Hamskifte

Av og til er det godt å skifta ham
Archive for February 5th, 2006

Kommentarar

Det er ikkje til Ã¥ unngÃ¥ at eg av og til fÃ¥r nokre kommentarar – særleg sidan eg ikkje tek det sÃ¥ tungt om eg “passerer” som kvinne eller ikkje. Det er ikkje alltid eg orkar Ã¥ gjera sÃ¥ mykje for Ã¥ skjula at eg fysisk er hankjønn heller, faktisk høyrer det til unntaka; det tek sÃ¥ lang tid elles…

Uansett, det var kommentarane eg ville kommentere her. Negative kommentarar/tilrop er det sjeldan eg fÃ¥r – hugsar ikkje sist det skjedde. Ikkje som eg har høyrt, i alle fall, for det er slik at ein ting har dei hatt felles: Dei har vorte ytra nÃ¥r eg har vore pÃ¥ trygg avstand, og pÃ¥ veg vekk – og gjerne litt for lÃ¥gt til at eg heilt oppfattar kva dei seier.

TenÃ¥ringsjenter er eit kapittel for seg sjølv; kritiske til alt og alle (inkludert seg sjølve) om korleis dei er kledd, oppfører seg og sÃ¥ vidare. I grupper pÃ¥ tre eller meir kan det nok henda det oppstÃ¥r litt fnising nÃ¥r dei ser meg – er ikkje sÃ¥ lett Ã¥ skilja seg ut i venneflokken; tenk pÃ¥ kva dei andre kunne seia… For nÃ¥r eg møter jenter Ã¥leine eller i par, sÃ¥ er tonen ein annan – og det har alltid vore positive kommentarar direkte til meg.

Vaksne som bryr seg er alltid positive. Vel – sÃ¥ og seie alltid. Ein hyggeleg kommentar i forbifarten, nokre vekslar nokre ord, andre igjen er frÃ¥ seg av begeistring; det kan vera svært oppmuntrande Ã¥ ta seg ein tur ut til tider. Av dei hyggelegaste kommentarane er den eg fekk sist: Ei jente hadde sett meg i sommar, og der eg gjekk nedover gata – kledd i kvit topp, kvitt skjørt og kvite høghælte sko – var eg som ein engel som kom svevande. Eit vakkert syn som hadde brent seg fast pÃ¥ netthinnene hennar.

Vakkert sagt – berre synd ho er gift 😉

Comments are off for this post