Kan eg kalla ho “venninne”?

No har eg ikkje tenkt å fundere så veldig mykje på dette, i alle fall ikkje i denne omgang, men tanken slo brått ned i meg då eg sat og chatta litt med ei venninne. Om eg då kan kalla ho “venninne.”

Det er ikkje dei vennskaplege banda mellom oss eg tenker på, men det reint grammatiske. Språket vårt har jo blitt ganske så kjønnsnøytralt etter kvart – me har lært at me ikkje skal bruka ord som fortel noko om kjønnet til den me snakkar om. Lærarinne, til dømes – det heiter det ikkje. Det heiter lærar, om både menn og kvinner. Det er heilt i orden å seia “kvinneleg lærar”, men ikkje “lærarinne.” Flyvertinnene har lidd same skjebne, men her er ordet erstatta av eit heilt anna: Kabinpersonale. Kanskje fordi det ikkje fantest flyvertar? Kvinner i leiande stillingar fekk ikkje vera forkvinner – formenn forsvann i staden og vart erstatta av leiarar. Og så vidare.

Dei kjønnsbestemte titlane har altså generelt sett forsvunne frå språket vårt. Det er to unntak eg kjem på no: I selskap blir dei som har invitert og stelt i stand maten og slikt kalla for “vert” og “vertinne”. Og så har me altså “venn” og “venninne”. Men — kor lenge har eg lov å kalla venninnene mine for “venninner”? Kva tid må eg byrja å kalla dei “kvinnelege venner”?

Litt for vanskelege tankar i ei sein kveldsstund…