Sinnataggen, del 2

SinnataggenDet er ei stund sidan eg skreiv her sist no, men diverre ikkje så mange postar sidan første del av Sinnataggen. Så, kva har skjedd, og kvifor kjem ein del 2 her no? Set deg godt til rette, så skal eg fortelja.

Eg skreiv sist at eg ville reformattere harddisken og innstallere alt på nytt, og det gjorde eg. Reformatteringa gjekk fint. Eg kom meg på nett igjen, og fekk innstallert dei viktigaste programma. Chatta litt med venner òg, og fekk høyra at eit par av dei hadde opplevd det same som meg: Etter automatisk oppdatering av Windows så kræsja PC-en, og dei måtte reformattere. Skummelt!

Men uansett, PC-en min var fin igjen, og stikk i strid med det eg sa eg skulle gjera, sÃ¥ sjekka eg ikkje prisar på nye PC-ar. Det skulle eg kanskje gjort, for mindre enn ei veke seinare – same dag som eg skreiv førre innlegg, “guteleiker?”, så kræsja PC-en min igjen. Det skjedde etter automatisk oppdatering av Windows… Eg fekk han ikkje opp og gå igjen den dagen, før eg måtte leggja meg. Fredagen sjekka eg prisar på PC-ar, kom heim igjen og prøvde å få maskina opp og gå igjen. No such luck. Laurdagen la eg ut det eg hadde råd til (eller litt meir) for ein ny PC.

Ein annan ting som skjedde laurdagen, var at eg i eit siste forsøk fekk den rebelske PC-en opp og gå igjen, òg. Fekk teke backup av dei siste dataene då, så eg mista ikkje noko der. Eg får sjå kva som skjer med den etter kvart.

Men som det heiter: Ei ulukke kjem sjeldan åleine. Ein ny PC er ikkje synonymt med ein problemfri kvardag. Neida, det er ikkje noko gale med den, men eg har òg ein ekstern harddisk, der eg hadde lagra massevis av data, og brukt til å ta backup av det eg hadde. Denne viste no teikn til å gi meg lesefeil, slik at eg ikkje fekk opna filer eg hadde lagra. Fleire og fleire feil, faktisk.

No var eg ikkje høg i hatten! 300GB med data – det ville fylla opp mange DVD-ar det. Ja, for eg måtte jo ta vare på det eg hadde. Heldigvis kom den nye med harddisk på 250GB, så det aller viktigaste vart flytta over der med ein gong. Eg vart glad då det gjekk utan lesefeil – alle foto og uerstattelege data kom feilfritt over. Viktige dokument og brev same eins, og mesteparten av musikken.

Mykje av det andre trengte eg ta ei opprydding i, så eg får sjå det positive i det – og det ser ut til at eg greier å berga det beste, i ei eller anna form. Men likevel, det blir mykje å brenna til DVD framover – og eg skal brenna ut med jamne mellomrom heretter. Så håpar eg at ei reformatering av harddisken er det som skal til for at den skal fungere utan problem etterpå, at det ikkje er noko meir gale med den. I så fall blir eg veldig lei meg…

Sinnataggen

<sinna/>Ting skal ikkje alltid vera lette her i verda. Særleg ikkje når det gjeld tekniske ting, slik som ein PC. Når det går ein periode der problema synest å ikkje gå vekk, men stadig er der i større eller mindre grad, då kjem Sinnataggen fram.

Som eit heilt tilfeldig valt døme så tek eg min eigen PC. Han kan vera litt vel treg til tider, men eg har lært meg å leva med det. Stort sett, i alle fall. Her om dagen så var det likevel ikkje nok for han å la ting gå i sirup under oppstart av program, og slike ting – neida, no var det visst på tida å laga problem under oppstarten av Windows. Som ein unge i trassalderen sette PC-en seg rett ned og nekta å gjera noko som helst. Berre sat der heilt uanfekta etter eit par små steg, og gjorde absolutt ingenting.

Eg for min del kunne vore freista til å gjera litt av kvart – diverre har eg ikkje råd til ein ny PC, så det får heller venta. I staden prøvde eg å slå av og på maskina, for å sjå om det hjelpte. Med same resultat. Av og på igjen, og prøvde å starte opp med valget “sist fungerande konfigurasjon” (eller noko i den dur.) Og då gjekk det. Eg pusta letta ut.

Det dumme med PC-ar er at dei treng restartast av og til, og slik er det òg med min. No er det ingen poeng for å gjetta at oppstarten ikkje gjekk heilt knirkefritt. Igjen hadde eg same problem, og igjen måtte eg starta opp med sist fungerande konfigurasjon. Bah! Her måtte eg til med å ta kopi av det eg ville ta vare på, og reformattere driten. Tenkte eg. Så langt kom eg ikkje.

Greit nok, eg utsette det litegrann, slik at eg ikkje skulle bli sitjande seint på kvelden og halda på med slikt. Eg hadde ikkje tenkt å slå av eller restarta PC-en med det første uansett, så det arbeidet kunne venta. Dagen etterpå? Vel – då eg sat framfor skjermen så kom det eit kort straumglimt. Lyset blinka, og PC-en byrja som vanleg med ein omstart. Jippi, liksom. Men – denne gongen fungerte alt prikkfritt. Omstarten gjekk som på skinner, og eg smilte glad og lukkeleg. Endeleg såg det ut til at problema faktisk var over. Eg stolte ikkje heilt på det, men …

Kor lenge var Eva i Paris? Ei god stund vart det (masse å shoppa?) men i dag – eller teknisk sett i går – så var det over igjen. Denne gongen var det òg skikkeleg vanskeleg å få sparka ting i gong, det måtte mange ulike forsøk til. Denne gongen er det nok, og sundagen blir nok brukt til å kopiere det siste til ein trygg plass, før eg reformatterer og innstallerer ting på nytt. Og pengar eller ei, eg skal sjå om eg ikkje greier å sjekka kva prisane er for ein god PC no om dagen…

Sinnataggen? Det er då opplagt? Med slike problem som er lagt for dagen, og frustrasjonar som følgje av dei, så dukkar Sinnataggen opp. Denne gongen er det eg som er Sinnataggen – håpar det ikkje vil vara alt for lenge.