Talentlaust?

Fredagskveldane så har eg kost meg litt med “Norske talenter” på TV2 eg. Inkludert no sist fredag. Eitt av innslaga som gjekk vidare, var den samiske rapgruppa Duolva Duottar – men ikkje heilt utan krangel og kontrovers. Thomas Giertsen likte nemleg ikkje det han høyrde. Det kunne jo for så vidt vore heilt greitt det, alle har jo ikkje sansen for rap, og alle er heller ikkje talentfulle – men grunnen til det negative her var altså at dei rappa på samisk, og det forstod ikkje herr Giertsen. Slikt blir det jo bråk av, men Giertsen synest dei to andre var hyklarar – dei hadde jo trykt på knappen sin dei òg, og avbrote framsyninga.

Han har jo eit poeng der. Kvifor avbryta rapparane, om dei hadde lyst å senda dei vidare?

Personleg så har eg ikkje så særleg mykje til overs for rap, vanlegvis, men denne gongen vart eg skuffa då alle tre kryssa lyste raudt på tavla. Eg hadde lyst å høyra dei rappa ferdig, eg. At dei rappa på samisk hadde slett ingenting å seia. Eller – ingenting negativt, i alle fall. Dei som har sett og høyrd gjennom musikkvideoane eg har her i bloggen, har nok høyrd japansk, koreansk, thailandsk og hebraisk, om eg ikkje hugsar feil. Sjølv fattar eg ikkje bæret av desse språka, men eg har no sansen for musikken og songen likevel. Personleg har eg enno fleire uforståelege tungemål i musikksamlinga mi – arabisk, urdu, ungarsk, tjekkisk, fransk og masse meir. Eg er kanskje litt sær sånn, men song på språk eg ikkje forstår er berre spanande det. Og éin ting er i alle fall sikkert: Talentet til alle dei artistane forsvinn ikkje sjølv om innhaldet i det dei syng om er noko eg ikkje får med meg. Så òg med dei samiske rapparane. Eg er glad dei vart sendt vidare.

Berre håpar eg får høyra dei ferdig neste gong.

Eingongsføljetongen

Eit fortvila rop om hjelp.

Vel – kanskje ikkje fortvila, men… Uansett, det eg så gjerne vil veta, er meir informasjon om Eingongsføljetongen, ein liten komiserie som gjekk på NRK i hine hårde dagar. Det vil seie, kort tid før fiaskoen “Herfra til Haglemoen” vart sendt på same kanal – hausten 1980. Eg meinar det var Monty Python-gjengen som stod bak denne, men eg kan ta feil her, men det var i svart/kvitt i alle fall. Hugsar berre éin episode: Ein person var fanga inne i eit gammalt (smuglar?)hus, og alle utgongar var sperra. Ingen måte å koma seg ut på, om det ikkje var nokre skjulte panel og fluktruter då. Han slo frustrert i veggen, og sjølvsagt opna det seg mange skulte panel, over alt i rommet. Så han greidde å flykta.

NRK gav serien namnet “Eingongsføljetongen” (trur faktisk dei skreiv det på nynorsk) men kva var det originale namnet? Var det Monty Python-gjengen som stod bak, og er det råd å få tak i serien? Det er jo ikkje så mykje eg hugsar, men eg hugsar eg likte serien, og eg må jo ha hatt ein god grunn til det? Sjølv om eg ikkje var så gammal då …

Så spørst det då, om det finst nokre som veit svara – og les dette…