No har eg ikkje tenkt Ã¥ fundere sÃ¥ veldig mykje pÃ¥ dette, i alle fall ikkje i denne omgang, men tanken slo brÃ¥tt ned i meg dÃ¥ eg sat og chatta litt med ei venninne. Om eg dÃ¥ kan kalla ho «venninne.»
Det er ikkje dei vennskaplege banda mellom oss eg tenker pÃ¥, men det reint grammatiske. SprÃ¥ket vÃ¥rt har jo blitt ganske sÃ¥ kjønnsnøytralt etter kvart – me har lært at me ikkje skal bruka ord som fortel noko om kjønnet til den me snakkar om. Lærarinne, til dømes – det heiter det ikkje. Det heiter lærar, om bÃ¥de menn og kvinner. Det er heilt i orden Ã¥ seia «kvinneleg lærar», men ikkje «lærarinne.» Flyvertinnene har lidd same skjebne, men her er ordet erstatta av eit heilt anna: Kabinpersonale. Kanskje fordi det ikkje fantest flyvertar? Kvinner i leiande stillingar fekk ikkje vera forkvinner – formenn forsvann i staden og vart erstatta av leiarar. Og sÃ¥ vidare.
Dei kjønnsbestemte titlane har altsÃ¥ generelt sett forsvunne frÃ¥ sprÃ¥ket vÃ¥rt. Det er to unntak eg kjem pÃ¥ no: I selskap blir dei som har invitert og stelt i stand maten og slikt kalla for «vert» og «vertinne». Og sÃ¥ har me altsÃ¥ «venn» og «venninne». Men – kor lenge har eg lov Ã¥ kalla venninnene mine for «venninner»? Kva tid mÃ¥ eg byrja Ã¥ kalla dei «kvinnelege venner»?
Litt for vanskelege tankar i ei sein kveldsstund…
Liknande innlegg:
Abonner på Mixteip RSS