“Har du sånn?”

Det var nevøen min på fire som spurde. Eg satt i sofaen og kikka i eit Se og Hør då han kom og sette seg attmed meg. Då han kikka i bladet kva det var eg satt og leste på, stirra Johnny Depp som piraten Jack Sparrow på han frå sida; fint sminka og med ein stor øyredobb dinglande frå øyreflippen. “Har du sånn?” sa fireåringen og peika på øyredobben, noko eg måtte seia at nei, slik hadde eg ikkje.

Eg bladde meg vidare fram i bladet med nevøen min ivrig kikkande i lag med meg. Han gjentok spørsmålet sitt på den sida òg, og peika på ei dame, eller heller kjolen hennar. Ein litt spesiell kreasjon, og eg måtte igjen innrømma at ein slik hadde eg ikkje. men han gav ikkje opp, peika på neste bilete og gjentok spørsmålet sitt. “Har du sånn?” for ei fin veske og ein ny fin kjole. Men nei, eg hadde ikkje nett slik. Eg hadde noko som likna litt, men ikkje nett slik. Det syntest han eg burde ha — diverre var det ikkje han som kjøpte bursdagspresang til meg litt seinare. 😉

No er det ikkje så rart at han spurte meg om slikt; han har ofte sett meg i dameklede, og vore fascinert over dei lakkerte neglene mine. Tidlegare budde han og foreldrene ikkje så langt i frå meg, og dei var jo på besøk hjå “onkeline” no og då (og omvendt.) At eg skulle ha dameklede, det er jo då heilt normalt det.

Elles har eg faktisk fått kjøpt meg ein kjole no som slett ikkje er så ulik ein av dei han ville eg skulle ha. 😉