Supermodell, eg?

Dior-reklameEg gjekk berre rundt og kikka då den store sjansen til ære og lovord opna seg for meg. Å bli behandla som ei prinsesse, bli frakta rundt i limosin, bli dulla og stelt med av profesjonelle som kan det dei held på med, styla opp og fotografert, stor reportasje om meg og påfølgjande fanskare og autografskriving — alt kan bli mitt.

Teoretisk sett.

Vel, kanskje ikkje så heilt stor fanskare heller då, men pyttsann. Eg gjekk som nemnd rundt og kikka i butikkar, og plukka med meg ei lita brosjyre frå Esthetique. Dei og Dior inviterer til å bli med i kåringa av “Look of the Year” stod det der. Eg stoppa opp og kikka inni brosjyra, og fann ut at det er i samband med lanseringa av diverse nytt frå Dior at me i perioden 11. – 23. september kan få lagt makeup hjå Esthetique, og (om me ønsker det) bli teke bilete av for å bli med i kåringa om å bli “Look of the Year” og få ein draumedag som modell i Oslo. Ja, kvifor ikkje?

Eg gjekk inn eg og vart vakkert sminka etter alle kunstens reglar og i nye fargar. Plukka opp nokre tips gjorde eg òg, så no kan eg enno litt meir når eg sminkar meg sjølv. Alltid godt å plukka med seg meir kunnskap når ein kan, om både teknikkar, fargar, og gode produkt. Og til slutt så vart eg altså teke bilete av.

Så får me sjå då, korleis det går. Teoretisk sett så har eg sjansen til å bli ein av tre som går vidare til finalen i Oslo, og får SPA og ny frisyre og makeup og det, og teoretisk sett så kan eg gå av med seieren òg. Er eg heldig med teorien så kan eg altså oppleva å vera supermodell, om enn berre for ein dag. 😉

Folk er sprø

Jente som fotografererHistorien om korleis eit skjørt kan få folk til å oppføra seg langt utanom det normale.

Dette hende for ei god stund sidan, på ein tysdag. Eg berre nemner det i tilfelle nokon faktisk er interessert i den vesle biten av informasjonen. Nemnde tysdag hadde eg eit ærend i byen, og mens eg gjekk i gatene tok eg igjen ei gruppe menn og kvinner i tjueåra. Utlendingar.

Då eg kom opp på sida av dei, kasta ei av jentene eit blikk på meg og deretter skjørtet mitt, før ho fortsette som normalt. I eit sekund eller så. Deretter snudde ho seg mot meg, verkeleg såg på skjørtet, stoppa opp og hylte av glede (eller noko) som igjen førte til at resten av gjengen stoppa og snudde seg. Vel – eg gjekk ut i frå at ho likte skjørtet (eg gjer det, det er difor eg kjøpte det) men det sæg ut til at det var meir enn berre det;¹ ho gestikulerte mot meg for å få meg til å stoppa og rota febrilsk gjennom veska si. Til slutt fiska ho opp eit kamera. Ho snakka litt med dei andre og fekk ein av dei til å ta eit bilete, medan ho og dei andre stilte seg opp rundt meg. Ho tok òg tak i skjørtet mitt og drog litt i det, slik at detaljane var meir synlege. (Og fekk meg til å visa meir av beina i same slengen.)

Resten av dei kunne ikkje vera verre så klart, så det vart teke mange bilete. Ikkje at eg hadde noko i mot det, eg berre hygga meg eg, uansett kor rart det måtte synast å vera. Til slutt så var ikkje jenta som starta det heile heilt nøgd, dog. Ho ville ha eit bilete av kun oss to. Poserande på ein spesiell måte, fann eg ut. Ho fekk meg til å halda posen eg bar på i andre handa, opna glidelåsen i jakka si, tok tak i den no tomme høgrehanda mi og plasserte ho på barmen hennar. Eller puppene, om du vil. På dette punktet kunne eg ikkje anna enn å le høgt, men ho fekk biletet sitt.

Etterpå skildest me og gjekk kvar vår veg. Dei smilande og lukkelege, pratande på eit språk eg aldri forstod eit ord av, og eg gjekk og smålo for meg sjølv, og vinka farvel. Og eg hadde lært ein ting til den dagen: Folk er sprø.

¹) Det kan jo hende at det at eg var mann, og framstod som det, hadde meir å seia enn detaljane i skjørtet…