Tradisjon?

Eg har vore med og opna luker i dei ulike julekalendrane nokre år no – at det er premiar å vinna har sjølvsagt vore ein medverkande årsak til dette. Uansett grunn så har det blitt ein tradisjon dette, å vera med og opna luker i kalendrane. Ein hyggeleg tradisjon, synest no eg.

Ein medverkande årsak til at det er så hyggeleg kan kanskje vera at eg faktisk har hatt litt hell med meg? Kvart år dei siste åra så har eg vore så heldig at eg har vunne eitt eller anna: Ryggsekk, dataspel, mobiltelefon, bok … Nesten så det hadde vore freistande å spørja “Kva blir det i år?” og ikkje “Blir det noko i år?” – men det skal eg ikkje gjera. Det er enno ein del dagar og luker att, men tradisjonen min med å vinna litt er allereie i boks. I dag fekk eg nemleg ein pakke i posten, frå Tine BA. Ein stegteljar.

Hyggeleg – eg hadde nemleg litt lyst på ein sånn ein. Einaste eitt problem med denne: Han virkar ikkje. Eg håpar det er noko så enkelt som at batteriet er uttappa, trass i at det var ei sånn liten plastfolie på plass som skulle beskytta batteriet mot akkurat det. Den folien virka nemleg ikkje så særleg lang då eg drog han ut…

Vel — eg må berre få meg eit nytt batteri og sjå korleis det går, og så … Så får eg gå! 😉

Oppdatering: Det var ikkje noko gale med batteriet – så då er det stegteljaren då. 🙁

Triumph sin adventskalender

Ein av dei fine tradisjonane på nettet i adventstida, er dei ulike adventskalendrane rundt om på dei ulike nettstadane. Nokre med premiar, andre med gode tilbod, og atter andre med dei gode gamle “bilder under lukene” – berre spenninga med å sjå kva som skjuler seg under luka den dagen.

Triumph er ein av dei med premiar kvar dag. Naturleg nok er premiane BH-ar og anna dameundertøy/nattøy. Då skulle ein kanskje tru at Triumph helst tenker på kvinnene i denne konkurransen? Men slik er det ikkje. Eg tillet meg å leggja fram eit skjermbilete av registreringsskjemaet deira som prov. Der står nemleg valget mellom to titlar: “Hr” og “Frk” – med “Hr” som avmerka. Eit strategisk trekk for å dobla kundegruppa, kanskje?

Uansett, eg besøker kalenderen kvar dag eg, og håpar på å vinna. 😉