Kjære foreldre (og andre)

Det er ein liten ting eg lurar på, etter å ha sett ein liten reportasje: Dersom avkommet har lyst å kle seg i det som nok kan seiast å vera utradisjonelle klede, fordi det er fine klede, er det heilt i orden, eller? Og vil haldninga dykkar eventuelt vera ulik dersom avkommet er gut eller jente?

Årsaka til at eg kom på dette no er ein svensk reportasje: Kasper vill ha klänning (film, ca 10 minutt) – ganske fin og tankefull. Funne på Skolfront – TV för pedagoger. Det er fleire program om emnet der.

Veldig relatert til dette er ein artikkel på Salon.com, “My son, the crossdresser”, der haldningar og fordommar vert teke opp.

Og då er det altså eg lurar på kor vanlege slike foreldre og vaksne me ser her er. Vil de greia å vera like opne og aksepterande som dei me ser og les om her? Eller vil de vera meir skeptiske…? Enten det no er snakk om eigne born, framtidige born, tant’ungar eller andre.

Det me ikkje likar, bør ingen få lov til

Som enkelte av dei som er innom bloggen min har lagt merke til, har eg ei avstemming gåande på sida her, med nye spørsmål no og då. No for tida har eg hatt spørsmålet om sminke for menn framme (det går fint an å stemme på dei som er i arkivet òg) og resultata der forundrar meg ærleg talt lite grann.

No skal eg ikkje gjera meg viktigare enn eg er og dra så bastante haldningar ut av denne statistikken, for mange er det ikkje som stemmer. Eg har nok alt for få besøkande til det. Likevel, eg undrar meg altså litt.

Spørsmålet er kort og godt om me bør få sminke for menn. Ikkje heilt uventa (vil eg tru) er det eit fleirtal som er positive til dette av dei som er innom her. Og stemmer. Dei resterande vil helst ikkje eller slett ikkje ha noko av dette. Ingen har kryssa av for at det er det samma for dei – og det er det som overraskar.

At dei som kunne tenkja seg å bruka sminke sjølv, eller vil at mannen/kjærasten skal bruka det, er positive er naturleg nok. At mange er skeptiske til å bruka sminke sjølve overraskar heller ikkje, men at ingen av desse synest det er det same kva andre måtte gjera, det overraskar. For det er jo det som ligg i valget “Samma for meg.” Kan det ha vore litt mistydingar ute og gå, at ein del av dei som har vore negative har stemt ut i frå kun seg sjølve og ikkje kva menn generelt burde kunna gjera, eller er det litt fordommar å spora her?

Uansett, det er jo stadig mogeleg å påverka resultatet, både på denne avstemminga og dei tidlegare som er i arkivet.

Ekte mannfolk

Eg høyrde uttrykket på TV i går, i samband med omtale av The Man Show – det skulle vera eit show for ekte mannfolk og andre enkle sjeler. Ikkje den mest positive meininga der, kanskje, men det blir jo sagt i fullt alvor av både menn og kvinner elles. Så var det det då: Kva legg folk i uttrykket “ekte mannfolk”?

Det kan jo vera så mangt, det ulike folk legg vekt på: Indre kvalitetar, korleis ein ter seg, eller kler seg. Eller noko anna. Og at ein legg vekt på det same, treng slett ikkje tyde det same som at ein meinar det same. Eller – er eg heilt på viddene no?

Berre ta det å te seg. For å vera eit ekte mannfolk, må ein då vera skikkeleg barsk, og (sterk) fysisk? Ut å hogga ved, mekka på motor/bil/sykkel, hår på brystet og vera skikkeleg muskuløs? Er det “you Jane, me tarzran” som er idealet for eit ekte mannfolk, eller kan menn òg ha sans for såkalla mjukare verdiar utan at manndomen deira skal dragast i tvil?

Når eg les litt rundt om kring, så kan det synast som ein del set ei grense for kva menn kan kle seg i: Ekte mannfolk kan kle seg i nett det dei vil, men dei vil ikkje kle seg i noko som kvinner kunne tenkast å gå med. No for tida kan dog kvinner tenka seg å gå kledd i det meste… Har ein mot nok til å gå i mot straumen og ikkje kle seg likt med alle andre, så er det fare for den manndomen? Trudde ikkje “saueflokk” skulle vera idealet?

