Stay-ups eller slide-downs?

Stay upsStrømper kan gjera beina skikkeleg lekre, men det er neimen ikkje heilt problemfritt heller. Meir spesifikt tenkjer eg på stay ups. Som namnet tyder på, er desse strømpene meint å halda seg oppe utan hjelp av strømpehaldar. Korleis er så situasjonen?

Det varierer jo litt då, det skal eg innrømma. Når strømpene er nye og gummirendene rundt toppen er ekstra klebrig, då sit strømpene godt. I alle fall til vanleg. Men strømper er jo ikkje nye heile tida, og evna til å klistra seg fast til låra avtek forbausande fort. Sjølv ikkje reine og nyvaska strømper får tilbake den evna dei kom med som nye. Gjer det noko? Er ikkje elastikken god nok i lag med littegrann av den anti-gli effekten gummien gir?

Ideelt sett burde det vera slik, men ein dag du anar fred og ingen fare legg du kanskje merke til at det er noko som ikkje stramar som det skulle rundt låra – er du verkeleg uheldig legg du ikkje merke til det før du lurar på kvifor folk kastar eit ekstra blikk ned på beina dine. Då kan det hende du går rundt med kne/ankelstrømper. 🙁

Kor mange er det som har opplevd slikt? Eg veit eg ikkje er åleine om det. Mektig irriterande er det i alle fall. Knestrømpene mine derimot held seg stort sett på plass – det skuldest kanskje til dels forma på leggen, men eg skulle gjerne sett at vanlege stay ups hadde lært seg eit triks der likevel. Eg er litt lei av slide downs-strømper etter kvart.

Berre eit lite hjartesukk…

Ingen vil ta bussen om laurdagane

Eg innrømmer gladeleg at at det nok er ein del som vil våga den påstanden at eg ikkje har heilt rett i det eg seier i overskrifta, men høyr meg ut. Kjøpesenteret Kvadrat i Sandnes har ein viss storleik — landets største har det blitt sagt mange gangar. Det er ikkje å undrast over at det då er ein del ute og handlar der, inkludert om laurdagane.

Busskort, Kolumbus

Det er kanskje ein logisk samanheng der, men det skulle ein ikkje tru om me ser på kollektivtilbodet om laurdagen: Lite! Greit, det er ikkje så gale i byrjinga av dagen, men senteret har ope lenge det, og utpå ettermiddagen går bussane sjeldnare, og det er færre av dei. Med “færre” meinar eg at det er ein del ruter som ikkje går – eller går svært sjeldan.

Kva inneber dette? Kort og godt: Er du ute på storhandel (ikkje så uvanleg no når det er mange julepresangar å kjøpa) så må du gjera deg tidleg ferdig. Brukar du litt tid, og handlar inn litt meir enn du orkar å bæra over lange avstandar så bør du ikkje setja for stor lit til kollektivtrafikken. Slik som til dømes meg i dag. Eg hadde vore ute på julehandel, kjøpt inn presangar og mat, og det var for mykje til å bæra med meg heile vegen heim. Problemet var at eine bussen som ville passa hadde slutta å gå, andre gjekk først to timar seinare, så eg måtte slå meg til ro med ein buss som tok meg mesteparten av vegen fram. Det var berre ein halvtime å venta.

Jammen godt då at det er så få som vil ta bussen om laurdagane, slik at bussjåføren slapp å avvisa alt for mange, og be dei ta neste buss (som gjekk ein halv time seinare, og ei anna rute.)

Sukk!

Kjære julenissen: Eg ønsker meg bil til jul!