Manglar menn shoppinggenet?

Kvinne ute og shopparNo stiller eg vel eit unødvendig spørsmål i overskrifta – det er jo opplest og vedteke at menn manglar shoppinggenet. Menn likar ikkje å gå rundt i butikkar for å berre sjå, og kanskje handla noko om dei kjem over noko dei berre ha. Sånn er det berre.

Eller?

Når eg tenker meg om, så tek vel desse påstandane utgangspunkt i premissa frå kvinner — at menn ikkje likar å gå rundt i same typar butikkar som kvinner. Klesbutikkar er eit ynda døme på denne forskjellen: Kvinner kan gå rundt og sjå på klede i fleire timar, mens tidsforbruket til menn kan målast i minutt. Men er det så rart då?

Eg hugsar ein reklame for ei tid tilbake, ein mann som skulle ha seg nye gensrar. Ein med rund hals, ein med V-hals, og ein med høg hals. Inn i butikken, finn dei raskt, og det var det. Korleis kunne kvinner bruka så lang tid på den slags? Litt på spissen, men det er jo slik utvalget er i herrebutikkar og herreavdelingane: Nokre få typar gensrar, bukser, skjorter, nokre få fargar, av og til litt mønster — kor lang tid brukar ein på å sjå gjennom alt? Skal ein mann kle seg opp, så har han i grunnen berre eitt valg. Dress, blazer, jakke/bukse/skjorte — det er små variasjonar over same tema.

Flyttar du blikket over frå herreavdelingen til kvinneavdelingen, så er mengda det første som slår ein. Ikkje fordi det er så mykje fleire like plagg av kvart enn for menn, men fordi det er mange fleire variasjonar. Ei bukse er ikkje berre ei bukse – det finst utallige snitt, mange variasjonar i stoff, fargar og mønster. Same for gensrar, toppar, skjørt, kjolar… Skal ei kvinne kle seg opp så finst det òg mange valg. Det er råd å sjå på ulike variasjonar i selskapsklede i fleire timar. Ei kvinne kan òg – om ho vil – kle seg etter temperatur og vêr…

Så at ein mann går lei av å sjå på klede etter kort tid er ikkje så rart – det er grenser for kor lenge han likar å sjå på dei same plagga heile tida. Men om me ser på verktøy, elektronikk og tekniske duppedittar — slikt som tradisjonelt menn skal lika — korleis er biletet då? Joda, då kan mannen gjerne gå rundt og kikke — lenge. I alle fall så lenge han ikkje har dama med, for ho synest gjerne at slikt ikkje er interessant å bruka tid på …

At mannen manglar shoppinggenet stemmer vel ikkje heilt då, så lenge det finst nok av ting å shoppa rundt etter. Av interesse for han.