Ikkje alle likar rosa…

…men det kan få dei i godt humør.

Det var tysdag kveld det, eg bestemte meg for at neste dag, då skulle eg vera rosa. Så eg måtte jo forbereda meg litt, med å lakka neglene i ein passande farge eller to. Det gjorde eg. Og så gjekk eg og la meg.

Onsdagen kom, og eg slengde på meg ein lys, rosa genser. Augeskuggen, den var sjølvsagt rosa, og litt lett rosa leppestift høyrde med, òg. Neglene, dei var sjølvsagt knall rosa, med ei tynn stripe i mørkare rosa som gjekk diagonalt over dei. Ikkje så mykje arbeid, men det vert så mykje betre og litt ekstra med neglene på den måten. Og så var det på jobb, då.

Me er i eit lite kontorfellesskap, og då ein kvinneleg kollega kom på jobb og såg meg, så bobla det over med ein trillande latter. Kven var det som gjekk i rosa slik, lurte ho. Vel, eg foreslo jo meg, og damer eg. Min mannlege kollega i starten av 40-åra foreslo faktisk òg 42 år gamle menn. Ingen protestar kom på det. Trur ikkje ein gong ho prøvde å protestere, men ho var i alle fall i godt humør resten av dagen.

Akkurat det var noko ho faktisk trengte òg, den dagen, fortalde ho meg seinare. Ho hadde fått litt dårleg nytt, og noko kjedeleg som måtte gjerast. Kjedeleg, i tydinga “mindre hyggeleg”. Då var det godt at det finst slike som meg, som kan spreia litt glede i kvardagen, på ein god måte. 🙂

Vel, kva kan eg seia? Mission accomplished!

Leppestift farleg – for kvinner

Det er ein artikkel i AVIS2 som fortel oss om dei farlege sidene ved leppestiften. Brukar du leppestift på julabordet, kan du få kreft. Skræmande lesing, så klart, og det blir ikkje betre når me les vidare: Nyresvikt, impotens og fødselsproblem er òg problem. Alt dette på grunn av eit stoff i leppestiften, BBP. Det er heldigvis ulovleg i leppestiftar produsert i EU-land, men det er likevel funne i fleire undersøkjingar av den britiske kosmetikkmarknaden.

Det er jo alvorleg og lite hyggeleg dette, men likevel – noko eg la godt merke til, var vektleggjinga av at dette gjeld kvinner. No er det rett nok ikkje så mange menn som brukar leppestift, men kvifor då denne poengteringa av at det er kvinner som står i faresona av å bli skada/sjuke av bruken? Det burde jo logisk følgja av det at det er kvinnene som brukar leppestift. Eller, er det andre grunnar til at kvinnene vert nemnd spesielt – er det forskjellar mellom menn og kvinner her, slik at det faktisk kun rammar kvinnene som brukar leppestift, og menn i tilsvarande situasjon er heilt utanfor fare?

No har jo menn allereie svært store problem med å føda born, og bruk av leppestift vil neppe gjera det problemet større. Impotens blant menn og kvinner er ikkje heilt det same heller, men brystkreft og nyresvikt – eg trur neppe kroppane våre er så ulike på dette feltet, at me reagerer så ulikt på same stoff, at det kun er kvinnene som står i faresona ved bruk av leppestiftar med dette stoffet i.

Diverre, kunne eg nesten sagt. Det kunne vore hyggeleg å berre vifta vekk slikt med at det ikkje gjeld menn, men det er nok berre forfattaren av artikkelen som ikkje har tenkt godt nok på formuleringane, slik at det ser ut som om det kun gjeld dei kvinnelege brukarane av leppestift.

Korriger meg gjerne om eg tek feil.

Det me ikkje likar, bør ingen få lov til

Som enkelte av dei som er innom bloggen min har lagt merke til, har eg ei avstemming gåande på sida her, med nye spørsmål no og då. No for tida har eg hatt spørsmålet om sminke for menn framme (det går fint an å stemme på dei som er i arkivet òg) og resultata der forundrar meg ærleg talt lite grann.

No skal eg ikkje gjera meg viktigare enn eg er og dra så bastante haldningar ut av denne statistikken, for mange er det ikkje som stemmer. Eg har nok alt for få besøkande til det. Likevel, eg undrar meg altså litt.

Spørsmålet er kort og godt om me bør få sminke for menn. Ikkje heilt uventa (vil eg tru) er det eit fleirtal som er positive til dette av dei som er innom her. Og stemmer. Dei resterande vil helst ikkje eller slett ikkje ha noko av dette. Ingen har kryssa av for at det er det samma for dei – og det er det som overraskar.

At dei som kunne tenkja seg å bruka sminke sjølv, eller vil at mannen/kjærasten skal bruka det, er positive er naturleg nok. At mange er skeptiske til å bruka sminke sjølve overraskar heller ikkje, men at ingen av desse synest det er det same kva andre måtte gjera, det overraskar. For det er jo det som ligg i valget “Samma for meg.” Kan det ha vore litt mistydingar ute og gå, at ein del av dei som har vore negative har stemt ut i frå kun seg sjølve og ikkje kva menn generelt burde kunna gjera, eller er det litt fordommar å spora her?

