Hamskifte

Av og til er det godt å skifta ham

Archive for the 'Musikkvideo' Category

Kvinner føretrekk feminine menn

Dårleg nytt for alle machomenn der ute: Ei undersøkjing viser at kvinner faktisk føretrekk feminine menn som partnerar. Så sant dei er ute etter eit langt forhold/ein å dela livet med. Feminine menn vert oppfatta som meir å stola på enn dei meir maskuline, nemleg.

Så, damer – er eg feminin nok, trur de? ;)

Video: Von Sudenfed – Fledermaus Can’t Get It

No comments

Kit Kat Dolls – Don’t Cha

I programserien Britains Got Talent opptro denne gruppa på ni. Dei kom visst ganske langt òg, etter det eg forstår, før dei vart kasta ut av programmet og mista sjansen til å opptre på Royal Variety Performance. Det spesielle med denne gruppa er… Vel, eg treng vel ikkje seia det, tenkjer eg. Litt artig når dei presenterer seg. :wink:

No comments

The Who – I’m A Boy

Nokre som kjenner til The Who? Dei har hatt sitt å seia (eller syngja) om kjønn og det dei òg, i songen «I’m a Boy». Eg har høyrt ein del på albumet med denne melodien, men på YouTube kan me jo finna litt av kvart. Denne gong, ein litt annan versjon enn den vanlege, frå fransk fjernsyn 31. desember 1968 i programmet «Surprise Partie»

Om de vil samanlikna, så sleng eg med den vanlege versjonen òg, med anime-video til (og litt «introduksjon»)

No comments

The Killers – Somebody Told Me

Vel, trengst det ein kur for såre øyre etter førre innlegg? Var det så grusomt at de trygla dei i nærleiken, «Drep meg»?

Eg kjem nok ikkje til å følgja opp ei slik oppfordring, skulle ho koma, men eg kan i det minste by på The Killers: Somebody Told Me.

Her trur eg eg trygt kan seia: Hygg deg med musikken.

No comments

Pink Floyd – Arnold Layne

Arnold Layne er den første singelen Pink Floyd gav ut etter å ha signert kontrakt med EMI. Tittelfiguren i denne er visstnok basert på ein ekte person, ein transvestitt som (slemt nok) stal dametøy frå klessnorene i Cambridge. Mødrene til Syd Barret og Roger Waters skal jamnleg fått mindre undertøy på denne måten…

Musikkvideoen/»reklamefilmen» dei laga inneheld ikkje ei einaste klessnor.

No comments

Faith No More – Easy

Enkelte lurar kanskje på korleis denne songen passar inn i tematikken eg har sagt eg vil ha med musikkvideoane. Ikkje er det noko transetema i teksten, ingen av bandmedlemene er (så vidt eg veit) transar – men det bør gå lett fram likevel av videoen sjølv kvifor han kjem med her. ;)

No comments

Hedwig and the Angry Inch – Wig in a Box

Eg har hatt ein del musikkvideoar her i helgene no – men ingen karaoke. Dersom de saknar det siste, så er det ein ørliten sjanse til å få med seg det her. Berre pass på at du ikkje blunkar på feil tidspunkt… ;)

Her er videoen frå musicalen – kanskje den finaste melodien?

No comments

R.E.M. – Crush With An Eyeliner

Til å gå med førre innlegget om å bli sminka, kva er meir naturleg enn å la musikkvideoen denne helga vera R.E.M. med «Crush With An Eyeliner»?

Nyt musikken, sjølv om de måtte ha visse problem med eyelineren. ;)

No comments

Barenaked Ladies – I’ll Be That Girl

Vel – i dette tilfellet er det kun Steven Page frå Barenaked Ladies som opptrer med songen deira, men vakker song er det. Om enn litt trist.

No comments

Imperial Drag – Boy Or a Girl

Musikkvideoen denne helga, av eit band som vart oppløyst etter å ha gitt ut første albumet. Eg leita lenge etter denne etter først å ha høyrt ein del av songen i musikkvideoen her, og fekk tak i det eg ville til slutt.

Personleg likar eg det bra. Håpar de set pris på musikken og videoen, de òg.

No comments

« Previous PageNext Page »