Andre ting eg har sett nemnd? Enkelte har jo total angst for fuktighetskrem og evt. andre kremar. Sjølv synest eg ikkje det høyrest særleg mandig ut å vera redd for slikt, men det å ta vare på huda si og vera oppteken av korleis ein ser ut (bortsett frå det å vera generelt velstelt) kan synast å vera lite mandig, i følge enkelte. Eg leste for eit par år sidan eller så, eit innlegg i eit blad: Ei jente hadde møtt ein skikkeleg kjekk gut; intelligent, kunne føra gode samtalar, tiltrekkande, vakker kropp og maskulin – han var nesten perfekt. Så fann ho ut at han hadde lakkerte tånegler. Krise! Det vart ikkje noko meir mellom dei to.

Lakkerte tånegler er kanskje ikkje av det mest maskuline, men at noko så overfladisk skulle endra inntrykket frå ekte mannfolk til femi type, det heng vel eigentleg ikkje på greip? Men når eg les eller høyrer kommentarar om “ekte mannfolk” rundt om, så er det oftast svært så overflødige ting det er snakk om. Blir det berre brukt som eit pressmiddel for å få menn til å vera på ein bestemt måte, eller er det noko som kan kallast eit ekte mannfolk? Skiller det seg i så fall ut frå det å vera eit ekte kvinnfolk? (I den grad me høyrer om det, på same måte.) For min del så må det då vera at ein viser ansvar, står opp for det ein meinar, og ikkje let seg tvinga/kua til å vera nokon ein ikkje er. Uansett kjønn. Men det er mi meining, i den grad eg måtte ta uttrykket på alvor. Kva meiner andre?

Rundar av til slutt med eit passande sitat om ekte mannfolk: “Det krevest eit ekte mannfolk å gå som kvinne!” (Sagt av ein transvestitt. 🙂 )

Kvifor brukar kvinner bukser?

Jente i jeansTradisjonelt sett så har kvinner brukt skjørt og kjolar, med enkelte situasjonsbestemte unntak i meir moderne tid. Enkelte kvinner tok etter kvart risikoen med å gå i bukser til vanleg òg, sjølv om dei vart sett stygt etter på grunn av det. Først mot slutten av 60-talet (etter det eg har lest) vart det vanleg – og godteke – å sjå kvinner i bukser. No for tida er det nesten omvendt: Du ser som oftast damene i bukser, sjeldnare i skjørt. Kvifor er det slik, at dei bytta ut eit behageleg plagg som skjørt med bukser?

Mykje kan nok seiast om akkurat det, og mykje har blitt sagt, men dei to viktigaste grunnane er nok enkle:

  1. Dei kan
  2. Dei har lyst

Trengst det meir forklaring enn det? Og trengst det betre grunnar? For nokre tiår sidan var det sikkert råd å høyra fleire mishagsytringar mot at kvinner skulle ikle seg eit slikt herreplagg, men i dag er det ingen som løftar eit augebryn. Faktisk treng det ikkje alltid vera naudsynt med plagg sydd med snitt tilpassa den kvinnelege figuren heller: Det er heilt i orden at kvinner kjøper klede til seg sjølve i herreavdelingen.

Dette er noko som bringer meg over til neste tema: Bukser er kanskje meir behagelege for kvinner enn menn¹, så kvifor er det så få menn som brukar skjørt? Me høyrer jo sjølvsagt innvendingar, men har desse noko betre fundament enn dei innvendingane me vil le av i dag om dei hadde blitt brukt om kvinner i bukser? Eller er det berre tåpelege fordommar?

Ei innvending som ikkje er så uvanleg er at skjørt er feminint, eller at menn ikkje vil kle seg som kvinner. (Eller at kvinner ikkje vil at menn skal ha på seg skjørt av same grunnar.) Dette held ikkje vatn. Kvinner i bukser skulle i følgje same tankegang vore maskuline/kle seg som menn, men det er jo langt frå sanninga. Det finst tvert om mange feminine bukser, og kvinner i bukser er like tiltrekkande og feminine som sine søstre i skjørt. Og tilsvarande for menn – det finst maskuline skjørt, der kilt nok er det mest kjende her, og menn i t.d. kilt er ikkje utan vidare særleg feminine…

Andre spekulerer i om denne motviljen skuldast at menn er lite trygge på sin eigen seksualitet, eller om kvinner føler seg “trua” på sitt område. Eg veit ikkje eg, men det er i alle fall fleire menn som går og vil gå i skjørt og elles vera frie til å gjera det dei vil. Motemessig. Og det er fleire som vil ha fleire menn i skjørt no.

¹ Kvifor skulle bukser vera meir behagelege for kvinner enn menn? Fordi menn har meir mellom beina enn kvinner. Av og til har denne ekstrapakken litt dårleg plass…