Adresse Beograd – høyrde eg rett?

Eg vart sitjande med PC-en medan NRK sendte “Adresse Beograd” på TV på tysdag. Har pleid å synast at dei programma har vore litt småkoselege å få med meg, uansett kvaliteten på dei ulike melodiane og videoane. Denne gongen syntest eg derimot opplegget var heilt tragisk, så ting gjekk nok sikkert litt forbi meg.

Og det er der problemet mitt kanskje ligg: Fekk eg med meg det ein av “dommarane” sa? David Eriksen representerte Noreg det året Dana International song for Israel, vart det sagt. Eg hugsa ikkje namnet hans, men derimot hugsar eg at han tydlegvis hadde litt problem med akkurat det. At ei transseksuell kvinne var med. Han var nemleg redd for at MGP ville bli eit freakshow på grunn av at ho deltok. Dei kommentarane hans hadde eg absolutt ikkje sansen for.

Og no sist tysdag så syntest eg høyrde meir av same slaget. Det er Dana International som har skrive melodien Israel kjem med i år, og når David snakka om ho, så brukte han pronomenet “ho” – men så kom det ei tilføying eg vonar eg misoppfatta. Eg syntest han sa “eller «han» er det vel” (eller noko liknande.) Kan det stemma? Høyrde eg rett? Det skulle jo vera langt i frå naudsynt å kome med ein slik kommentar.

Programmet går visst i reprise rundt midnatt, natt til laurdag, men eg veit ikkje om eg har så veldig lyst å irritera meg gjennom det programmet (ein gong til) for å sjekka kva han sa…

Djengis khan

Dersom nokre måtte tru at eg har pikante opplysningar om Temudjin her, så må eg nok skuffa litt. Eg kom berre til å tenkja på han fordi eg har sansen for ein del av det japanske. Ingen direkte samanheng med denne mongolske fyrsten – khanen – men det var songen “Koi no dance site” med Morning Musume som fekk meg til å assosiere:

Rettnok oppfattar eg korkje “Temudjin” eller “djenghis khan” iteksten der (sjølv om det godt kan gå forbi meg) – innhaldet i songen er vel heller stikk motsett av kva han praktiserte – men om det ikkje ringer nokre bjeller, så kan me ta turen til Tyskland og Dschinghis khan:

Når det er sagt: Er det nokre som veit om noko mongolsk musikk på nettet? No byrja eg lura på korleis det høyrest ut…