Hamskifte

Av og til er det godt å skifta ham
Archive for October 11th, 2008

Eg er i live

Og eg har byrja på eit nytt og betre liv.

Eller – i alle fall eit nytt liv. No er det ikkje eit stort og definitivt brot med livet eg har ført til no, langt der i frå. Det nye kjem berre i tillegg til det gamle. Eit liv nummer to, om du vil. På framandlandsk seier dei Second Life.
Bilete av meg i 2nd Life
Eg har i grunnen ikkje så mykje å seia om det no – er ikkje så lenge sidan eg kom i gong der, så det ville uansett ikkje vera det mest spennande eventyra eg kunne fortelja om. Ville berre gi eit aldri så lite livsteikn frå meg, og kanskje det blir litt meir frå den kanten her i bloggen seinare…

3 comments