Uansett, det er jo stadig mogeleg å påverka resultatet, både på denne avstemminga og dei tidlegare som er i arkivet.

Bli sminka i butikk

Makeup i butikk

Har de nokon gong prøvd å få lagt makeup i butikk? Det har eg, nokre gongar. Eg høyrer/les litt rundt om at det slett ikkje er alle som tør det, men det har aldri vore noko problem for meg, uansett kven av meg eg har vore… Det har vore heilt naturleg å behandla meg som dame, og til og med som mann – eg kan vera meg, utan å forestilla meg. Personalet i butikkane har alltid vore minst like vennlege som elles.

Eg har ikkje alltid kjøpt noko dei gongane, men eg har jo plukka opp tips og teknikkar for å få fint resultat, og det er jo alltid godt å ta med seg. Makeup kan brukast på litt utradisjonelt vis òg, har eg lært av dette.

Ein gong eg impulsivt stakk innom og vart sminka som mann forresten, sette sminkøren stor pris på det. Alt for få menn her i landet brukar makeup, meinte ho. Ho samanlikna med menn nedover i Europa, der dette var meir vanleg. For forloveden til dotter hennar (ein italienar) var dagleg makeup heilt naturleg. Kanskje me vil sjå litt meir av i slik utvikling her i landet òg no, når H&M byrjar å føre sminke for menn i sortementet sitt?

Men altså, for min del har det å bli sminka i butikk vore ei udelt positiv oppleving. Prøv det, de òg, menn som kvinner.

Mannesminke

Ikkje før eg har nemnd menn og hårfarging i førre innlegg, så ser eg Aftenposten kjem med eit innlegg om sminke for menn. Ikkje det at det finst menn som brukar sminke – det er gammalt nytt – men at det no vert å finna i ei stor kjede som H&M. Ikkje berre kremar og slikt, men neglelakk, mascara osv. Er det teiknet på at sminke for menn no er blitt mainstream? At det faktisk er vanlg og godteke?

Vel…

Det er to ting som eg ikkje greier å la vera å tenkja på. Tydlegast er vel kommentarane til artikkelen, flesteparten av dei som har kome så langt er vel heller fordomsfulle. Raske til å dømma, utan å heilt veta kva dei snakkar om, ser det ut til.

Den andre tingen eg tenkjer på er H&M sine herreskjørt. Jada, dei har i alle fall hatt dei – har de ikkje sett dei, kanskje? Det kan sikkert vera fordi dei berre hadde skjørta inne i enkelte av butikkane sine, sjølv om dei vart seld unna fort. Skjørta vart ikkje spreidd rundt til alle butikkane i kjeda. Eg reknar i grunnen med at H&M vil bruka same praksis med sminken, at den kun vil vera tilgjengeleg i enkelte butikkar i større byar.

Så, sjølv om det no er i sortementet til ei stor kjede, så vil nok ikkje sminke for menn vera så heilt vanleg å sjå likevel, tenkjer eg. Men det er då ein start.

Supermodell, eg?

Dior-reklameEg gjekk berre rundt og kikka då den store sjansen til ære og lovord opna seg for meg. Å bli behandla som ei prinsesse, bli frakta rundt i limosin, bli dulla og stelt med av profesjonelle som kan det dei held på med, styla opp og fotografert, stor reportasje om meg og påfølgjande fanskare og autografskriving — alt kan bli mitt.

Teoretisk sett.

Vel, kanskje ikkje så heilt stor fanskare heller då, men pyttsann. Eg gjekk som nemnd rundt og kikka i butikkar, og plukka med meg ei lita brosjyre frå Esthetique. Dei og Dior inviterer til å bli med i kåringa av “Look of the Year” stod det der. Eg stoppa opp og kikka inni brosjyra, og fann ut at det er i samband med lanseringa av diverse nytt frå Dior at me i perioden 11. – 23. september kan få lagt makeup hjå Esthetique, og (om me ønsker det) bli teke bilete av for å bli med i kåringa om å bli “Look of the Year” og få ein draumedag som modell i Oslo. Ja, kvifor ikkje?

Eg gjekk inn eg og vart vakkert sminka etter alle kunstens reglar og i nye fargar. Plukka opp nokre tips gjorde eg òg, så no kan eg enno litt meir når eg sminkar meg sjølv. Alltid godt å plukka med seg meir kunnskap når ein kan, om både teknikkar, fargar, og gode produkt. Og til slutt så vart eg altså teke bilete av.

Så får me sjå då, korleis det går. Teoretisk sett så har eg sjansen til å bli ein av tre som går vidare til finalen i Oslo, og får SPA og ny frisyre og makeup og det, og teoretisk sett så kan eg gå av med seieren òg. Er eg heldig med teorien så kan eg altså oppleva å vera supermodell, om enn berre for ein dag. 😉