Ny butikk: Chywe’s – The Whole Shebang

Ting kan av og til skje fort. For halvannan månad sidan så starta eg forsiktig med å ha ein liten nettbutikk i Second Life, dvs. eg hadde kun varene mine på XstreetXL.com, og ikkje i butikklokale i sjølve SL. På den måten kunne eg bygga meg opp eit passande vareutvalg litt etter litt, utan å ha utgifter til butikklokale. Aberet er at Xstreet tek 5% kommisjon av kvart salg, men det er det verd. Eit større aber er kanskje at sidan eg ikkje har nokre utgifter der, så hastar det ikkje med å få opp masse ulike varer som gjer det freistande for kundar å bruka tid og handla så masse. Noko har eg jo seld, og fått inn nok til å kunna unna meg litt ekstra, men utvalget har ikkje auka så fort.

Men, ting kan altså skje litt fort, av og til. Ei venninne av meg gjorde meg merksam på eit godt tilbod. Så pass godt at ho insisterte på at eg burde slå til på det.

Oversiktebilete over butikklokalet
Oversiktebilete over butikklokalet

Vel – tilbodet gjekk ut på å få butikklokale i tre månadar – gratis. Som ei hjelp til dei som startar opp. Eg tok kontakt med eigaren av lokala, og fekk tilslag. Sikra meg eitt av dei ledige lokala, og meir var litt vanskeleg å gjera nett då. Dette var i går. I dag flytta eg inn med det eg har laga så langt. I alle fall det som er klart for salg.

No er eg i gong.

Klart, det er jo eit aber med dette òg: No må eg laga alt det eg har planar om å laga, for å få eit utvalg som er interessant å sjå gjennom. Nyttar ikkje å berre tenka “seinare” no lengre. Men, det er sikkert berre ein fordel, det.

Og så gjeld det så klart å få kundane inn og sjå kva eg har.

Om du er i Second Life, sp er du kanskje litt nyfiken? I så fall finn du butikklokalet mitt her.

Sorrows End

Slutt på sorgene. Sorgenfri. Gi slepp på bekymringar.

Det tek nok ei stund før eg er der her i livet, men optimist som eg er så har eg eit håp om at eg skal ta eit stort steg mot det målet i år. I mellomtida går livet sin vante gang.

I Second Life går livet òg sin gang. No er det ikkje så lenge sidan eg var innom bloggen sist og nemnde det, kun… eit halvt år. Ting har skjedd sidan då.

Heimen min i Second Life
Heimen min i Second Life


Den gongen hadde eg i grunnen ingen større planar om å bruka penger på dette. Det gjekk jo så fint utan òg. Er du nok om deg så kan du faktisk skaffa deg alt du har bruk for og meir til utan å betala noko som helst for det. Klart, har du pengar, så kan du gjera enno meir…

Eg veit ikkje heilt kva tid det endra seg littegrann for min del, og eg fann ut eg kunne no kjøpa meg litt Linden dollar, sånn at eg kunne ha litt i bakhand til dei gongane eg faktisk hadde lyst på litt meir. Enkelt, og utan å leita rundt over alt etter gratisalternativ. Det var vel kanskje tilbake til oktober i fjor. Eg spanderte på meg nokre få kroner, som vart ein god slump Linden dollar, og dei varte lenge. Eg fekk til og med ha ein skybox (eit hus, solid fundamentert i lause lufta, nokre hundre meter oppe) hjå ei venninne, heilt gratis, sånn at eg hadde ein liten plass for meg sjølv. Litt koseleg.

Det var då det nye året kom og eg snakka med ei anna venninne, at ho spurte kva tid eg skulle kjøpa meg mitt eige land, då …? Oi. Det kom litt bardus på. Eg hadde jo i grunnen absolutt ingen planar om å kjøpa meg land, og bruka pengar på dette i den grad. Åh nei. Men …

…det var jo noko forlokkande med eige land òg då, kunne forma det som eg ville, og bruka ressursane nett som eg ville sjølv. Kunne eg ta meg råd til det? Etter litt tenketid så fann eg ut at eg kunne ta meg råd til ei lita øy – det tilsvara prisen på eitt blad per månad. Og slik vart eg landeigar, to år etter eg først registrerte meg på Second Life.

Øya mi kalla eg Sorrows End – delvis fordi eg er glad i Alvefolket/Elfquest, der dette er namnet ulveryttarane gav det nye landet dei kom til, fritt for dei sorgene dei flykta frå, og delvis fordi det var ein plass eg kunne “flykta” til og berre kosa meg. Og her har eg forma landskapet og bygd meg hus og meir.

Og drøymer om enno større plass…

“Kjønnsskifte” i spel

Eg var som vanleg innom Real Life Comics i dag og leste dagens stripe i denne teikneserien, då eg av ein eller annan grunn kom til å tenkja på menn som spelar online rollespel med kvinneleg karakter.

Det har vel eigentleg vore fleire ulike undersøkjingar om kor stor del av mannlege spelarar som spelar som kvinner i online rollespel (og kvinner som menn) – og det er visst ein del, i følgje dei eg har lest opp gjennom åra. Vel – det er ikkje så mange kvinner som spelar som menn. Grunnen til det kan me kanskje finna i andre undersøkingar, der menn fortel at dei blir behandla betre når dei opptrer som kvinner – i ein del tilfelle òg sjølv om det er kjent at dei i “Real Life®” er menn. Klart, det kjem nok sikkert an på kva spel og kva miljø ein er i, for kvinner har òg fortalt om korleis dei kutta ut slike rollespel på grunn av menn (eller tilsynelatande hankjønn i det minste) som heile tida kom med seksuelle tilnærmingar.

Dumt slik – men eg lurar på korleis det er no? Har ting blitt betre med åra? Det bør det vel ha blitt. Eg meinar å ha lest at kvinner er i fleirtal enkelte stadar – muleg det var Second Life? Men det skal eg ikkje seia noko om, eg stolar ikkje nok på hukommelsen min i dette tilfellet.

Second Life, ja. Eg har så vidt byrja å gjera meg litt kjent med det konseptet sjølv no. Har ikkje vore innom så ofte, så det går litt tregt å læra meg ting der, men det ser jo litt spennande ut, då. Skal nok få prøvd meg ein del etter kvart. Eg treng sjølvsagt ikkje nemna at eg er der inne som kvinne? Skulle du møta ei lettare forvirra Chywe deVinna der inne, så er det meg.

Kvifor er eg kvinne der inne? Vel — ikkje berre er det ein stor del av meg, men eg ser jo i tillegg definitivt feminin ut der inne. Utan å stressa for mykje med makeup og det som elles skal til i lang tid først. 😉

Real Life-stripe; han vil spela som hokjønn