Når møkki på marki eg spreier

Olkabilamo - omslaget til singelen av Salhuskvintetten

Ei soge om ein målstrid. Men, sjølv om målstrid kan vera aldri så spanande, så vil eg innleiia med noko heilt anna, nemleg ei vitjing på Clas Ohlson. Dei har nemleg hatt eit tilbod gåande ei stund no, på ein litt moderne platespelar. Ein som kan spela gode, gamle LP-plater i vinyl. Kan spela CD òg, og har radio, men det som var interessant med dette anlegget er at det kan ta opp til minnekort eller USB minnepinne og konvertere til MP3 frå CD eller vinyl.

Det er det siste som var av interesse for meg, det å kunne ta opp frå vinyl utan å fikla med leidningar og styr frå anlegg til PC, slik som eg måtte gjera med det gamle anlegget mitt. At drivreima til den platespelaren må skiftast for å greia å snurra platetallerkenen rundt har nok òg hatt litt å seia… Denne moderne platespelaren har dei hatt på Clas Ohlson ei stund no, men det som har halde meg tilbake frå å kjøpa er at eg ante jo ingenting om kvaliteten. Inkludert kvaliteten på mp3-filene som ville vera resultatet av opptak – ville dei vera sampla med 128 kbps, eller? No fredag tok eg sjansen, sidan ein minnepinne på 1GB følgjer med på kjøpet ved det noverande tilbodet.

Erfaringar? Lyden frå dei medfølgjande høgttalarane er ikkje noko særleg å skryta over, men eg kopla spelaren til anlegget mitt eg, og lyden vart fin. Opptakskvaliteten? Den kan eg variere, frå 32 til 256 kbps. Alt i alt skal eg ikkje klaga.

Så nærmar me oss målstriden her. For å testa nemnde opptakskvalitet så måtte eg jo ta opp noko. Eg fann fram nokre gamle vinyl 45-singlar, som har tilhøyrd opphavet. (Er vel for så vidt deira enno, men dei bryr seg ikkje.) Noko av det eg tok opp då, var eit par singlar av Salhuskvintetten. Songen om Pop Ola (Når møkki på marki eg spreier) er ei levande skildring av korleis populærmusikken er fordervande på språket – men nynorskfolket gir seg jo ikkje så lett… 😉

Singelen har hatt eit opphald litt for nær ein omn ein gong i tida, noko som ikkje akkurat har forbetra lyden i starten, men om de greier å oversjå det: Nyt musikken.

Om de har problem med å spela av musikken, eller vil høyra meir, gi frå dykk lyd i kommentarane.