Dersom gutungen din…

Born er born, og dei er jo frie til å leika med det dei vil no for tida. dei er ikkje opphengde i gamle kjønnsroller, om kva som er lov eller ikkje. Jenter er frie til å klatra i tre, leika med bilar og dinosaurar og kle seg ut som cowboyar og kva dei no vil, mens gutane finn me like gjerne blant kjøkkenleikene som med traktorar, leika med dokker og kle seg ut som prinsesser, og… eh, vent no litt…

[flash http://www.youtube.com/watch?v=78ND3vqPz90]

At Barbara Walters kan tenkja på transgender born er logisk nok, og viktig nok å hugsa på, men bortsett frå det – er det lett å gløyma at leik gjerne berre er leik, og la ungar få lov til å leika med det dei vil? Eller er det noko dei ikkje får lov til, fordi dei har feil kjønn? Nokre er det jo tydlegvis, men er det mange foreldre med ein viss angst for at guten deira ikkje vil vera gut nok? Og kanskje at jenta ikkje er jente nok?

Kjære foreldre (og andre)

Det er ein liten ting eg lurar på, etter å ha sett ein liten reportasje: Dersom avkommet har lyst å kle seg i det som nok kan seiast å vera utradisjonelle klede, fordi det er fine klede, er det heilt i orden, eller? Og vil haldninga dykkar eventuelt vera ulik dersom avkommet er gut eller jente?

Årsaka til at eg kom på dette no er ein svensk reportasje: Kasper vill ha klänning (film, ca 10 minutt) – ganske fin og tankefull. Funne på Skolfront – TV för pedagoger. Det er fleire program om emnet der.

Veldig relatert til dette er ein artikkel på Salon.com, “My son, the crossdresser”, der haldningar og fordommar vert teke opp.

Og då er det altså eg lurar på kor vanlege slike foreldre og vaksne me ser her er. Vil de greia å vera like opne og aksepterande som dei me ser og les om her? Eller vil de vera meir skeptiske…? Enten det no er snakk om eigne born, framtidige born, tant’ungar eller andre.

Tvetydig kjønn

Eg kom over ein liten episode i det vanlege lesestoffet mitt i dag, der det vart sagt om ein nyfødd baby: There don’t seem to be any sex organs. Male or female. Så kva gjer ein i slike tilfelle? Eg kan berre støtta meg til det eg har lese tidlegare her, og i følgje det var det tidlegare vanleg å operere desse borna ganske tidleg. Dei fekk då helst kjønnskorrigerande operasjon kvinneleg kjønnsorgan, sidan dette var enklast.

Grunnen til å gjennomføra tidlege operasjonar var jo med tanka på borna sitt beste. Dei skulle få oppleva ein normal barndom, og ikkje vera ulike dei andre borna, med dei eventuelle negative følgjer dette kunne ha. Dessutan, teorien var at det var oppsedinga av borna som avgjorde om dei ville kjenna seg som gutar eller jenter i oppveksten. Dr. John Money hadde jo òg gjennomført eit inngrep på ein av to tvillinggutar som hadde fått øydelagt penis ved rutinemessig omskjering, og denne guten vart oppseda som jente. Det var faktisk ein suksesshistorie, som viste at det biologiske kjønnet ikkje spelte ei rolle. Borna sin kjønnsidentitet kunne formast.

Vel, det var slik i følgje dr. Money, i alle fall. Guttungen sjølv fann seg aldri til rette som jente – han kjende seg alltid annaleis. At han eigentleg var gut. Den historien fortalde ikkje dr. Money, sjølv lenge etter at det vart kjent. Diverre, for det har nok ført til at mange med uklåre kjønnsorgan feilaktig har fått kjønnskorrigerande operasjon til jenter, sidan det var dr. Money sin historie som var kjent innan legestanden.

I dag er det visst helst slik at ein ventar med operasjon, til det blir klart kva kjønn barnet identifiserer seg som. Og det gir nok det beste resultatet for alle til slutt.

Det minnar meg om eit sitat frå Monty Pythons Meningen med livet: “- Vart det gut eller jente? spør den nybakte mora. – Er det ikkje litt tidleg å pressa barnet inn i samfunnet sine forventningar til kjønnsroller enno? svarar legen.” (Fritt etter minnet.)