Kjønnskorrigering for born?

For ei stund sidan hadde eg eit innlegg om ein dokumentar om transseksuelle born, og korleis dei og foreldrene takla situasjonen. Den gongen var det snakk om å la borna få leve som det kjønnet dei identifiserte seg som, fram til dei var gamle nok til å få operasjonen, dvs 18 år eller så.

Det er kanskje trygt å venta så lenge før ein så drastisk operasjon, men det oppstår eit problem for desse borna ved puberteten. Dei utviklar karakteristikkar for det kjønnet dei hatar å vera. Men – kva kan ein gjera med det? Eg veit Esben Esther Pirelli Benestad har snakka om å bruka legemiddel for å utsetja puberteten, men nyleg kom eg over noko enno meir drastisk. Det vart brukt ord som kjønnsskifte når ein er sju år. Kjeldene for dette skulle vera CNN og NPR.

Og sant nok, i ein video frå CNN vert det snakka om medisinsk behandling av små born. NPR har ein artikkelserie om det same, om korleis to familiar møter situasjonen, og kva legar seier om slik behandling. No er det rett nok ikkje snakk om kjønnsskifte, eller kjønnskorrigering som er det foretrukne ordet, men pubertetsutsetjande behandling. Men i så fall, kvifor er det då snakk om sjuåringar? Det er ei stund til puberteten set inn…

I innslaget på CNN er det òg nemnd bruk av hormon for å endra på kroppen til born, for å få dei meir feminine eller maskuline, alt etter kva dei identifiserer seg som. Men, alder er ikkje nemnd i det heile i innlegget (det eg oppfatta, i alle fall) anna enn at det er unge born det er snakk om. Og, er dei i puberteten, så er dei unge.

Det omstridte opplegget med behandling av unge born baserer seg heller ikkje på ein spesifikk alder, men at dei er så unge som dei er. Enno ikkje myndige, og så byrja fikla med hormon av ulike slag for å påverka kroppen? Det er jo snakk om drastiske og alvorlege ting her, og kva om borna ikkje er sikre, og ville angra på ei slik behandling? Er det ikkje betre å vera på sikre sida, og venta?

Det er vanskelege problem å ta stilling til, ingen lette løysingar er mogelege. Kva tid er me klar over kva kjønn me er? Eller kva kjønn me meiner me skulle vera? Som me ser i dokumentaren “Mitt hemmelege sjølv” så er borna svært unge der. Og for å dra problemstillinga litt nærare oss sjølve, uansett kven me er og kva me identifiserer oss som: Kor gamle var me då me vart klar over ulikskapen mellom gutar og jenter, og kor gamle var me då me fann ut kva kjønn me sjølve identifiserte oss med? For flesteparten av oss stemmer denne overeins med kroppen, så det har ikkje vore noko problem, men sjølve prosessen med å finna ut kven me er er jo felles. Så, kor gamle var me då me visste kva me identifiserte oss som, og var me sikre?

PS. Nokre er negative til NPR-artikkelen. På grunn av bruken av pronomen. Men artikkelforfattaren er òg svært negativ til dr Kenneth Zucker, kanskje med god grunn? Behandlinga hans minnar mykje om dr. John Money, og behandlinga av bl.a. David Reimer.

Mitt hemmelege sjølv

Eller som originaltittelen på engelsk heiter: My secret self (Lenker:1, 2, 3. Frå 27. april i år.)

Eg fann denne dokumentaren via Transkrift, og sette meg til å sjå med éin gong. Det er ein fin og sterk dokumentar om transkjønna born, der dei intervjuar tre familiar om korleis både foreldrene og borna opplever både situasjonen med at det borna har mellom beina ikkje stemmer med det dei har mellom øyrene, og korleis dagane elles er for dei. Det er ikkje alltid like lett!

No er eg jo ikkje i same situasjon sjølv, men eg kunne no dra kjensel på enkelte ting der, og forhalda meg til det reint personleg. Men uansett så er dette noko eg tilrår alle å få med seg, for å læra om korleis det er for transkjønna, og forstå dei betre. Kanskje du sjølv har eller får transkjønna venner – eller, korleis ville du reagert om ditt eige born ein dag kom og sa at Gud hadde gjort ein feil med kroppen…?

Genderbending?

Genderbending – å tøye grensene for kva som er mannleg og kvinneleg, er det eit reint menneskeleg fenomen? Vel, eg veit svaret på det: Nei! Det finst i alle fall ein type blekksprut, der enkelte hannar kan “forkle” seg som hokjønn for å snika seg til ei hyrdestund med andre hoer, bak ryggen på typen deira – men det overlet eg til vår eminente blekksprutbloggar å leita fram dei saftige detaljane om. Om han har lyst.

Eg for min del vil nøya meg med å dra fram ein aldri så liten dokumentarfilm om kor langt slik genderbending faktisk går.

Det er ein dokumentarfilm, er det ikkje?