Transedans

Eg ser ikkje så overvettes mykje på TV, men “Skal vi danse?” er eitt av programma eg vil ha med meg. Både fordi eg synest det kort og godt er gøy å sjå på, ein del fin dans og ein del fine damer inkludert, men òg fordi det er litt spennande å følgja med på Esben Esther. Eg vil tru det ikkje er så veldig overraskande.

Ein del av denne spenninga har si årsak i at eg er spent på korleis både dommarar og publikum reagerer ut over etter kvart som programmet går. Etter dei to første programma, så har me i alle fall fått sjå at dommarane har litt problem med at eitt av para ikkje er eit reint dame/mann-par. Problem på den måten at dei kan bli litt forvirra, i det minste, og ikkje heilt greier å tilpassa reglane for dans til situasjonen. I følgje dei burde nok Esben Esther ha kutta ut ein del av seg sjølv, og dansa enten som mann, eller som dame med mannleg partner. Litt enklare for publikum då, som slepp ta omsyn til reglar for tokjønna dans, men kan la Esben Esther få dansa som seg sjølv og ikkje ta på seg ei bestemt rolle.

Stemmegivinga til publikum viser jo òg at dei ikkje har problem med det transkjønna i dansen, så Esben Esther får me sjå igjen neste gong òg, og enno ein sjanse til å bli van med det uvanlege. Og apropos det: Hyggeleg å sjå Dorthe Skappel i “God kveld, Norge” etterpå bruka det personlege pronomet “hin” om Esben Esther. Det er å ta transar på alvor, å setja seg inn i korleis ein kan og bør omtala dei. (Så sant andre preferansar ikkje er kjende.)

Tango for tre?

Espen Esther og Ingrid BeateDet er tid for nye sesongar av kjente, elska og hata show på TV, som t.d. “Idol”, “Jakten på kjærligheten”, “Senkveld”, “Golden goal” og så klart “Skal vi danse” – og det er sistnemnde som har ein liten ekstra vri denne tredje sesongen. Med som deltakar er rikstransen Esben Esther, så ville dansepartneren vera mann eller kvinne?

Ingrid Beate Thompson må nok seiast å vera kvinne, men så spørst det jo korleis Esben Esther vil opptre då. I det paret kan dei jo for så vidt velja mellom to kvinner og ein mann… Det er nok ikkje så heilt galt å gå ut i frå at dei nok vil prøva å variere litt på det feltet, om dei får sjansen, men litt spennande blir det å sjå korleis dei har tenkt å løyse koreografien. Om det er Esther som skal dansa, blir dei då to damer på golvet, eller vil Ingrid Beate vera “mannen” i dansen? Og sidan det har vore ein sterk tendens til at damene har blitt løfta opp frå golvet og svingt litt rundt, så kan det òg bli interessant å sjå. Klart, det er jo alltid råd å gå for litt komikk, eller i alle fall utradisjonelt, og la dama løfta mannen?

Eg for min del er òg spent på korleis dei vil gjera det poengmessig, både hjå dommarane og ikkje minst innringarane; ikkje alle har like stor sans for Esben Esther, men andre igjen kan jo ha ekstra stor sans? Underteikna har i alle fall lyst til å sjå det paret i meir enn to episodar. Kor mange episodar kjem jo likevel an på kor gode dei er – eg vil jo uansett at det beste paret skal vinna. Uansett, konkurrenten Mona Grudt trur i alle fall at han kan vinna på sjarmen, i følge Stavanger Aftenblad (papirutgåva) for det har han i alle fall, seier ho. Ho vart spurt om kven ho trur blir den tøffaste motstandaren.

Og apropos sjarme – det gledar meg å sjå at Kristian Ødegaard blir Guri Solbers sin makker denne sesongen. Han gjer seg nok godt som programleiar her òg, tenkjer eg. 🙂