Kjønnskorrigering for born?

For ei stund sidan hadde eg eit innlegg om ein dokumentar om transseksuelle born, og korleis dei og foreldrene takla situasjonen. Den gongen var det snakk om å la borna få leve som det kjønnet dei identifiserte seg som, fram til dei var gamle nok til å få operasjonen, dvs 18 år eller så.

Det er kanskje trygt å venta så lenge før ein så drastisk operasjon, men det oppstår eit problem for desse borna ved puberteten. Dei utviklar karakteristikkar for det kjønnet dei hatar å vera. Men – kva kan ein gjera med det? Eg veit Esben Esther Pirelli Benestad har snakka om å bruka legemiddel for å utsetja puberteten, men nyleg kom eg over noko enno meir drastisk. Det vart brukt ord som kjønnsskifte når ein er sju år. Kjeldene for dette skulle vera CNN og NPR.

Og sant nok, i ein video frå CNN vert det snakka om medisinsk behandling av små born. NPR har ein artikkelserie om det same, om korleis to familiar møter situasjonen, og kva legar seier om slik behandling. No er det rett nok ikkje snakk om kjønnsskifte, eller kjønnskorrigering som er det foretrukne ordet, men pubertetsutsetjande behandling. Men i så fall, kvifor er det då snakk om sjuåringar? Det er ei stund til puberteten set inn…

I innslaget på CNN er det òg nemnd bruk av hormon for å endra på kroppen til born, for å få dei meir feminine eller maskuline, alt etter kva dei identifiserer seg som. Men, alder er ikkje nemnd i det heile i innlegget (det eg oppfatta, i alle fall) anna enn at det er unge born det er snakk om. Og, er dei i puberteten, så er dei unge.

Det omstridte opplegget med behandling av unge born baserer seg heller ikkje på ein spesifikk alder, men at dei er så unge som dei er. Enno ikkje myndige, og så byrja fikla med hormon av ulike slag for å påverka kroppen? Det er jo snakk om drastiske og alvorlege ting her, og kva om borna ikkje er sikre, og ville angra på ei slik behandling? Er det ikkje betre å vera på sikre sida, og venta?

Det er vanskelege problem å ta stilling til, ingen lette løysingar er mogelege. Kva tid er me klar over kva kjønn me er? Eller kva kjønn me meiner me skulle vera? Som me ser i dokumentaren “Mitt hemmelege sjølv” så er borna svært unge der. Og for å dra problemstillinga litt nærare oss sjølve, uansett kven me er og kva me identifiserer oss som: Kor gamle var me då me vart klar over ulikskapen mellom gutar og jenter, og kor gamle var me då me fann ut kva kjønn me sjølve identifiserte oss med? For flesteparten av oss stemmer denne overeins med kroppen, så det har ikkje vore noko problem, men sjølve prosessen med å finna ut kven me er er jo felles. Så, kor gamle var me då me visste kva me identifiserte oss som, og var me sikre?

PS. Nokre er negative til NPR-artikkelen. På grunn av bruken av pronomen. Men artikkelforfattaren er òg svært negativ til dr Kenneth Zucker, kanskje med god grunn? Behandlinga hans minnar mykje om dr. John Money, og behandlinga av bl.a. David Reimer.

Tvetydig kjønn

Eg kom over ein liten episode i det vanlege lesestoffet mitt i dag, der det vart sagt om ein nyfødd baby: There don’t seem to be any sex organs. Male or female. Så kva gjer ein i slike tilfelle? Eg kan berre støtta meg til det eg har lese tidlegare her, og i følgje det var det tidlegare vanleg å operere desse borna ganske tidleg. Dei fekk då helst kjønnskorrigerande operasjon kvinneleg kjønnsorgan, sidan dette var enklast.

Grunnen til å gjennomføra tidlege operasjonar var jo med tanka på borna sitt beste. Dei skulle få oppleva ein normal barndom, og ikkje vera ulike dei andre borna, med dei eventuelle negative følgjer dette kunne ha. Dessutan, teorien var at det var oppsedinga av borna som avgjorde om dei ville kjenna seg som gutar eller jenter i oppveksten. Dr. John Money hadde jo òg gjennomført eit inngrep på ein av to tvillinggutar som hadde fått øydelagt penis ved rutinemessig omskjering, og denne guten vart oppseda som jente. Det var faktisk ein suksesshistorie, som viste at det biologiske kjønnet ikkje spelte ei rolle. Borna sin kjønnsidentitet kunne formast.

Vel, det var slik i følgje dr. Money, i alle fall. Guttungen sjølv fann seg aldri til rette som jente – han kjende seg alltid annaleis. At han eigentleg var gut. Den historien fortalde ikkje dr. Money, sjølv lenge etter at det vart kjent. Diverre, for det har nok ført til at mange med uklåre kjønnsorgan feilaktig har fått kjønnskorrigerande operasjon til jenter, sidan det var dr. Money sin historie som var kjent innan legestanden.

I dag er det visst helst slik at ein ventar med operasjon, til det blir klart kva kjønn barnet identifiserer seg som. Og det gir nok det beste resultatet for alle til slutt.

Det minnar meg om eit sitat frå Monty Pythons Meningen med livet: “- Vart det gut eller jente? spør den nybakte mora. – Er det ikkje litt tidleg å pressa barnet inn i samfunnet sine forventningar til kjønnsroller enno? svarar legen.” (Fritt etter minnet.)

Kjønn og klede

Det er ein ting mange lurar på, men som ikkje er så lett å gi svar på: Kva er det som får ein transe til å villa kle seg som dame? Ei transseksuell er lettare å forstå, sidan ho er ei dame, sjølv om kroppen er/var feil – men ein transvestitt er jo mann og har ingen ønske om å endra på det. Kvifor er så denne trongen til å kle seg som dame der?

Mine eigne tankar om dette er nok ikkje heilt ferdige, og det vil dei kanskje heller aldri bli. Eit forsøk på å visa kor vanskeleg det er å kunna gi eit fullgodt svar skal eg dog gjera, ved å snu på flisa og stilla spørsmålet tilbake: Kvifor føretrekk menn å kle seg i herreklede, og kvifor føretrekk kvinner å kle seg i kvinneklede? Tilsynelatande eit enkelt spørsmål, men eg har eit lite krav til forklaringane: De får ikkje lov å bruka at de er menn/kvinner til å grunngje svara, ei heller snittet til kleda.

Kvifor dette ekstra kravet? Vel – dersom ein transe er ein mann som kler seg som kvinne, så vil grunnen “fordi eg er mann” ikkje seia noko som helst om kvifor ein mann føretrekk herreklede. Det må altså heilt andre forklaingar til, men kva for nokre?

Snittet til kleda er heller ikkje eit argument, slikt er enkelt å ordna på, og det blir gjort. Du får kjøpt kjolar og skjørt og meir til tilpassa mannlege kroppar, om det er det som skal til. Og bukser, skjorter, dressar osv. til kvinner – vel, er det nokre som tvilar på at det går an?

Då spørst det då: Er det nokre som les dette som kunne tenkja seg å prøva koma med ei forklaring? Eg for min del er nemleg nyfiken og interessert i svara.