Kjønn og klede

Det er ein ting mange lurar på, men som ikkje er så lett å gi svar på: Kva er det som får ein transe til å villa kle seg som dame? Ei transseksuell er lettare å forstå, sidan ho er ei dame, sjølv om kroppen er/var feil – men ein transvestitt er jo mann og har ingen ønske om å endra på det. Kvifor er så denne trongen til å kle seg som dame der?

Mine eigne tankar om dette er nok ikkje heilt ferdige, og det vil dei kanskje heller aldri bli. Eit forsøk på å visa kor vanskeleg det er å kunna gi eit fullgodt svar skal eg dog gjera, ved å snu på flisa og stilla spørsmålet tilbake: Kvifor føretrekk menn å kle seg i herreklede, og kvifor føretrekk kvinner å kle seg i kvinneklede? Tilsynelatande eit enkelt spørsmål, men eg har eit lite krav til forklaringane: De får ikkje lov å bruka at de er menn/kvinner til å grunngje svara, ei heller snittet til kleda.

Kvifor dette ekstra kravet? Vel – dersom ein transe er ein mann som kler seg som kvinne, så vil grunnen “fordi eg er mann” ikkje seia noko som helst om kvifor ein mann føretrekk herreklede. Det må altså heilt andre forklaingar til, men kva for nokre?

Snittet til kleda er heller ikkje eit argument, slikt er enkelt å ordna på, og det blir gjort. Du får kjøpt kjolar og skjørt og meir til tilpassa mannlege kroppar, om det er det som skal til. Og bukser, skjorter, dressar osv. til kvinner – vel, er det nokre som tvilar på at det går an?

Då spørst det då: Er det nokre som les dette som kunne tenkja seg å prøva koma med ei forklaring? Eg for min del er nemleg nyfiken og interessert i svara.

CD CD

Eg er i grunnen glad i musikk eg, og høyrer på mange ulike artistar i mange ulike genrar. Det treng ikkje absolutt vera så veldig kjente artistar, og opp gjennom åra har eg fått tak i ein god del bra (og noko rart) på CD. Etter kvart vart det jo råd å rippe CD-ar og brenne eigne samlingar, til og med laste ned frå nettet. Nokre tematiske samlingar vart det då etter kvart som eg fekk nok melodiar med bestemte tema.

Så var det slik då, at eg fann ut at eg etter kvart hadde ein del melodiar der transvestittar var tema, eller eit litt vidare omgrep, transgender. Eg samla saman det eg hadde, og tenkte tittelen skulle vera “CD CD” – “CrossDresser CD.” Eg  fann ut det vart meir enn éin CD – men eg kunne ikkje sløsa vekk masse tom plass på ein CD nummer to heller. Løysinga vart jo sjølvsagt å samla saman enno fleire melodiar…

Vel – om du les lista under over kva eg har, så ville det vera hyggeleg om du kommenterer og fortel meg kva eg ikkje har òg. Og gjerne kor eg kan få tak i det, om mogeleg. Eg veit det er ein del enno. (T.d. Imperial Drag med “Boy or a Girl” EDIT: Har fått tak i denne no 🙂)

  1. Aerosmith – Dude looks like a lady
  2. Antony & The Johnsons – For Today I Am A Boy
  3. Asstronaut – Transvestite
  4. Barenaked Ladies – I’ll Be That Girl
  5. Bitesize – Surprise Ending
  6. Bitesize – Understudy
  7. Bitesize – Switch Hitter
  8. Bitesize – I Forgot my Mantra
  9. Blink 182 – Transvestite
  10. Blur – Girls & Boys
  11. Bob Rivers – Country Transvestite
  12. Bob Rivers – Walkin’ Round In Womens Underwear
  13. Bonnie Tyler – If You Were A Woman And I Was A Man
  14. Coccinelle – Prends Moi Ou Laisse Moi (Love me or leave me)
  15. Counting Crows – I Wish I Was A Girl
  16. The Cure – Charlotte Sometimes
  17. Dana International – A Different Gender (Ofer Nissim Remix)
  18. The Danglers – Transvestite Bullshit
  19. David Bowie – Lady Stardust
  20. David Bowie – Rebel Rebel
  21. David Bowie – Diamond Dogs
  22. Demented Are Go – Transvestite Blues
  23. Garbage – Androgyny
  24. Garbage – Cherry_Lips
  25. Green Day – King For A Day
  26. Hedwig and the Angry Inch – Angry Inch
  27. HIXX – Hairy Transvestite Blues
  28. Imperial Drag – Boy or a Girl
  29. J Church – transvestite show
  30. June Panic – Gender Bender
  31. Killers – Somebody Told Me (harris_remix)
  32. The Kinks – Lola
  33. KOROVA – My Dad Is A Transvestite
  34. Manic Street Preachers – Born A Girl
  35. Marillion – An Accidental Man
  36. Mina – Sweet Transvestite
  37. Mister Stick – The Crossdressing Song
  38. Monty Python – Lumberjack Song
  39. New Broadway Cast – Sweet Transvestite
  40. Peter And The Test Tube Babies – Transvestite
  41. Lou Reed – Walk On The Wild Side
  42. Lou Reed – Make Up
  43. R.E.M. – Crush With Eyeliner
  44. The Sissy Show – I’m Just A Cowboy Transvestite
  45. Temptress – Dress Up
  46. Temptress – Queen for a Day
  47. Temptress – Be a Girl
  48. Vibralux – Transvestite Boyfriend
  49. Weird Al Yankovic – Truck Driving Song
  50. The Who – I’m A Boy
  51. N.N. – My Girl Became a Dude – The Transsexual Song
  52. N.N. – My Mom’s a Lumberjack
  53. N.N. – Rita
  54. N.N. – touched_by_a_transvestite
  55. N.N. – Transvestite Bars

OK. Bonnie Tyler burde kanskje ikkje vera der — eller kanskje eg burde hatt med “Feel Like A Woman” med Shania Twain òg? Og så hugsar eg ikkje heilt om alle tekstane til Bitesize er innanfor tema eller om det berre var på grunn av at minst ein av artistane er transseksuell… Orkar ikkje finne ut av det no.

Og hugs: Veit du om noko eg burde hatt her, la meg få veta det. 🙂