Ingen vil ta bussen om laurdagane

Eg innrømmer gladeleg at at det nok er ein del som vil våga den påstanden at eg ikkje har heilt rett i det eg seier i overskrifta, men høyr meg ut. Kjøpesenteret Kvadrat i Sandnes har ein viss storleik — landets største har det blitt sagt mange gangar. Det er ikkje å undrast over at det då er ein del ute og handlar der, inkludert om laurdagane.

Busskort, Kolumbus

Det er kanskje ein logisk samanheng der, men det skulle ein ikkje tru om me ser på kollektivtilbodet om laurdagen: Lite! Greit, det er ikkje så gale i byrjinga av dagen, men senteret har ope lenge det, og utpå ettermiddagen går bussane sjeldnare, og det er færre av dei. Med “færre” meinar eg at det er ein del ruter som ikkje går – eller går svært sjeldan.

Kva inneber dette? Kort og godt: Er du ute på storhandel (ikkje så uvanleg no når det er mange julepresangar å kjøpa) så må du gjera deg tidleg ferdig. Brukar du litt tid, og handlar inn litt meir enn du orkar å bæra over lange avstandar så bør du ikkje setja for stor lit til kollektivtrafikken. Slik som til dømes meg i dag. Eg hadde vore ute på julehandel, kjøpt inn presangar og mat, og det var for mykje til å bæra med meg heile vegen heim. Problemet var at eine bussen som ville passa hadde slutta å gå, andre gjekk først to timar seinare, så eg måtte slå meg til ro med ein buss som tok meg mesteparten av vegen fram. Det var berre ein halvtime å venta.

Jammen godt då at det er så få som vil ta bussen om laurdagane, slik at bussjåføren slapp å avvisa alt for mange, og be dei ta neste buss (som gjekk ein halv time seinare, og ei anna rute.)

Sukk!

Kjære julenissen: Eg ønsker meg bil til jul!