?

Uansett, her er Ukraina sitt bidrag: Dancing.

Blur – Girls & Boys

Det er ein del år sidan eg høyrde ein melodi på radioen, der refrenget berre fekk meg til å stoppa opp og høyra etter: Jenter som ville vera gutar, ville ha gutane sine til å vera jenter og ein heil masse genderbending. Kva melodien heitte og kven som song, det fekk eg ikkje veta då, men etter å ha skrive refrenget (ikkje heilt korrekt) på Usenet fekk eg veta det.

Her er dei: Blur, med “Girls & Boys”