20 kroner

Det er ikkje så mykje du kan få i dag for 20 kroner, seiest det. Ikkje fornuftige ting. Skjønt – kanskje det kjem an på korleis du investerer pengane? Følgjande episode tok stad i den perioden då eg hadde litt vel store problem med PC-en min, så eg har ikkje vore i særleg humør til å rabla ned dette før no, hyggeleg som det elles er.

På enkelte arbeidsstadar har dei av og til vinlotteri – så òg der eg arbeider. No trur du kanskje at eg vann ei flaske vin for desse 20 kronene, sidan eg finn det verd å skriva om denne episoden. Men det stemmer nok ikkje heilt, så berre ta det med ro og les vidare.

Men eg kjøpte altså lodd. For 20 kroner – i dette lotteriet vil det seia to lodd, og eg funderte lenge på kva loddbøker eg skulle ta lodda frå. Med fire ulike fargar å velgja mellom var ikkje det ei lett oppgåve – veka før hadde eg kjøpt rosa lodd, men då var det berre blå som vann. Men grøn var òg ein fin farge. Det vart eitt blått og eit grønt lodd på meg denne gongen, for å spre kapitalen litt. Vår betrudde kollega fór ut før lunsj og kjøpte inn vin for pengane som kom inn.

Vel, lunsjtida kom, og me samla oss alle rundt lunsjbordet – samtidig. Litt uvanleg det, men så er det ikkje kvar dag det er loddtrekning, då. Lodda våre hadde me lagt på bordet framfor oss, slik at me lett kunne sjå om me hadde vunne, og det var tid for å trekka. Ein av oss vart plukka tilfeldig ut til å trekka første loddet, og så ville vinnaren trekka neste lodd.

Ei flaske vart vunne, så vann sidemannen mi ei, og han trekte neste. Og jammen santen, så vann han ikkje på loddet han sjølv plukka ut. 2 vinflasker på rappen! No hadde han rettnok kjøpt lodd for meir enn 20 kroner då, men det var no bra utteljing likevel. Så plukka han opp enno eit lodd frå skåla eg heldt opp – og denne gongen vart vinnaren meg. Jada, eg veit eg sa eg ikkje vann ei flaske for dei 20 kronene mine, men ber over med meg – eg måtte jo halda på spenninga litt … 😉 Så var det min tur å trekka. Eg rota rundt nedi skåla og såg etter kva nummer det var, sa det høgt, men måtte berre le litt. Nei, det var ikkje sidemannen som hadde vunne enno ei, som nokre lurte på, men eg måtte jo følgja opp eg og. Det var det andre loddet mitt som hadde slått til…

Resten av flaskene vart spreidd jamt rundt bordet, men eg hadde altså fått full pott på mine to lodd. Det er vel ikkje så aller verst? Synest det var ei bra investering eg, denne gongen.

PS. Flaskene er ikkje opna enno, så om det er ei søte jente som har lyst å dela dei med meg over ein romantisk middag… 😉