Gravid? Eg?

Gravid kvinne i profilEg vart teken for å vera ei dame. Det er smigrande nok det, men…

For å ta situasjonen frå byrjinga: Eg kom til busstoppen, bærande på ei lang pakke frå IKEA. Eg har lakkerte negler på tær og fingrar, høghælte sandalar, skjørt og genser. Ingen pupper, men til gjengjeld har eg ein del skjeggstubbar – slikt som ein får når ein ikkje barberer seg ein dag. På busstoppen stod det ei (søt) dame frå før, og me byrja no å snakka litt. Litt uti samtalen spør ho, på litt gebrokkent norsk, om eg er norsk. Og jo, eg måtte no innrømma det. Deretter peikar ho på magen min, og lurar på om eg er gravid…

No kunne eg jo ikkje anna enn å ta det med godt humør då – eg før heller sjå om eg greier å ta det som ein ekstra, liten spore for å slanka meg litt. Sjølv om eg ikkje er tjukk, i følgje andre… (Er berre litt tynn elles, utanom pondusen.)

Men eg har tenkt litt i ettertid, på korleis ho har tenkt; “Norske menn går ikkje i skjørt, vedkommande er norsk, ergo må det vera dame” – kanskje? Rettnok kan eg med todagarsskjegg sjå ei dame i spegelen sjølv, men at andre skulle gjera det? Uansett, bussen hennar kom då, så vår tid saman var over. Det siste ho sa var rett nok “Snakkest” – men eg har ikkje sett ho seinare, så sjølv om eg gjerne skulle ha snakka meir med ho så har ikkje det skjedd.